Kommunevalet i Oslo: Filialnettet står sterkare enn eit «reint» Nye Deichman

Skjermbilde 2019-08-03 19.44.38

40 % ikkje-bibliotek? Foto frå juni 2019

I Oslo er valkampen i gang, og biblioteket kan faktisk bli ei sak. I Dagsavisen i går las vi at partiet Venstre, om dei kjem i byråd til hausten, vil gå imot at kommunen leiger ut 40 prosent av arealet til private firma. Hallstein Bjercke, Venstre sin tidlegare kulturbyråd, meiner posisjonen sitt forslag til innsparing blir småpengar:

«– Når vi bygger et nytt hovedbibliotek til 2,5 milliarder er det en investering i kultur- og kunnskapsbyen Oslo. Når man leier ut deler av bygget for å tjene 13 millioner i året er det et dårlig regnestykke for kommunen, og det er i praksis å kaste vekk det kulturpolitiske formålet med bygget.»

I valprogrammet sitt vil Venstre «Gjøre nye Deichman hovedbibliotek til et av verdens beste bibliotek», men også «Etablere fem nye barne- og ungdomsbibliotek, Biblo, blant annet på Grorud, Holmlia, Stovner og Majorstua.»

Heile bygget er på 13 900 kvadratmeter. Når 40 % går vekk til utleige står det att 8 340. Til samanlikning er det nye HB i Helsingfors 16 000 (sjå meir nedanfor) og det nye biblioteket i Århus, Dokk1, som Nye Deichman ofte blir samanlikna med, på 17 500. Så utan dei 40 prosenta blir Nye Deichman berre halvparten så stort.

Dagsavisen har enno ikkje intervjua andre parti om dette, men her på bloggen har vi kikka på alle partiprogramma:

I fjor på desse tider kunne vi melde at Oslo Høyre meinte noko liknande. Dette kjem også til uttrykk i programmet deira i dag. Dei vil: «Sikre at det nye hovedbiblioteket i Bjørvika blir brukt til bibliotekets aktiviteter.»

Men det ser ut til at V og H blir ståande aleine med 100 % bibliotek i nybygget i Bjørvika. Problemet deira er at Fremskrittspartiet, altså ein svært sannsynleg alliansepartnar til V og H, ikkje blir ein alliert på spørsmålet om «fullt» bibliotek i Bjørvika. I programmet sitt meiner dei tvert imot at «det er viktigere å satse på det som bydelsfilialene tilfører lokalområdene enn et hovedbygg som i stor grad vil bestå av annet enn bibliotektilbud.»

Men også dei fleste andre partia gjev til dels sterk støtte til opptil fleire nye filialar i tillegg til det eksisterande filialnettet, men utan konkret å ta stilling til V og H sitt 100 % forslag.

Skjermbilde 2019-08-04 13.36.24Frå før er det altså klårt at den noverande posisjonen, dei tre «raudgrøne» partia nedanfor, pluss Rødt som støtteparti, står bak fordelinga 60/40:

Arbeiderpartiet går i tillegg inn for «nye lokalbibliotek på Mortensrud, Skøyen og St. Hanshaugen, og oppgradere eksisterende lokalbibliotek. Åpne egne barne- og ungdomsbibliotek på Holmlia, Hovseter og Romsås.»

Sosialistisk Venstreparti skriv (i nynorskversjonen sin! Bra!) blant anna at «filialnettet må bevarast og byggjast ut i takt med at byen veks.» Dei nemner ikkje Nye Deichman i Bjørvika.

Miljøpartiet De Grønne nemner heller ikkje Bjørvika, men «vil åpne flere biblioteker og Biblo-filialer, utvide åpningstidene og fylle dem med ulike typer innhold for å gjøre det relevant for enda flere innbyggere.»

Rødt «støtter etablering av nytt hovedbibliotek i Bjørvika, men det er viktigere at de lokale filialene får bestå.»

Folkeaksjonen nei til mer bompenger er også offensive: «Det skal oppmuntres til flerkulturelle og inkluderende tiltak som idrett, bibliotek og samfunnshus i hver bydel. Nærbibliotekenes rolle bør styrkes.»

Følg denne bloggen via epost, saman med p.t. 779 andre: Gå til kolonna til høgre og skriv inn e-postadressa di. Då får du ein e-post straks noko nytt blir publisert.

Bloggaren er også på twitter med alt det nye frå bloggen og meir til.

Senterpartiet, den nye oppgåande sola i Oslo-politikken, går ikkje konkret inn i HB-debatten, men seier dei «vil sikre Deichmanske bibliotek midler til å styrke og modernisere bibiliotektilbudet i hele byen. Det forutsetter en fortsatt desentralisert biblioteksstruktur, der filialene også er lokale litteraturhus og møteplasser.»

Kristelig folkeparti unngår også denne debatten direkte. Men dei vil «Etablere nye barne- og ungdomsbibliotek, Biblio, på Holmlia, Tveita og Furuset og Grorud.» Og presiserer at dei vil «Opprettholde bibliotekstrukturen i hovedsak som i dag.»

Men dette er berre nokre hovudpunkt i alt som faktisk står om bibliotek i programma. Vi vil meine biblioteket i desse valprogramma har fått ein høgare detaljeringsgrad og meir fantasi og nytenking enn ved tidlegare kommuneval i Oslo. Blant anna skriv SV og MDG varmt om «skeivt» bibliotektilbod, noko vi ikkje har sett før.

Det blir spanande å sjå om dette faktisk kan bli ei sak i valkampen. Og kor mykje lovnadar er verde på eit felt som bibliotek. Når kampen i år vil stå om «gratis» bilvegar versus kollektivtrafikk, i tillegg til helse, omsorg og skole, dei tradisjonelt prioriterte.

– – –

Likevel: Mens kampen i Oslo står mellom eit «100 %» HB versus eit mellomstort HB og 4-5-6 nye filialar i tillegg til dei 19 eksisterande, har til dømes den finske hovudstaden eit nytt, verkeleg stort og påkosta HB – pluss 37 filialar. Og 3 bokbussar. Kommunane Oslo og Helsingfors er omlag like store: 673 000 mot 643 000 innbyggjarar.

Hovudbiblioteket Ode i Helsingfors:

Skjermbilde 2019-08-04 11.39.28

4 Trackbacks to “Kommunevalet i Oslo: Filialnettet står sterkare enn eit «reint» Nye Deichman”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: