The Internet Archive er 25 år! Noko dei feirar med blant anna ei tidslinje som viser «the pivotal moments when knowledge became more accessible for all». Alle desse viktige åra og hendingane er markerte med lenker til innhald i arkivet.
Klikk til dømes på 1933, som markerer nazistanes bokbål dette året, og lån, på den spesielle Internet Archive-måten, men som forleggjarane meiner er lovbrot, boka «Burning books» av Matthew Fishburn.
Eller gå til 1989 og sjå Tim Berners-Lee, «faren» til WWW, snakke (i 2016) om «Re-decentralizing the web – some strategic questions».
24. mars 2020 lanserte Internet Archive sitt eige «naudbibliotek» under pandemien, som heller ikkje blei tolt av bokbransjen. Men les blant anna om ein forskar i Oslo som takk vere denne tenesta fekk fullført arbeidet sitt for Forskingsrådet.
PS: På bloggen har vi skrive om andre «naudbibliotek» som er om muleg endå meir forhatte blant dei som gjer seg til millardærar på andres forsking.
Lat oss seie som Wildenwey: «Dette vil ergre de store, men enkelte små vil det more».
Leave a Reply