Sosiale media underlagde krise-kontroll

«Opne Instagram i desse dagar, og du kan bli bombardert med oppfordringar om at «Hald deg heime». På YouTube får du kanskje ei lenke til ein regjeringsnettstad om Koronaviruset. Eller gå til Twitter og søk på uttrykket «å halde avstand er ikkje effektivt». Det kan finnast der, men sannsynlegvis ikkje lenge – fordi Twitter har forbode setninga som skadeleg».

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

Dette er innleiinga i ei sak på NBC News onsdag denne veka. Ikkje slik å forstå at vi meiner at meteren til nestemann er feil, men det er prinsippet det handlar om. Vi berre omset vidare, før vi tar laurdagskvelden:

«For nokre år sidan ville denne typen åtvaringar og filter vore vanskelege å tenkje seg. Dei fleste store forbrukarteknologi-plattformene støtta ideen om å vere nøytrale aktørar, og overlet informasjonsflyten til brukarane. Når no bløff og feilinformasjon kan forverre ein global pandemi tar teknologiplattformene kontroll over informasjons-økosystemet som aldri før. … Det verkar som plattformene har bestemt seg for å ta et klart standpunkt der dei ser Koronaviruset som eit stort nok folkehelseproblem til at dei synst dei kan setje tommelen på vektskåla, sjølv om dei risikerer at nokre av brukarane deira vil hevde at dette er ei urettvis avgrensing av i ytringsfridomen».

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: