Biblioteka og dei norske ikkje-debattane

Dei siste to-tre dagane vil mange ha sett oppslag om eit internasjonalt opprop av legar og forskarar som, svært kort fortalt, meiner at ny nedstenging no, når svært få blir alvorleg sjuke av korona, gjer vondt mykje verre. Også sentrale norske medisinarar skriv under, blant anna Charlotte Haug, mangeårig sjefredaktør i Tidsskrift for Den norske legeforening, i dag forskar ved Sintef, og blant anna tilknytt Stanford-universitetet. I Morgenbladet 16. oktober blir Haug intervjua av Jon Kåre Time over ei dobbelside.

>> Oppdatering 28.10: I går var dette tema i NRK1, Debatten, og Morgenbladet følgjer opp med interessante og nyanserte intervju med tre andre norske fagfolk.

Poenget til underteikna er ikkje å fremje dette synet (her i bloggen har heile tida biblioteka sitt omsyn til risikogruppene vore sentralt, der restriksjonar har vore avgjerande), men at norsk offentlegheit (politikarar, FHI og presse) ikkje nytter dette høvet til å diskutere den heilt sentrale motseiinga under pandemien som pågår. For eit søk i Atekst viser at med unntak av Morgenbladet og NRK på nett har norsk presse stort sett berre trykka ei NTB-melding på rundt 300 ord.

Som til dømes Nettavisen. Der Espen Nakstad frå NHI med få ord avviser oppropet som uetisk, med bakgrunn i at eldre og andre risikogrupper då må isolerast endå strengare enn i dag. Som sjølvsagt er eit stort problem.

Dette er eit aktuelt døme på debattar som ikkje kjem til overflata i Noreg. Vi har peika på andre ved tidlegare høve. Og hadde eg drive eit bibliotek i dag, ville eg …

på heimesida hatt ein «vanskelege-spørsmål-portal», omlag som denne i Plainfield, Illinois, og presentert blant anna denne debatten, med oppslaga til MB og NRK, saman med oppropet slik det er omsett til norsk på derimot.no.

Når dei fysiske debattane er sett på vent er det endå viktigare at biblioteket gjer slikt på nettet. Biblioteket må bidra til å gjere samfunnet smartare, skal det overleve.

Og: Les filosof Einar Øverenget på NRK.no om korona og den kritiske sansen: «Hvis folket ikke lenger utfordrer den politiske makten, så vil denne makten anta former som ikke hører hjemme i et demokrati».

One Trackback to “Biblioteka og dei norske ikkje-debattane”

Leave a Reply