Bibliotekstrategiar under kapitalismen

scotts snake

Ein strategi frå den amerikanske borgarkrigen. Ingen bør kjenne seg trefte, for å finne ein illustrasjon her var ikkje enkelt. Kjelde: Library of Congress

Den nasjonale bibliotekstrategien for 2020-2023 blei lansert måndag under namnet Rom for demokrati og dannelse. Følgjarane på denne bloggen forstår at tittelen slår an her i garden. Men korleis blir innhaldet og gjennomføringa, for å spørje som dommarane i kunstløp? Det avheng sjølvsagt av pengane på begge, eller alle tre, budsjettnivåa. Og av viljen og evna til å omsetje vyane i konkrete tenester for bibliotekbrukarane.

Men først (og kanskje viktigast, skal ein døme etter tittelen ovanfor): Dette er framleis, som den førre, aller mest ein statleg strategi for det statlege Nasjonalbiblioteket. Og så dryp det litt på kommunane og folke- og skolebiblioteka deira. Slik er og må alle slike statlege strategiar vere i vår tid, også medrekna den svenske av året, berre at dei får mykje meir pengar til bibliotekopprusting i kommunane enn her (sjå fotnoten nedanfor med litt historisk og anna utdjuping).

I den norske nasjonale bibliotekstrategien blir vi presenterte for ei liste med seks tiltak innan formidling (dei to andre «hovedlinjene» er samarbeid og utvikling og infrastruktur, men dei lar vi liggje no). Her er dei tre første og etter vår meining viktigaste formidlingstiltaka:

  • Nasjonalbiblioteket skal årlig lyse ut midler til aktiv formidling, slik at folkebibliotek og fylkesbibliotek i hele landet kan skape gode tiltak for å styrke lesingen og øke utlånet av fysisk og digitalt materiale fra samlingene.
  • Nasjonalbiblioteket skal sette i gang prosjekter knyttet til oppsøkende bibliotekvirksomhet for å nå frem til nye brukergrupper/lesere, blant annet i skolen.
  • Nasjonalbiblioteket vil støtte tiltak som utvikler metoder for digital formidling.

Kunnskapsbiblioteket – nærmar det seg?

Særleg når vi ser dette i samanheng med den førre strategien, som dei ofte viser til, og lovtillegget frå 2014 om «uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt», forstår vi at det ikkje berre blir formidling av skjønn-, men også faglitteratur, med eit anna ord regelrett Kunnskap. Også formidling av digitalt innhald og kunnskap frå det opne Nettet er nemnt.

Ordet kunnskap går igjen over alt i dokumentet (faktisk nøyaktig dobbelt så ofte som i den førre strategien; 77 mot 34. 🙂 Sidetalet er rett nok høgare no; 44 mot 36).

Eit vilkår for suksess er stor fridom og kreativitet i utvikling av konkrete formidlingstenester. NB si prosjektstøtte blir avgjerande (som i oppstarten av «debattbiblioteket» i 2014), men strategiforfattarane er klåre på at tenestene må pønskast ut og testast ute i biblioteka (ikkje ulikt då danskane idémyldra fram dei mange Netbibliotekerne sine for ti-femten år sidan. Nokre kravde statleg leiing og ressursar, mens andre blei starta av gruppar av lokale bibliotek).

Tromsø bibliotek BTS

Tromsø har ikkje berre eit fantastisk bibliotek midt i byen, men også eit fantastisk fylkesbibliotek. Bloggaren knipsa førstnemnde bibliotek i desember 2007

Tromsprosjektet

Nokre er alt i gang med prosjekt, les vi i strategien. Dei nemner konkret Troms fylkesbibliotek sitt prosjekt «Folkebibliotek som kunnskapsaktør». I prosjektsøknaden frå Troms les vi at dei vil «gjøre folkebibliotekene i Troms mest mulig relevante for sine lokalsamfunn …». Tromsprosjektet blei unnfanga alt tidleg i 2017, og vi veit ikkje, men tar ein tjangs på at strategigruppa i departementet anten adopterte ideane straks dei kom dit nordfrå, eller i alle fall fekk ideane sine godt stadfesta.

Når det gjeld utviklingsprosjekt står det at prosjektmidla «skal ha verdi utover det enkelte bibliotek» og at «Nasjonalbiblioteket skal være aktive i sin forvaltning av utviklingsmidlene for å få en best mulig effekt.» Vi er ikkje hundre prosent sikre på kva det siste betyr, men får ei kjensle av at kritikken har blitt lytta til om at fleire NB-prosjekt har det vore vanskeleg å finne sluttrapportar frå.

Samarbeid mellom bibliotektypar

Prosjektet i Troms er utvikla i samarbeid med Universitetsbiblioteket UiT, ein samarbeidsmodell mellom bibliotektypar som også strategien går eksplisitt inn for. Så er det samtidig grunn til å nemne at UH-biblioteka og Kunnskapsdepartementet er tydlegare til stades i denne strategien enn i den førre.

Og Sanner sjølv var faktisk med og smilte til fotografane under lanseringa på Furuset. Pluss Iselin Nybø, den norske ministeren vi har skrytt mest av på denne bloggen (truleg også den einaste vi har skrytt av).

Apropos fagbibliotek, så kan ein i strategien sakne den mangfaldige gruppa fagbibliotek som er organisert i Forum for biblotekarer i små fagbibliotek. Det trengst ikkje stor fantasi for å tenkje seg at også slike kan samarbeide om formidling, slike som Arbeiderbevegelsens arkiv og bibliotek, Mangfolds- og migrasjonsbiblioteket (Imdi) og Norad-biblioteket.

Ein ny tendens? Eller også trend?

Ein kan velje å sjå bibliotekstrategien og Troms-prosjeket i samanheng med visse teikn i tida, ein relativt internasjonal tendens eller til og med starten på ein trend, jamvel om heller ikkje dette er konkretisert i form av så mange publikumstenester enno:

Eitt av teikna såg vi i Athen i førre veke (vel, bloggen var jo ikkje representert der. Så distanserte frå dette er vi, at vi heile tida, inntil 6.9., trudde, og skreiv, at det var i Dublin): Der la IFLA fram ein ny strategi der biblioteka skal satse på å fremje demokrati og auka deltaking på grasrota, og dermed spele ei viktigare rolle i samfunnet: «A strong and united library field powering literate, informed and participative societies». Noko som må handle om mykje meir enn utlån av romanar og dataspel.

Samtidig held den US-amerikanske forfattaren og professoren R. David Lankes foredrag over heile verda om at bibliotek må bidra til forbetring av samfunnstilhøva gjennom aktivt og målretta å spreie kunnskap. Og han og fleire andre avviser no det gamle idealet om det nøytrale biblioteket: «… if librarians value intellectual freedom, they are hardly neutral or dispassionate».

Men han er ikkje den første; dette har lenge vore tema i enkelte bibliotekpolitiske nettverk, til dømes det USA-baserte Progressive Librarians Guild.

Eit anna vilkår for formidlingssuksess er dette som Nasjonalbiblioteket har vore gode på heile vegen, nemleg digitalisering, og dette skal «styrkes ytterligere. Målet er å frigjøre ressurser i bibliotekene slik at disse kan brukes til publikumsrettet arbeid.»

Men då må ikkje bibliotekarstillingar i mellomtida forsvinne i hopetal, som i UK, særleg, og i Danmark etter kommunesamanslåingane. Og det må ikkje bli endå enklare enn i dag å få dispensasjon frå kravet om biblioteksjef med bibliotekhøgskoleutdanning.

Falske fakta, men falske forhåpningar?

Eit søk i Atekst i dag kjem opp med sju treff på «bibliotekstrategi», to døgn etter lanseringa. Fem av dei er mest kopi av dei svært korte meldingane frå NTB og NPK, som igjen mest berre kopierer pressemeldinga frå departementa. Men begge byråa og kopistane deira fokuserer i overskriftene på biblioteka som «motkraft til spredning av falske nyheter», slik kulturministeren uttrykker det. For falske fakta og nyheiter er kjent nok og konkret nok til at folk klikkar og les.

fakta tromsø

Også eit foto frå Tromsø bibliotek i 2007. Kan hende ikkje like flatterande. Eller kan hende ein samlingsansvarleg med sans for ironi.

Til Kommunal Rapport (som altså har det frå NTB, som igjen har det frå deptet) seier Skei Grande: «Regjeringen ønsker at biblioteket skal være et naturlig sted å henvende seg for den som ønsker å skille mellom ekte og falske nyheter, mellom gode og dårlige kunnskapskilder.»

Jau, biblioteket har bøker, tidsskrift og aviser frå i hovudsak seriøse forlag og redaksjonar som forsøker å formidle sanningar. Men er det verkeleg slik at folk kjem, ringer eller mailar biblioteket med spørsmål når dei lurer på om ein informasjon, tekst eller video er falsk?

Om dei prøver Bokhylla.no, ei fantastisk teneste på mange måtar, så er det aller meste snart minst tjue år gammalt, og tenesta er dermed dørgande full av falske fakta (strategane skriv rett nok at «Nasjonalbiblioteket skal forhandle med Kopinor om en utvidelse av Bokhylla-avtalen.»).

Og forskinga rundt mottrekk mot falske fakta er intens. Her på bloggen hadde vi i april ein artikkel med tittelen «Biblioteka forstår seg ikkje på falske nyheiter». Promblemet er, ifølgje M. Connor Sullivan, bibliotekar ved Harvard, at «den gode informasjonen» [frå til dømes biblioteket, vår merknad] fyller ikkje eit tomrom, det må i staden vinne over falske nyheiter som alt er forankra i hovudet. Forskarar har kome til at …dette er ei mykje vanskelegare oppgåve».

Og den internasjonale bibliotekkampanjen mot falske fakta kan vi ikkje sjå at gav seg utslag i anna enn nokre plakatar i biblioteka og på nokre heimesider om kva folk bør passe på når dei les på Nett og i pressa. Men skriv gjerne i kommentarfeltet om bibliotek som gjorde noko vesentleg meir!

>> Og kommentarar har det kome. Både frå Buskerud og Finland. Sjå nedanfor.

Her trengst det verkeleg kreativitet og lokale eksperiment.

>> Her på bloggen vil det snart kome ei side med idear til aktiv formidling på Nett og i det fysiske biblioteket, mest basert på ting vi alt i fleire år har skrive om i blogginnlegg.

Skolebibliotek (kvifor blir alltid skolebibliotek ein «tarm» på slutten av alle slike dokument?)

No er det snart slutt (men det kunne vore mykje meir):

Når det gjeld støtta frå Utdanningsdirektoratet til skolebibliotek for å styrke arbeidet med lesestimulering, så blir «satsingsperioden» forlenga med to år, les vi i strategien. I år utlyste dei «inntil 14 millioner kroner» (?) som blei fordelte på 27 kommunar». Men det er ikkje mykje å skryte av når dei sjølv informerer om at «andelen lærere med videreutdanning i skolebibliotekkunnskap har falt fra 15 til 8 prosent fra 2009 til 2018. I videregående opplæring har andelen av fagutdannede bibliotekarer falt fra omtrent halvparten i 2009 og 2013 til i underkant av en femdel i 2018.»

Ein historisk, allmenn fotnote (ein ganske lang ein):

Den nasjonale bibliotekstrategien for 2020-2023 er framleis, som den førre, aller mest ein statleg strategi for det statlege Nasjonalbiblioteket. Og så dryp det litt på kommunane og folke- og skolebiblioteka deira. Men slik er og må alle slike statlege strategiar vere i vår tid, også medrekna den svenske av året, berre at kommunane der får mykje meir pengar til opprusting enn her (opprusting ≠ og > utvikling).

Allen the front

Har lenge ønska å bruke dette, frå nest siste scena i Woody Allens film «The Front» frå 1976, om svartelistinga av kommunistar og -sympatisørar i USA på 1950-talet. Klikk og kikk. Men heller ikkje her skal nokon i Bibliotek-Noreg kjenne seg trefte. Verkeleg ikkje. Les nedanfor og forstå.

Men dette er ein logisk konsekvens av utviklinga av heile det økonomisk-politiske systemet dei siste generasjonane. Ved biblioteklovrevisjonen i 1971 var vi i slutten på den sosialdemokratiske, styrte velferdskapitalismen, der det framleis var gangbart å påleggje kommunane ein viss minimumsstandard (normar) på bibliotektenestene. I 1982 kutta Stortinget ut normane, noko som blei orsaka med at minimumskrava til bibliotek var så låge at dei ikkje hadde nokon funksjon. Men først og fremst var det uttrykk for at oppsvinget for den globale marknadskapitalismen var i gang.

Utan denne ville det vore muleg å slåsst for auke i bibliotekstandarden. Og utan eit nytt systemskifte (til sosialisme, til dømes) vil folkebiblioteka halde fram med å slite, same kor flotte vyane er i festtalar og strategiar. Vi kunne her lagt til valkampar, men det er ikkje tilfeldig at biblioteka ikkje lenger blir nemnde i valkampane. Skolar, omsorgstilbod og sjukehus er nemnde, men der går stort sett grensa. Det meste anna er anten for lite viktig eller bør løysast ved privatisering, meiner fleirtalspolitikarane. For biblioteket sin del er det første mest aktuelt. Privatisering og privat drift av bibliotek er noko dei førebels berre driv med i Storbritannia og Sverige.

Som for ein del andre gode, gamle velferdstenester er det med bibliotek som Knut Olav Åmås skreiv i ein leiar i Aftenposten 5. mars 2008: Dei er «regelrett omringet av festtaler, store ord og velmenende hyllester. Ja, så stor er den tverrpolitiske konsensus om hvor viktige bibliotekene er, så betydelig er den uforpliktende velviljen for denne sektoren, at selv ikke den dyktigste lobbyist greier å skaffe denne delen av Kultur-Norge mer midler.»

mika Mikael böök 2007

PS: Så vil med-bloggar Mikael Böök meine at vi må sjå endå lenger inn i framtida. Då alle åndsverk og all kunnskap skal delast fritt. Og kjempe for dette. Les om dette i boka «Biblioteksaktivisten — om makt och bibliotek i informationssamhället» (Helsingfors, Artemisia edizioni, 2013), men som kom i nyopplag på svenske Alhambra i 2018. Kan tingast frå Adlibris. Eller lånast. Fire norske bibliotek har boka.

Les bokmeldingar av førsteopplaget.

6 Responses to “Bibliotekstrategiar under kapitalismen”

  1. Det settes da inn noen tiltak mot falske fakta og digitale uhumskheter. Sjekk Data detox, for eksempel på nettsidene til Byskerud fylkesbibliotek.

  2. «Data Detox egner seg veldig godt som utgangspunkt for aktiviteter på biblioteket om digital sikkerhet, personvern og elektroniske spor». Av detta sluter jag mig till att Data-Detox är ett «tiltak mot digitale uhumskheter», men inte mot «falske fakta». Får jag be Trond Minken korrigera mig ifall jag tar fel?

    Jag tittade på kursbroschyren (Data-DetoxKIT nr 1) och blev positivt överraskad, inte minst därför att där såvitt jag kan se inte sägs någonting alls om «falska fakta» eller «fake news». i stället tycks tonvikten i Data-Detox ligga på hur den individuella internetanvändaren kan och bör skydda sitt privatliv mot intrång från nutidens övervakningskapitalister.

    Apropå övervakningskapitalister så kämpar jag med att läsa igenom och smälta fd Harvardprofessorn Zoshana Zuboffs storverk «Surveillance Capitalism». Vilket de som har satt ihop Data-Detox-kursen kanske också gör eller har gjort. Redan i första raden i kursbroschyren talas det nämligen om «Giftig dataoverskudd», vilket påminner om Zuboffs huvudbegrepp «surplus data».

Trackbacks

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: