Også du, Alexander McCall Smith :-(

Skjermbilde 2020-05-30 20.35.33For eit drygt år sidan blogga vi, indignert, om krimforfattarar som lar detektivane sine snoke i lånarregistre i bibliotek, iblant med entusiastisk hjelp av bibliotekarar, der dei får vite kva mordaren eller tjuven har lese av litteratur som kan setje ein på sporet og løyse ei sak. Noko som skal vere umuleg både teknisk (lånardata skal jo bli sletta etter innlevering) og bibliotekar-etisk (teieplikt, sjølvsagt!). Blant anna Roslund og Hellström og Ian Rankin fekk så hatten passa.

Men no finn vi at også skotten Alexander McCall Smith, han med bl.a. bøkene om Damenes detektivbyrå og fleire barnebøker (dessverre ikkje fleire på norsk), diktar opp ei tilsvarande «løysing» på ei krimgåte. Han har skrive seks bøker om Malmø-detektiven Ulf Varg, og i boka Avdelningen för känsliga brott lar han ein svært lausmunna bibliotekar avsløre at ein mistenkt er storlesar av bøker om lykantropi, overtrua om varulvar. Noko som sjølvsagt er brot på bibliotekar-etikken, punkt 10 (i dei norske reglane). Og sjølvsagt Forvaltingslova §13 (noko liknande finst vel både i Sverige og Skottland).

PS 31.1.23: Også i Ulf Varg-boka «The Talented Mr. Varg» – «En man med många talanger» – får vi ein variant av det same trikset, men denne gongen er det ein bokhandlar som blir påverka til å seie noko om ein kunde sine lesevanar. Bokhandlaren: «Jag är inte säker på att det är riktigt etiskt försvarbart». Varg: «Jag kan inte se något fel med det». Så juristen (!) McCall Smith er klar over dilemmaet, men gir blanke!