2018 blei det hittil klart beste året for denne bloggen, i alle fall når det gjeld lesing av innlegg. Over 34 tusen nedlastingar er over 9 tusen fleire enn i 2017.
Talet på blogginnlegg var 261, mot 164 året før. Men mest løfterikt er det at talet på kommentarar, fleire av desse er innlegg i debattar, har auka frå 125 til 196.
44% av nedlastingane skjedde på ein fredag. Ikkje så overraskande, då vi denne vekedagen ofte tipsar om vekas nyhende i visse kanalar. Timen frå 7.00 til 8.00 er mest brukt til lesing av denne bloggen.
Og det gler oss at innlegg med taggen Kunnskapsbiblioteket var dei aller mest populære.
Leave a Reply