Det er fredag og rom for lettare stoff, så kvifor ikkje denne miksen av ein reportasje i Aftenposten frå utflyttingsfesten på gamle Deichman og ein annonse for utlån …
Den seriøse baktanken er å kunne minne om korleis Facebook, Google og dei andre sosmed-sværingane gjennom dei hemmelege algoritmane sine rett nok kan gje oss ein del nyttige tips, men minst like ofte, som her, føre oss på avvegar.
Men den fullstendig uslåeleg uheldige trippelkollisjonen mellom redaksjonelt innhald og reklame skreiv Bjørn Bjørnsen om i boka «Våre nye folkeeventyr» i 1993, med undertittelen «Medieindustrien mot år 2000».
Ei bok som fekk underteikna til å oppsøke forfattaren i Drøbak med blokk og blyant og dermed debutere som journalist for Bok og bibliotek. Lesbar bok. Bør sjå på henne igjen (sorry, those are for Norwegian IPs only).
Eit PS til med-fossil frå 90-talet: Sjå dette som Bjørnsen snakkar om frå eit seminar i Mo i Rana. Han er positiv til «ideen om ein framtidig felles tekstdatabase ved nasjonalbiblioteket». Rett nok ikkje for skjermlesing (WWW dukka opp året etter), men for nytrykk av bøker. Eg hugsar ikkje seminaret lenger. Anyone? Bruk kommentarfeltet.
Leave a Reply