
Eit bryggeri hadde denne løysinga ei tid. Men ikkje lenge
I går var det debatt om kulturmeldinga på Stortinget. Få i bibliotekmiljøet hadde spesielt stor von til meldinga då ho kom i november, men var nøgde med at biblioteklova skal få halde fram som i dag og ikkje bakast inn i kulturlova. Men det blei likevel ei særs interessant oppleving på Stortinget i går, for sjeldan har vi sett ein så bastant retrett av ein tidlegare sjølverklært «bibliotekpolitikar» og sjeldan ei så hyklersk framferd frå opposisjonen. Og dét frå ein vi aldri hadde trudd vi skulle kome til å sitere igjen.
Her tenkjer vi ikkje på Freddy André Øvstegård. For han tok opp att SV sitt krav om kulturløft, medrekna bibliotekløft, med øyremerkt statstilskot. Og han kunne samtidig ikkje unngå å kritisere Venstre for å ha forlate det liknande standpunktet som dei hadde hatt heilt frå 2013 og fram til stortingsvalkampen.
Og kulturminister Trine Skei Grande (V) stadfesta så grundig som det let seg gjere at Øvstegård har rett i kritikken: