Tittelen ovanfor kjem med eit spørjeteikn, for ifølge ein kommentar i går av debattredaktøren i Kommunal Rapport har biblioteket og kommunevalet lite med kvarandre å gjere. Ifølgje meiningsmålinga Helsepolitisk barometer (pdf) er det, ikkje overraskande, helse og omsorg som opptar folk klart mest før valkampen. Og dét meir enn nokon gong tidlegare. Kultur (medrekna bibliotek) ligg lågt; berre éin prosent meiner dette er viktigast.
Men vi får leggje til at dei over to tusen respondentane ikkje blei spurde spesifikt om kommunale og/eller statlege tilbod. Og når det denne gongen er kommuneval, så må likevel større endringar på bibliotekfeltet kunne bli valkampsaker, som nye lokale eller nedleggingar av filialar. For ikkje å seie forsvar for bevaring av tidlegare hovudbibliotek som filialar når kommunar skal fusjonere.
PS: Det er ikkje samsvar mellom tala i artikkelen i KR og i presentasjonen, og KR svarer ikkje på dette når vi spør kvifor. Men tendensane er likevel klare.
Legg igjen en kommentar