Det nye kombinasjonsbiblioteket …

For ei veke sidan delte vi oppslaget i Dagsavisen om utleigeverksemda som byrådet har pålagd Nye Deichman (nesten 1/4 av arealet er permanent utleigd, i tillegg til 2–3 private arrangement i veka). Sidan har ei mengd svenske aviser skrive om dette (det var vel ikkje nok at Frida Karlsson slog Johaug). Og no har Morgenbladet eit større oppslag. Ikkje så mykje nytt å lese, men kulturbyråd Omar Samy Gamal tar argumentasjonen for utleige til utenkjelege høgder, i alle fall til å vere SV-politikar:

«Det er ikke enten- eller her, men mulig å kombinere folkebibliotek med noe utleie. Når vi styrker Deichmans økonomi vil jeg heller at pengene går til nytt bibliotek på Mortensrud eller styrkning av tilbudet andre steder i byen, sier han. … De 12,5 millionene i inntektskrav utgjør en ni prosents lindring av 140 millioner kroner i budsjetterte utgifter for 2021.

– Er ikke dette lite penger å sette bibliotekets prinsipper på spill for?

– Jeg aksepterer ikke spørsmålet. Det er mange aktører man kan leie ut til, uten at det strider mot bibliotekets prinsipper. Å leie ut til valgstudio for TV 2, der publikum kommer tett på de politiske debattene, er et godt eksempel, sier Samy Gamal».

Det er grunn til å minne om at kravet om privat uleige først dukka opp langt uti byggjeprosessen, etter ein budsjettsprekk. Kvifor ikkje ganske enkelt seie deg lei for dette, Gamal? Og vurdere å tenkje om igjen så snart som muleg?

PS: MB intervjuar også ein tillitsvald som er uroa over at «flere hundre studenter må snu i døren fordi to etasjer er stengt av». Så kvifor ikkje i staden leige ut til universitet og høgskolar i Oslo?! For studentar set alt sterkt preg på lokala i Bjørvika. Dei er jo mykje trivelegare enn lesalane på Blindern, Bislet osv.

One Trackback to “Det nye kombinasjonsbiblioteket …”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: