Nrk P2 no: Bibliofil kunne blitt hacka!

Skjermbilde 2020-07-06 10.20.36

Slike låneprotokollar frå tidleg 1800-tal og langt seinare var trugsmål mot personvernet, men misbruk av datasystema i 2020 kan vere mykje meir alvorleg (frå Eiker folkeboksamling, trykt i Kildal: Norske folkeboksamlinger, side 184.

Oppdatert 6.7. kl 11.17.

På Nrk Nyhetsmorgen på P2 Radio måndag 6. juli kl 9.19: «Studentar avslørte sikkerhetshull» (sjå meny på venstre side). Bibliofil er i bruk i 159 bibliotek rundt i landet. Dei tre studentane ved NTNU gjennomførte ei sikkerhetstesting av biblioteksystemet som ledd i arbeidet med ei bachelor-oppgåve. IT-ansvarleg ved Trondheim folkebibliotek melder at dette skjedde «i fullt samråd med Trondheim kommune og Bibliotek-Systemer AS». Produsenten forsikrar at ingen andre enn studentane har utnytta holet. Torgeir Waterhouse seier at «Hovedproblement er at man ikke gjør systematisk testing, hele tiden. … De som tar beslutninger må være villige til å løfte sikkerhetsnivået».

Sjå også tre relevante PS:

PS 1. Bibliotek og personvern er eit ikkje heilt nytt tema her på bloggen, for å seie det mildt. Heilt spesielt vil vi minne om Knut Hegna sin artikkel i Morgenbladet i 2016.

PS 2: Og vi kan fastslå at krimforfattarar som Roslund og Hellström, Ian Rankin og Alexander McCall Smith, kjende for å la detektivar snoke i bibliotekregister, ikkje er i takt med tida.

PS 3: Så blir vi tipsa (av ein representant for ein konkurrent :-)) om at dette kunne abonnentar på Digi.no lese alt 30. april. Det må altså bli skikkeleg AGURKTID før bibliotek-skandalar kjem opp og fram.

 

One Trackback to “Nrk P2 no: Bibliofil kunne blitt hacka!”

Leave a Reply