På denne bloggen er vi opptekne av seriøse norske tidsskrift, særleg kulturtidsskrifta, men også fagtidsskrift med relativt brei appell. Vi meiner folkebiblioteka bør formidle dei meir aktivt, noko også leiaren i Norsk Bibliotekforening signaliserte i Dagsnytt18 nyleg.
Det aller ferskaste på tidsskriftportalen Idunn.no er Tidsskrift for kjønnsforskning, nr. 3, 2019. Statistikkane fortel oss at ein del fleire kvinner enn menn er bibliotekbrukarar, og kan hende er dei også i overtal når det gjeld interesse for kjønnsforsking og innhaldet i dette nummeret; kjønnsbalanse i politikken.
Så kvifor ikkje lage ein plakat i biblioteket, digital og/eller analog, om innhaldet i dette nummeret, og gjerne med forteikninga over innhaldet:
Dette er Open Access og fritt tilgjengeleg for alle:
Lav kvinnerepresentasjon som demokratisk problem. Lokale partilags arbeid med kjønnsbalanse på valglistene
av Signe Bock Segaard og Jo Saglie
«Jeg prøver å fremstå så mandig som jeg kan»
Kvinnerepresentasjon og parlamentariske posisjoner
Legg igjen en kommentar