Tilbake til normalen, men til ein annan normal

Skjermbilde 2020-05-29 12.50.56

Happy – for now

Nasjonalbibliotekets har fått god presse på oppsummeringa si av korona-perioden til no. Dei skriv i ei pressemelding blant anna at «digitale tjenester har hatt mer enn 2,5 millioner besøk under koronakrisen. Brukerne har åpnet 800 000 bøker og over en million gamle aviser. … Vi tror den digitale bruken av Nasjonalbiblioteket vil vokse også når samfunnet normaliserer seg og vi åpner lokalene våre igjen».

Tilvenninga til det digitale biblioteket er verkeleg gledeleg. Men både NB og vi, og alle, veit jo sjølvsagt at tala er små mot tida før koronaen, då norske folkebibliotek lånte ut 2 millionar bøker i tilsvarande tidsrom, pluss alle bøkene som blei opna og lesne i biblioteklokala. Og som stort sett var meir aktuelle bøker enn dei frå før 2001 som NB snakkar om (det hadde vore moro å sjå tal også frå bokhandelen, som var open både fysisk og digitalt. Kor mykje selde dei av nye bøker og frå backlists?)

Vi reknar det som sjølvsagt at det etter kvart også vil kome detaljar om desse endå meir interessante ekstraordinære tiltaka som Abid og Aslak lanserte 23. mars:Ekstraordinære innkjøp av e-bøker.

  • Midler til digital formidling via bibliotek.
  • Tilgang til pliktavlevert materiale via Nasjonalbiblioteket til forskning og dokumentasjon og annen bruk.
  • Tilgang til alt digitalt pliktavlevert materiale for skoler, elever, og studenter.

Og vi må håpe, men truleg må vi slåsst for, at dei ekstraordinære tiltaka ikkje brått blir avslutta når Heie og Solberg seier vi har nådd grøn fase. For grøn fase betyr i dag «forberedt på mobilisering», og det er noko heilt anna enn situasjonen før mars månad, då samfunnet og biblioteka ikkje var førebudde på noko som helst. Grøn fase ein gong til hausten betyr framleis snikande gul eller raud fase for risikogruppene.

Dette er den nye, endra normalen. Mange fleire har no fått auga opp for det digitale, og vil krevje dette av biblioteket. Men biblioteket må no halde meir balanse mellom e og p. Det blir dyrare å drive slike bibliotek, om ikkje staten bidrar på e-sida.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: