Ytringsfri fridom

Hovudløyse (klikk og kikk)

Wikileaks» Julian Assange blir altså ikkje, i første omgang, overlevert frå UK til USA. Men redaktør Mari Skurdal skriv i leiaren i Klassekampen: «Det vi hadde trengt nå, var et prinsipielt forsvar for retten til å avdekke myndigheters overgrep. Det fikk vi ikke av dommeren i Old Baily i London i går. I stedet går hun god for argumentene til amerikanerne om at Assange har satt liv i fare og at han har konspirert med varsler Chelsea Manning for å få tak i dokumenter. Gårsdagens avgjørelse handlet bare om Assanges mentale helse og tålegrense».

Som vi skreiv i september, har denne saka vore nestan usynleg i norsk presse, og dei første versjonane av fleire av nettavis-oppslaga i går var baserte på ei NTB-melding som stadfestar den hovudlause haldninga at ytringsfridomen er uviktig i denne saka.

I strevet sitt for demokrati og ytringsfridom burde derimot biblioteka bruke denne saka aktivt. Eit søk i norske bibliotek gir blant anna 17 treff på bøker om Wikileaks.

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: