Fem år har faktisk gått sidan føremålsparagrafen i biblioteklova blei utvida med setninga: «Folkebibliotekene skal være en uavhengig møteplass og arena for offentlig samtale og debatt.»
På denne bloggen har vi brukt ein god del krefter på å påvise at dessverre har det gjennomsnittlege norske folkebiblioteket likevel ikkje blitt eit aktivt «debattbibliotek». Det blei ikkje så mange «Debattar som det sprutar av» som NBF-leiar Mariann Schjeide ønskte seg. Berre 44 bibliotek, eller kvart tiande, arrangerte i 2017 ti eller fleire «samtale- og debattarrangement», slik det er definert i bibliotekstatistikken frå Nasjonalbiblioteket.
Men i høve jubileet, lat oss sjå på det positive:
Her ei liste over gode debattmøte og idear vi har skrive om (og vi veit det har vore fleire enn desse):
- Moss 2018: Om ytringsfridom på jobben.
- Skedsmo 2018: «Fra burka til bar mage»,
- Vår idé: Møte og møteseriar om nær og fjern historie.
- Bodø 2018: Den vanskelege oppdrettsnæringa.
- Quebec 2017: Éin-til-ein-samtalar med muslimar frå lokalmiljøet.
- Moss 2017: Byutvikling
- Gjerstad 2016: Hvilken skole skal vi legge ned?
- Øvre Eiker 2015: Overvåking på Hokksund
- Nes i Akershus 2015: Kommunesjela
- USA 2015: Morgen i Jenin
- Vestfold 2014: «Har vi for mange eller for få kommuner?»
- Lillehammer 2003-6: Folkemøte om byutvikling, motorveg og jernbane.
- Bokbåten Epos 1971: Tunnel eller bru i Søreide?
PS: Følg bloggen via epost, saman med p.t. 747 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di.
Det kunne vært interessant å se på antall årsverk i samme periode. Stortinget kan vedta debattbibliotek så mye de vil, men det fulgte jo ingen penger med. Litt som Digidel-satsinga nå. Dermed blir nivå på satsinga til en viss grad avhengig av den enkelte kommunes økonomi. Så kan selvfølgelig biblioteksjefene prioritere innenfor egen ramme. Og da må noe annet prioriteres ned. Det er kanskje vanskelig å prioritere vekk andre aktiviteter?
Jau, og årsverk etter 1) den allmenne digitaliseringa, automatiseringa og sjølvbeteninga av lokale bibliotek (katalog, utlån, retur, reservering, fornying, fjernlånstinging osv.) Har det blitt som dei seier at den frigjorte tida har gått til (kvalitets-)formidling? Og 2) årsverk etter Google, då folk trudde seg sjølvforsynte med info og kunnskap? Pluss: 3) Eg har fleire gongar etterlyst ein master eller noko som ser på effekten av prosjektmidla frå NB og kva som skjedde då dei var slutt. Og på kor mykje som faktisk blei debattmøte og ikkje «berre» foredrag og bokbad.