Bibliotek-nekt hos «söta» bror?

Lånar som IKKJE lagar problem. På Realfagbiblioteket ved UiO (2012).

Ei hovudsak i svenske media i romjula er forslaget om ei lov om «tillträdesförbud till butiker, badanläggningar och bibliotek». Vi skreiv seinast i september om denne ideen som hadde oppstått, og då var motreaksjonane omfattande. Men no kjem likevel den sosialdemokratiske regjeringa (rett nok mindretals-), med dette utspelet. Truleg trygge på at dei også får støtte frå dei såkalla Sverigedemokaterna, eit parti med ei til no ukjend form for «bibliotekpolitikk». Blant anna.

I Biblioteksbladet finn vi: «En person ska kunna nekas tillträde om det finns risk att hon eller han begår brott eller kommer att trakassera personer som befinner sig där. När bedömningen görs ska det tas särskild hänsyn till om personen tidigare har begått brott på platsen. Särskilt för bibliotek gäller också att en person kan nekas tillträde om det finns risk att hon eller han kommer att störa verksamheten ”väsentligt”, eller orsaka betydande skada».

>> 29.12: SVT har intervjua leiaren for DIK-forbundet, som har mykje å innvende, og justisministeren er no på defensiven.

Som fleire stadar i Sverige, har USA liknande utfordringar, men These Times har intervjua ein bibliotekar i Dallas, Texas. Ho seier at folkebiblioteka mange stader er blitt ein siste tilfluktsstad for menneske utan annan tilgang til grunnleggjande ressursar — ein stad å bruke datamaskin, lese og skrive og å kvile. Å møte behova til desse brukarane — som kan vere heimlause, til dømes, eller som slit med narkotikamisbruk — krev ikkje ordenspoliti, men opplæring av bibliotekpersonalet i korleis ein taklar seksuell trakassering og utbrot relaterte til psykisk helse osv.

Også vår gamle kjenning og barske bibliotekar, Alison Macrina, blir intervjua. Ho tok i fjor initiativ til nettverket Abolitionist Library Association (AbLA).

PS: For ei tid sidan spurde vi om dette problemet er underrapportert her i landet eller om det er så mykje mindre enn i Sverige. Ingen har svart til no.

One Trackback to “Bibliotek-nekt hos «söta» bror?”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: