Har ikkje biblioteka råd til norske tidsskrift?

Skjermbilde 2019-08-22 22.52.51

>> Saka kom på Dagsnytt18 23. aug., med viktig fråsegn av NBF-leiaren.

Både i går og i dag handlar hovudoppslaga på Klassekampen sine kultursider om ulike problem for dei norske kulturtidsskrifta. I dag, torsdag 22. august, ser dei på følgjene for folkebiblioteka, og dei intervjuar NBF-leiar Mariann Schjeide.

Svaret hennar kan vi kort, men litt polemisk, oppsummere slik: Innkjøpsordninga må biblioteka få behalde, for dei har ikkje råd til å bruke meir på tidsskrift, fordi det er så vanskeleg å måle bruken av dei, og ikkje blir dei mykje brukte heller. Følgjeleg: Vi må prioritere det som synest på statistikken.

Det siste er det ikkje ho som seier, men det er vår svært nærliggjande konklusjon.

Men kan kunnskapsinstitusjonen det norske folkebiblioteket sjå seg sjølv i augo om dei lèt framtida bli slik?

I dagens avis får vi vite kva som kjem i staden for innkjøpsordninga, nemleg at «tidsskriftene kan søke om subsidiering av abonnementer til offentlige institusjoner. Kulturrådet tilbyr seg å subsidiere abonnementene med 75 prosent av ordinær pris.»

Dette er sjølvsagt ein nedtur for biblioteka. Og NBF-leiaren seier det er …

« … urealistisk at norske folkebiblioteker skal punge ut med de resterende 25 prosentene av abonnementsprisen for norske tidsskrifter. Hun viser til at folkebibliotekene har svært stramme mediebudsjetter. … Derfor tror jeg mange vil droppe innkjøp av smale og ukjente tidsskrifter, og jeg frykter at dette vil bety kroken på døra for mange publikasjoner, sier hun. … Det krever ekstra innsats å formidle tidsskrifter til de besøkende, og siden det er vanskelig å måle tidsbruken, er vi usikre på hvor mye tidsskriftene blir lest. Men av egen erfaring vet jeg at de blir relativt lite brukt.»

Kulturrådet er jo pressa ovanfrå og tilpassar seg her det som «er i tida». Men vi meiner Rolf Engelsen i Kulturrådet ikkje er heilt urimeleg når han seier til Klassekampen:

«Her må også bibliotekene ta et ansvar. Dersom de vet de har lesere og derfor ønsker å ha tidsskrifter i hyllene, må de også prioritere dette på sine budsjetter. Men vi skal følge nøye med og evaluere hvordan dette utvikler seg.»

Mange er jo faktisk veldig interesserte i ting i tida

Her på bloggen er kunnskapsbiblioteket ei fanesak (og ein kjasande kjepphest, vil nokre seie). Og vi har gong på gong hevda at dei norske kulturtidsskrifta blir for dårleg marknadsførte i biblioteka. Dei står i hyllene så folk kan lese dei, og nokre låner ut eldre nummer, men lite meir.

terrorismen bibliotek

Éin av mange måtar å formidle tidsskriftinnhald på. Fotomontasje av bloggaren.

Vi har tidlegare forsøkt å promotere det som Skien bibliotek har gjort med tidsskrift, i alle fall for nokre år sidan, men vi kan håpe på at det er slik framleis, sjå Bibliotekforum nr. 3, 2011 (side 32-33).

Artiklane i dei norske kulturtidsskrifta er lengre, og nokre gongar mindre lettleste enn ein gjennomsnittleg aviskronikk. Men mange menneske er jo faktisk veldig interesserte i ting i tida, men dei får ikkje vite at tidsskrifta har stoff om det dei er opptatte av.

Det same gjeld dei elektroniske norskspråklege tidsskrifta og artiklane deira. Her er det faktisk ei ny statleg prøveordning som gjer fleire av tidsskrifta i basen Idunn.no gratis tilgjengelege. Her på bloggen er vi i gang med å presentere enkeltartiklar for å setje lys på verdien av slikt innhald.

Når det gjeld fleire mulege tidsskriftressursar for bibliotek, sjå eit lengre blogginnlegg frå i fjor. Kan hende er noko forelda, men vi skal gå gjennom det ein av dagane.

– – –

Nedanfor eit klipp frå Idunn.no sin tidsskriftportal. Eit tilfeldig utval, der 7 av 18 tidsskrift er Open Access. Også dei andre kan biblioteket skaffe. Pluss at dei kan tilby kopiar via fjernlån av mengder av artiklar om kva som helst emne, i alle fall på engelsk:

Skjermbilde 2019-08-22 16.06.22

Skriv inn en undertekst

4 Trackbacks to “Har ikkje biblioteka råd til norske tidsskrift?”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: