Biblioteket mest populært?

Skjermbilde 2019-08-20 11.18.44

Ikkje juble for tidleg

Vi kjenner det alle saman frå Difi sine «Innbyggerundersøkelser» omlag anna kvart år, at biblioteket er den klårt mest populære offentlege tenesta, nærmare bestemt; med størst «brukertilfredshet». Det gjeld ikkje berre for brukarane, men også for innbyggjarane, der ikkje-brukarane er medrekna. Her er det «inntrykk av tilbudene» folk får uttale seg om.

Og lenger nede og på botnen kjem alltid sånne som kemneren, NAV og plan- og bygningskontoret.

Også i den nasjonale bibliotekstrategien, den som gjekk ut på dato i fjor, gjorde Kulturdepartementet og Nasjonalbiblioteket eit poeng av at biblioteket er «den mest populære offentlige tjenesten i landet.»

Sjølvsagt er biblioteket populært, men slik kåringane til Difi møter oss i pressa, er det like sjølvsagt ein illusjon å tru på desse rangeringane. Noko seniorrådgivar Anders Kirkhus ved SINTEF Byggforsk sette ord på i ein kronikk i Kommunal Rapport i juni: Det blir feil, skriv han, «å måle plan og bygg (som skal begrense innbyggernes frihet) etter samme målestokk som skole og helse (som skal gi innbyggerne tjenester som innbyggerne ønsker seg).»

Han nemner ikkje biblioteket, men det kjem sjølvsagt i den siste gruppa.

No vedgår også Difi i ein tekst, litt bortgjømt under innbyggjar-diagrammet, at: «Det er imidlertid klare forskjeller på de ulike kategoriene av tjenester som vi undersøker i brukerdelen, og man skal derfor vise tilbakeholdenhet med å sammenligne mellom ulike tjenester på tvers av tjenestekategorier.»

Men dei skulle kanskje forsøkt litt sterkare å få pressa til også å ta med dette atterhaldet.

Og i alle fall bibliotekinstitusjonar, -redaksjonar og -sjefar burde forstå dette og ta atterhald, same kor godt det er å sole seg i slike oppslag.

Når dét er sagt, så ser det ut til å vere mange gode data om bruken av bibliotek i undersøkingane til Difi (OBS: fila er eit rekneark).

Når det gjeld haldningane til nettbaserte løysingar hadde det vore fint å fått med biblioteka også. Men når vi tenkjer oss om, kva veit folk om kva dei burde kunne krevje av publikumssøk og andre digitale tenester? Vi har skrive ein del om sånt også.

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: