Internasjonalt e-bokeksperiment under Koronaen

4999651-M

Klikk og lån eller lytt til – maskininnlesen – lydbok 

I San Francisco har det ikkje-kommersielle Internet Archive eksistert sidan 1996, ein organisasjon i stor grad styrt av bibliotek-logikk og starta av Brewster Kahle, ein dataingeniør som til dagleg kallar seg digital librarian.

>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.

I tenesta deira, Open Library, starta dei for nokre dagar sidan ein ny praksis når det gjeld formidling av e-bøker som kan sterkt utfordre det som bok- og mediebransen og nasjonale og internasjonale styresmaktar oppfattar som den ideelle balansen mellom bibliotekutlån og boksal.

Eller kanskje det kan ende med sameining på eit nytt og meir brukarvenleg nivå?

Lenge var IA mest kjende for Wayback Machine, der du finn tidlegare versjonar av nettsider, eit sentralt verktøy for alle gravande journalistar og bibliotekarar. Men så i 2006 lanserte IA-folka Open Library, ei av verdas største digitaliseringsprosjekt for bøker. Her har dei i samarbeid med rundt 150 bibliotek rundt på kloden, men også nokre forlag, digitalisert éin million titlar som har falle i det fri (public domain) og 19 mill. (in-copright) som nokon har «enerett til å råde over», jamfør den norske Åndsverklova.

I Open Library kan du bla i bøkene, men du kan også låne dei. Normalt har dei følgt «eksemplarmodellen» = 1 bok til 1 lånar. Men du kan stå på venteliste. Det nye no under Koronaen er at dei lanserte National Emergecy Library, med det radikale grepet at dei fjerna alle ventelistene! Vi kan alle låne så mykje vi vil, og ikkje berre medlemmar av nasjonen der tilbodet starta.

I fjor fann store delar av den vestlege bokbransjen ut at dei måtte gjere noko med ein slik «mass copyright violation». Og i eit oppslag på Vice.com 25. mars går det fram at forfattarar og organisasjonar reagerer ekstra sterkt på denne radikale utvidinga av tilbodet. Mens dei ansvarlege svarer med å appellere til den gode vilja og den spesielle US-amerikanske tradisjonen med fair use.

Vi må tru at alt som skjer rundt dette blir grundig dokumentert og forska på så lenge det pågår (ut juni månad eller så lenge pandemien rår). Og at ein no får stadfesta at bibliotekutlån ikkje er det store trugsmålet mot boksalet. Det er også god marknadsføring.

Og at bibliotekbrukarar også i Noreg kan få betre tilbod i framtida når det gjeld e-bøker og lydbøker og anna digitalt.

 

3 Trackbacks to “Internasjonalt e-bokeksperiment under Koronaen”

Leave a Reply