
Kva blir vitamintilbodet i Bjørvika? NB: Bloggen har ikkje opna for annonsar
Deichman har all grunn til å feire seg sjølv fredag 29. november med «den siste litterære festen på Deichman Hovedbiblioteket». Ikkje minst også fordi dei har fått med seg Jan Erik Vold og Tove Nilsen, to forfattarar og Oslo-patriotar som våren og sommaren 1992 brukte ganske mange riksavisspaltemeter til saman for å stoppe planane om eit nytt hovudbibliotek!
Apropos nytt-hovudbibliotek-debatten i 1992: I Bok og bibliotek nr. 3 det året opna redaktør Jan Olav Gatland dei ganske statlegbyråkratiske spaltane (slik det var den gongen) for den til då mest fargerike dekninga av ein bibliotekkontrovers i dette tidsskriftet. Med dåverande …
bibliotekstudent Bjørnulf Aasen sin saftige tre siders total slakt av poetokratiets dominans i starten på denne debatten, men som, etter kvart, endte med eit uslåeleg motinnlegg frå biblioteksjef Liv Sæteren i form av ein Dagblad-kronikk. Og med påfølgjande skråsikre fråsegner frå Den norske forfatterforeing (nei til nytt!) og Norsk Bibliotekforening (ja!). Likevel blei det ikkje bibliotek i Galleri Oslo. Det kunne ha blitt skikkeleg bra.