God pressedekning av nasjonal strategi, men …

… ikkje bibliotekstrategien.

Biblioteka har ein veg å gå med norsk presse. Oppslaga frå lanseringa av bibliotekstrategien måndag var alle baserte på NTB eller NPK sine svært korte meldingar, som igjen bygde direkte på Kulturdepartementet si pressemelding*. Mens pressedekninga frå lanseringa av regjeringas nasjonale spelstrategi alt i løpet av eit døgn har fått ganske brei og variert dekning. Men vi likte at lanseringa fann stad på Bergen offentlige bibliotek. 

* Vi ser no at den fleirkulturelle nettportalen Utrop.no likevel kan ha vore på lanseringa av bibliotekstrategien. I alle fall har dei ei litt eiga vinkling.

Ikkje falske, men PR-pynta nyheiter

Skjermbilde 2018-08-22 15.39.56Det er altså valkamp, og i Kommunal Rapport les vi om Trygve Slagsvold Vedum: «Sp vil nekte staten å bruke PR-rådgivere.» Og vidare: «Staten har i første halvår brukt 350 millioner kroner på «konsulenttjenester til organisasjonsutvikling og kommunikasjonsrådgivning». Burde vært 0, mener Sp.»

To spørsmål: Kor ofte går ei statleg eller kommunal myndigheit eller kontor ut og seier eller skriv noko som kan tolkast som negativt om dei sjølve? Nei, for dei har gode, og dyre, PR-rådgjevarar. Førekjem det at ei statleg eller kommunal myndigheit eller kontor gjer noko som er negativt for personar, grupper, samfunnet, miljøet osv.? Treng vi svare?

Pressa og interessegrupper får korrigert noko av denne «kommunikasjonen», men langtfrå alt. Kva om biblioteka hadde fått litt av dei 350 millionane i dette hausthalvåret til den no strategiske oppgåva å motarbeide falske fakta?

Dei kunne då fått råd til å samarbeide i nettverk om å leggje ut litteraturtips og motinformasjon på heimesidene sine.

Bibliotekstrategiar under kapitalismen

scotts snake
Ein strategi frå den amerikanske borgarkrigen. Ingen bør kjenne seg trefte, for å finne ein illustrasjon her var ikkje enkelt. Kjelde: Library of Congress

Den nasjonale bibliotekstrategien for 2020-2023 blei lansert måndag under namnet Rom for demokrati og dannelse. Følgjarane på denne bloggen forstår at tittelen slår an her i garden. Men korleis blir innhaldet og gjennomføringa, for å spørje som dommarane i kunstløp? Det avheng sjølvsagt av pengane på begge, eller alle tre, budsjettnivåa. Og av viljen og evna til å omsetje vyane i konkrete tenester for bibliotekbrukarane.

Men først (og kanskje viktigast, skal ein døme etter tittelen ovanfor): Dette er framleis, som den førre, aller mest ein statleg strategi for det statlege Nasjonalbiblioteket. Og så dryp det litt på kommunane og folke- og skolebiblioteka deira. Slik er og må alle slike statlege strategiar vere i vår tid, også medrekna den svenske av året, berre at dei får mykje meir pengar til bibliotekopprusting i kommunane enn her (sjå fotnoten nedanfor med litt historisk og anna utdjuping).

I den norske nasjonale bibliotekstrategien blir vi presenterte for ei liste med seks tiltak innan formidling (dei to andre «hovedlinjene» er samarbeid og utvikling og infrastruktur, men dei lar vi liggje no). Her er dei tre første og etter vår meining viktigaste formidlingstiltaka: Les mer «Bibliotekstrategiar under kapitalismen»

Hugs tidsskrifta (3)

tfk_2019_03_2xPå denne bloggen er vi opptekne av seriøse norske tidsskrift, særleg kulturtidsskrifta, men også fagtidsskrift med relativt brei appell. Vi meiner folkebiblioteka bør formidle dei meir aktivt, noko også leiaren i Norsk Bibliotekforening signaliserte i Dagsnytt18 nyleg.

Det aller ferskaste på tidsskriftportalen Idunn.no er Tidsskrift for kjønnsforskning, nr. 3, 2019. Statistikkane fortel oss at ein del fleire kvinner enn menn er bibliotekbrukarar, og kan hende er dei også i overtal når det gjeld interesse for kjønnsforsking og innhaldet i dette nummeret; kjønnsbalanse i politikken.

Så kvifor ikkje lage ein plakat i biblioteket, digital og/eller analog, om innhaldet i dette nummeret, og gjerne med forteikninga over innhaldet: Les mer «Hugs tidsskrifta (3)»

Ein litt for spennande bibliotekhaust

Skjermbilde 2019-09-03 13.36.05
Bompengar. Roadmovie. Roadbook. Klikk og kikk

Vi skreiv om det for ei veke sidan, om at kommunebudsjettet kan bli sitjande med ein kolsvart svarteper når regjeringa, med Siv Jensen i si sentrale rolle, skal sy bompengeforliket saman med statsbudsjettet for 2020. Og då kan det bli ekstra svart for biblioteket i fleire kommunar. Eigedomsskatten skal jo også ned.

Til Klassekampen i dag seier Ketil Raknes, SV-ar og tidlegare politisk rådgjevar i Kunnskapsdepartementet og statssekretær i Miljøverndepartementet, at «En ekstremt viktig driver for økte utgifter, er at Nasjonal transportplan ikke er et bindende dokument. Det kan sammenlignes med en stor samling uforpliktende politiske løfter. NTP er bare hva politikere ønsker å gjøre dersom de har ubegrenset med penger. Så er det slik at det er statsbudsjettet hvert år som er bindende. Og der må samferdsel inn og konkurrere med sykehus, skole, miljø og pensjoner.»

Nye verktøy for demokratibiblioteket

24 P
Gå ned og «Les videre» for forklaring på denne illustrasjonen

Det norske folkebiblioteket har i biblioteklova fleire føringar for å fremje opplysing, debatt m.m., og dermed demokrati. Det meste av dette skjer med utgangspunkt i digitale eller trykte åndsverk, for å seie det slik, tekstar og anna frå forlag og redaksjonar. Men også på andre nivå finst det viktig informasjon for demokratiet, blant anna i korrespondanse osv. registrert i postjournalar.

Den enkelte statsborgaren har rett til innsyn i myndigheitene sin bruk av sine eigne personopplysningar, men ålmenta har også rett til innsyn i mykje av dokumenta i dei politiske og byråkratiske prosessane. Og biblioteket må kunne informere og sikre at folk får nytta desse rettane, spesielt når myndigheitene sjølv, eller pressa, sviktar. Mulegheitene til unnaluring er mange, frå å «gløyme» å journalføre ein pinsam e-post til Elf Aquitaine-skandalane som Eva Joly brukte år på å avsløre.

Dette er så viktig at innsyn lenge har vore ein lovbestemd rett i Noreg og dei fleste landa vi samanliknar oss med (men vi skal ikkje bli kjepphøge; i ei fersk kartlegging kjem Oslo dårlegare ut enn … Les mer «Nye verktøy for demokratibiblioteket»

Den gode snublinga

tidsskrift lørenskogDebatten om kulturtidsskrifta, som vi tok fatt i for ei veke sidan, går no vidare på debattsidene i Klassekampen, men med vekt på om honorara for bokmeldingar i tidsskrift må følgje satsane til Norsk kritikerlag. I går svarte Therese Bjørneboe på eit innlegg om dette, men her på bloggen tar vi fatt i eit anna spor i debatten, nemleg om framtida til papirtidsskriftet. Bjørneboe avsluttar slik:

«De som ønsker omlegging til bare digitale formater, vender det døve øret til undersøkelser som viser at folks lesevaner endrer seg. Man bruker langt mindre tid på artikler på nett. Hva angår tidsskrift, har ting som publiseres på nett det med å «forsvinne». Når man blar i eldre årganger i hylla hjemme, eller på et bibliotek (apropos nedleggingen av innkjøpsordningen), snubler man over helt andre artikler enn man ville søkt etter på nettet. Anmeldelser som formidler noe om tidsånden, eller den nære idéhistorien. Tidsskrift har en annen historisk dokumentasjonsfunksjon på papir.»

Deichmanframtida «ikke skrevet i stein»

Skjermbilde 2019-08-30 23.12.34
Skrift i stein. (Wikimedia Commons)

Som vi tidlegare i sommar har vore inne på, har spørsmålet om utleige av inntil 40 prosent av arealet på Nye Deichman blitt ei heit potet i Oslo-valkampen. Bibliotekarforbundet i samarbeid med Fagforbundet Kultur arrangerte torsdag eit ope møte der dei fleste politiske partia dukka opp. Særleg det sitjande raud-grøne byrådet fekk kraftig motbør for planane, blant anna av tidlegare biblioteksjef Liv Sæteren (også flittig sitert her på bloggen). Ifølgje nettstaden til Bibliotekarforbundet «lovet et samlet panel at ingenting var skrevet i stein» (mens ein poet frå same austkant meinte skrift i sand heller ikkje var nokon god idé).

Det viser seg også at bemanninga av det nye hovudbiblioteket er eit problem. Dei skal klare seg med 33 årsverk, som no. Då er det kanskje like greitt at det same dag var det nye hovudbiblioteket i Helsingfors som vann prisen «Verdas beste folkebibliotek» under bibliotekarane sin verdskongress i Athen. For med svenske Kistad som vinnar i 2015 og danske Århus i 2017, er jo ikkje ein norsk vinnar muleg før … tja … ikkje før ein maskin med kunstig intelligens skriv ein prisvinnarroman, noko vi nyleg las at først vil skje i 2049.

NBs digitalisering på Stortinget

BAF-forum-1992-2-210x300
Ikkje digitalisert pr. 30.8.2019

Bibliotek var i førre veke ei sak i Dagsnytt18 og er i dag ei sak på Stortinget, men i begge høve berre indirekte. I Dagsnytt18 var biblioteket eit sidespor (men viktig nok) i saka om Kulturrådet sitt kutt i tidsskriftstøtta, og no på Stortinget er Nasjonalbiblioteket i Mo i Rana nemnt fordi dei berre kan ta imot nokre få av dei arbeidsledige etter at NRKs lisenskontor blir stengt på nyåret. Utan at dét er NB sin feil.

Men 70 nye stillingar til digitalisering får altså NB. Vi håpar det skal få fart i digitaliseringa av tidsskrift, ikkje minst bibliotektidsskrift som per 30. august 2019, med eit par unntak, har store hol i Bokhylla.no.

I denne lista med eit utval bibliotektidsskrift kan du følgje med på framdrifta ved å klikke tidsskriftnamnet (Merk: Eit par opne spørsmål til NB nedanfor): Les mer «NBs digitalisering på Stortinget»

Stilt som i …

stille silence plakat skilt

Det er jo fredag og vi byr på åtte timar og tjueni sekund med lyden av bibliotek, eller meir presist god, gammal stille lesesal. Vi finn også god, gammal, men til alt hell avskaffa hysjing, men denne er tre sekund kortare. Om det kan vere ei trøyst.

Vi har leita, men finn ikkje biblioteklyd i sann tid, anno 2019.

Litt apropos: I Gert Nygårdshaug si bok «Budbringeren» blir etterforskar Skarphedin Olsen transportert i «en svart, militær SUV som gikk like stille som et bibliotek».

Reprisetimen (1)

Då Frode Bakken tysdag kveld på fagforumet Biblioteknorge delte det viktige intervjuet eg gjorde med bibliotekprofessor Joacim Hansson i mai 2018, har det på under to døgn ført til 316 nye nedlastingar!

Det inspirerte til ein ny serie her på bloggen: Reprisetimen! I dag tar vi fram frå gløymsla artikkelen «Behovet for informasjon og kommunikasjon i De Alternative Faktas Tidsalder», av endå ein klok professor, R. David Lankes, som han gav oss lov å omsetje til norsk i mars 2017.

Tidsskriftrealitetane frå og med september

Narvesen Moss aug19 AI bakgrunnen for debattane om kulturtidsskrifta i Klassekampen og så i NRKs Dagsnytt18 fredag (oppsummert her på bloggen) ligg også at den svenske distributøren Tidsam har sagt opp avtalen om rundt tretti norske tidsskrift av denne typen. Så frå september vil dei ikke lenger finnast hos Narvesen.

Vi tok i går nokre foto på Narvesen på jernbanestasjonen i Moss som viser følgjene av dette.

Fotoet ovanfor er eit lite utsnitt av ein av veggane med tidsskrift som framleis vil vere tilgjengeleg i småbyen (trass i auke til over 50 tusen innbyggjarar etter samanslåinga med Rygge på nyåret).

Og her er fleire døme: Les mer «Tidsskriftrealitetane frå og med september»

– Å snakke ut tidsskrift av hyllene skal lite til!

Samanlikna med oppslaget i Klassekampen i går kom det noko nytt og bra ut av det ti minutters innslaget på NRKs Dagsnytt 18 i kveld (frå 50 minutt ut i programmet). NBF-leiar Mariann Schjeide avslutta med det vi skriv i tittelen her: Formidlinga i biblioteket av innhaldet i dei norske kulturtidsskrifta er viktig. Bibliotekarane må snakke tidsskrifta ut av hyllene, «og det skal lite til»!

Her på bloggen skal vi halde fram med å bidra til utsnakkings-dugnaden med konkrete idear. Vi presenterte eit par idear i går og i dag. Vi har fleire på lur. Leve kunnskapsbiblioteket!