Gjesp

Skjermbilde 2019-11-21 12.46.20Så er vi kome til haustens mest sjølvoppfyllande eventyr, Difi si Innbyggarundersøking. Og her er biblioteket, igjen, den mest populære offentlege tenesta, saman med brannvesenet. Og like sjølvsagt plan- og bygningskontoret, NAV og barnevernet på botnen.

Vi siterte Anders Kirkhus ved SINTEF sin kritikk av dette tidlegare i år og tilbyr her ein reprise på dette, som vi utan å ta kjeften for full kan kalle falske fakta frå statsapparatet.

I alle fall når, som Kommunal Rapport i dag, igjen slår det opp ganske ukritisk og den øvrige pressa i dagane som kjem vil gjere det same (men KR siterer faktisk Difi på følgjande (ikkje på ope Nett): «- Det knytter seg derfor en viss usikkerhet til skårene, … Svarene som omhandler omsorgsfeltet knytter det seg også en viss usikkerhet til. Mange av dem som har svart har latt være å gi sine vurderinger av de ulike tjenestene eller svarer «vet ikke»).

I reknearket med detaljar frå spørjeundersøkinga er det på ny litt meir fornuftig kunnskap å hente, om ein då ser bort frå den store veit-ikkje-prosenten, sjå ovanfor. Blant anna har talet på svararar som har «personlig erfaring» fra bruk av biblioteket …

auka frå 37% i 2010, det første året undersøkinga blei gjennomført, og til eit nivå rundt 48-49% i dag.

Difi spør om blant anna kjøn, alder og utdanning. Av desse gir 32% av kvinnene biblioteket karakteren «Svært god», mot 23% av mennene. 22% av dei mellom 18 og 24 gjev toppkarakteren, mot 34% av dei over 67. Her aukar poulariteten jamt med alderen. Blant dei med berre grunnskole er det 27%, mot 31% for dei med UH. Dei med vidaregåande og fagskole ligg på 22%. Og når det gjeld inntekt er variasjonen mellom 27% og 33.

 

 

https://bibliotekettarsaka.com/2019/08/20/biblioteket-mest-populaert/

One Trackback to “Gjesp”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: