Svensk 3/4-milliard med utgreiing av bibliotek i «glesbygden»

almän väg slut skilt
Svensk glesbygd. Frå filmen «Finnskog og trollskap». Klikk og kikk 

For snart to år sidan var vi i Stockholm og fekk førstehands info om at den svenske regjeringa ville bruke ein kvart milliard svenske kroner kvart år i tre år for å styrke folkebiblioteket. Det var på den tida det framleis var håp i hangande snøre om noko liknade i Noreg, men som forsvann som dogg for sola då Venstre kom i regjering og blei eit «ansvarleg» parti (rett nok høyrer vi i dag at regjeringa held lovnaden om MVA-fritak for elektroniske tidsskrift og bøker. Det burde få forlaga til forhandlingsbordet igjen med biblioteka, men vi trur det først når vi ser det).

Men til Sverige: Der kom no rapporten «Stärkta bibliotek» om bruken av den første kvart-millionen for styrking av bibliotek i 2018. Støtta der går til meir langsiktig styrking og utvikling og det er strenge vilkår for tildeling:

«Kommunerna måste enligt lag ha en politiskt antagen biblioteksplan och ansökan ska utgå ifrån de verksamhetsområden och grupper som beskrivs i bibliotekslagen. Satsningen ska utgå från behov hos kommunens invånare och vara grundad i en omvärldsanalys.»

Vi merker oss også at det i september kjem ein rapport om «folkbibliotekens förutsättningar i glesbygd». Noko som bør interessere oss i Noreg, eit anna «glesbygd» land. Forskarar ved Linnéuniversitetet i Växjö gjennomfører studien. Altså kvalitet i begge endar.

Vi liker også denne formuleringa: «En risk är att värdefulla erfarenheter och kunskaper inte får spridning utan stannar i kommunerna. Folkbibliotekens utvecklingsarbete inleds ofta med lokala initiativ men kommunerna behöver få möjlighet att inspireras och lära av varandra. Vi har för avsikt att informera om pågå- ende insatser och lyfta goda exempel.» Sånt har vi ikkje sett mykje av i Noreg.

25 millioner har også vore brukt på regionale bibliotektenester.

3 kommentarer om “Svensk 3/4-milliard med utgreiing av bibliotek i «glesbygden»

Leave a Reply