Yess! Bibliotekkrangel!

Skjermbilde 2019-08-06 12.19.26I dagens Dagsavisen (ikkje på nett) går Rina Mariann Hansen, AP sin kulturbyråd, sterkt ut mot Venstres Hallstein Bjercke, som i same avis 1. august annonserte at dei vil foreslå 100 % bibliotek i nybygget til Nye Deichman i Bjørvika i Oslo. Noko vi skreiv om på bloggen. I tillegg lova han «fem nye barne- og ungdomsbibliotek, Biblo, blant annet på Grorud, Holmlia, Stovner og Majorstua». Men vi gjekk gjennom partiprogramma og fastslo at AP og fleire parti lova varierande grad av styrking av biblioteknettverket i hovudstaden og enkelte nye filialar eller lokalbibliotek, som det no ser ut til (greit nok) å heite i Oslo.

Vi minner om at vi i blogginnlegget også såg på kor mykje meir bibliotek innbyggjarane i Helsingfors har til rådvelde, både i form av nytt, dobbelt så stort hovudbibliotek og dobbelt så mange filialar som i Oslo.

I DA kranglar dei to Oslo-politikarane også om kven som er mest truverdig utifrå tidlegare merittar (også Bjercke var i fleire år kulturbyråd). I denne samanhengen noterer vi ein av dei «beste» eufemismane for valflesk vi nokon gong har sett: Bjerke seier at då han styrte er det «mulig at det teoretisk lå et kutt i lokalbibliotekene langt inne i økonomiplanen». Vi gratulerer!

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: