Bloggaren, eller meir presist frilansjournalisten, har i dag ei sak i Bibliotekarforbundet sitt tidsskrift «Bibliotekaren» nummer 1/2020, og i nettutgåva: «Berekraft på ramme alvor». Det handlar om berekraft og klima, men også berekraft for biblioteket etter at koronakrisa har lagt seg, men når den økonomiske etterdønningen slår inn over oss.
Konklusjonen er at vi no må sjå på ulike scenario og våge å tenkje dristig. Her er nokre idear som for tida blir drøfta i inn- og utland (sjansen til å få gjennomført det enkelte tiltaket nedanfor vil variere etter kor svekka samfunnet, infrastrukturen og demokratiet blir):
- Vi må slåst for at dei ekstraordinære «frisleppa» av kunnskapskjelder, med eller utan krisepakkefinansiering, blir permanente, gjennom utvida statleg vederlag til forfattarar og støtte til viktige forlag.
- Bibliotekfeltet bør no omsider samle og sikre alt seriøst ope tilgjengeleg materiale (OA), både forskingsmateriale og anna, og gjere det tilgjengeleg éin stad, noko det ikkje er i dag.
- For blant anna å sikre dette har finske Mikael Böök foreslått ei eiga internasjonal bibliotek-sky, ut frå at vi ikkje kan stole på dei kommersielle verken når det gjeld personvern eller uavhengighet av styresmakter. Og når det gjeld økonomisk soliditet.
- Bibliotektypane må samarbeide mykje nærmare, til dømes om strategisk viktige kunnskapsportalar både for fagfolk og folk flest, utvikla etter bibliotekprinsipp, altså uavhengig av politiske og andre omsyn. Eit førebilde her er Helsebiblioteket.no.
- Det same gjeld digitale, nettverksbaserte referansetenester, som den nedlagde «Biblioteksvar». Fram til 2012 deltok 250 norske bibliotekarar frå 60 bibliotek i dette. Slike tenester har overlevd i dei andre nordiske landa.
- Bibliotekarar må gå føre i forsvaret av nett-nøytralitet og mot alle formar for sensur og andre anti-demokratiske idear som kjem til å vekse fram.
- Alliansar må byggjast med personar og grupper som i korona-prosessen har fått auga opp for kor sårbar kunnskapen kan vere framover. Og som ser samanhengen mellom fri tilgang til kunnskap og eit reelt demokrati.
Leave a Reply