Risikogruppene – ein risiko for biblioteket

Skjermbilde 2020-04-19 21.49.04

Ganske mykje grått hår på opne møte i biblioteka. Frå Moss bibliotek i 2017

Risikogruppene under koronaen er som kjent alle oss over 65 (0,9 millionar) kronisk lungesjuke (0,4), diabetikarar (0,2) og tusenvis av andre (nokre er i to eller fleire grupper). I alle fall ein million, eller kvar femte innbyggjar. Det er helsa deira det strenge smittvernet har vore til for. Men når landet no skal lempe på vernet, må desse gruppene ironisk nok vere endå meir forsiktige enn før. Det var greit då «alle» sat heime, men no vil offentlege stader bli fullare av folk, også av smitteberarar. Avstand på to meter vil i mange samanhengar bli vanskelegare og nokre gongar umuleg.

Sjå også «Sju forslag for den nære framtida».

Samtidig er mange av desse blant dei mest aktive bibliotekbrukarane. Ifølgje brukarundersøkinga for 2015 var lånarane 65+ på topp med lån av skjønnlitteratur og bruk av lokalhistorisk stoff og aviser og tidsskrift, og dei var oftast på opne møte. Og kvar femte av dei brukte internett på biblioteket, men trong oftast hjelp til dette av dei tilsette.

Men vil desse våge å kome tilbake til biblioteket når det opnar? Sjølv om det blir laga gode rettleiingar (veit nokon om arbeidet med dette er i gang nokon stad?). Dette er ikkje berre eit problem for dei, men for biblioteket, som vil miste brukarar. Det vil verkeleg synast på statistikken.

Møteplass, men ikkje for alle

I det US-amerikanske bokbransjeorganet PW kjem Sari Feldman, tidlegare president for American Library Association, blant anna inn på risikogruppene i artikkelen «Public Libraries After the Pandemic». Vil desse ha tillit til at biblioteklokala er trygge når dei opnar igjen? Publikum til arrangementa er, som nemnt, gjennomsnittleg ganske gråhåra. Og kor mange forfattarar og andre vil farte rundt på foredragsturné fram til alt er heilt trygt igjen? «Møteplass» læt ikkje heilt bra for tida.

Feldman ser at opninga av mange betalingsmurar for digitale tenester kan vere eit pluss på sikt også for biblioteka, som vil få fleire kompetente brukarar til dei digitale tilboda sine. Men forlaga har aldri vore rause med e-innhald til biblioteka, snarare tvert imot. Og mange av dei vil heller ikkje stå økonomisk sterkare når dette er over. Feldman trur heller ikkje dei lokale bibliotekbudsjetta vil kunne rekke langt, særleg når ein både må ha papir- og e-bøker.

Planleggje for endring

Sjølvsagt må vi krevje at staten sikrar forlenging og normalisering av dei nye «krise-avtalane» for biblioteka. Men dette blir ein kamp.

Sari Feldman avsluttar slik:

«Nokre har kalt krisa “Den store pausen”. Men eg trur ikkje bibliotekarar kan ta ein pause. Bibliotekarar kan ikkje lene seg tilbake og vente på å låse opp bibliotekdørene igjen. Vi må bruke denne tida til å begynne å tenkje på korleis biblioteka kan fungere i eit samfunn som heilt sikkert vil bli endra på kort sikt, og som kan bli endra for alltid».

 

6 Trackbacks to “Risikogruppene – ein risiko for biblioteket”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: