Archive for ‘Ordensproblem i bibliotek’

mars 11, 2022

« … stor takk for at han ikke hadde ringt politiet»

Litterær institusjon i Kristiansand utan store ordensproblem. Bra at dei ikkje kallar det verken minibibliotek eller bibliotek!

Fagbladet, utgitt av Fagforbundet, har ei sak denne veka om den positive verknaden av å tilsette ein miljøarbeidar: Nå er ikke biblioteket lenger preget av slagsmål, utagerende oppførsel, dop og redde ansatte. Staden er hovudbiblioteket i Kristiansand og miljøarbeidaren er Espen Halvorsen.

Reportasjen blir avrunda slik:

«Miljøarbeider Halvorsens beste anbefaling til dem som opplever utfordrende situasjoner på jobb, er tenke over hvorfor mennesker gjør det de gjør. Som eksempel: En noe beruset mann som åpenbart ikke hadde det greit, fikk en stor bamseklem istedenfor kjeft. I retur fikk Halvorsen en stor takk for at han ikke hadde ringt politiet.

– For det er problematisk at politiet ringes til så ofte. Dagene til en del av dem som er her, er preget av mye motstand og politi. Er de tilsnakkende, kan jeg snakke dem».

mars 1, 2022

Bibliotekarhatet

Hatobjekt

Det viser seg jo at russiske føderasjonspresidentar, vaksinatorar og parkeringsvaktar fort kan bli hatobjekt, men bibliotekarar?!

Jo, nettstaden Bookriot fortel om eit bibliotek i Arkansas, USA, der dei tilsette blir hetsa for å vere «pornografar og pedofile» fordi dei tilbyr «inkluderande litteratur» til barn og unge. Dei skal blant anna ha drepe spedbarn og valdtatt barn og ledd av det.

Og i Sverige er det no slik at «Nästan var tredje biblioteksassistent har utsatts för våld eller hot om våld det senaste året».

februar 11, 2022

Bibliotek i brann

Det første oppslaget i Dagbladet

Brannen og vatnskadane i det nye hovudbiblioteket i Oslo tysdag kveld var ikkje fullt så alvorlege som visse nettaviser ville ha det til. Det ideelle for dei er jo å kunne trappe opp dekninga gjennom fleire, stadig meir dramatiske oppslag, men Dagbladet fekk faktisk til ei nedtrapping gjennom tre oppslag på under seksten timar (jf. Atekst).

Dagen etter kunne Deichman opne dørene igjen, og på heimesida kunne dei nedskalere hendinga til eit «branntilløp». Og vatnet hadde gjort lite skade. Donald Duck-samlinga skal visst ha blitt mest råka.

Politiet opnar for at brannen var påsett, og dei har levert prøvar til analyse. Samtidig minner Nordre Aker Budstikke om brannen i ei papirkorg på ein WC på Realfagbiblioteket på universitetet på Blindern 26. januar. Så no ser politiet etter eventuell samanheng mellom desse.

Likevel blir dette for ingenting å rekne når vi torsdag kunne lese i Bistandsaktuelt om den «heilage» nedbrenninga av universitetsbiblioteket i Mosul under IS-kalifatet. 85% av bøkene klarte dei å øydeleggje. Men rekonstrueringa er i full gang!

PS 1: I haust blogga vi om by- og bibliotekbrannen i København i 1728, der mykje av kunnskapstilfanget til mellomalderens Noregshistorie kunne gått tapt.

PS 2: Hugs «Fahrenheit 451»! Og sjå sluttscena i filmen.

desember 28, 2021

Bibliotek-nekt hos «söta» bror?

Lånar som IKKJE lagar problem. På Realfagbiblioteket ved UiO (2012).

Ei hovudsak i svenske media i romjula er forslaget om ei lov om «tillträdesförbud till butiker, badanläggningar och bibliotek». Vi skreiv seinast i september om denne ideen som hadde oppstått, og då var motreaksjonane omfattande. Men no kjem likevel den sosialdemokratiske regjeringa (rett nok mindretals-), med dette utspelet. Truleg trygge på at dei også får støtte frå dei såkalla Sverigedemokaterna, eit parti med ei til no ukjend form for «bibliotekpolitikk». Blant anna.

I Biblioteksbladet finn vi: «En person ska kunna nekas tillträde om det finns risk att hon eller han begår brott eller kommer att trakassera personer som befinner sig där. När bedömningen görs ska det tas särskild hänsyn till om personen tidigare har begått brott på platsen. Särskilt för bibliotek gäller också att en person kan nekas tillträde om det finns risk att hon eller han kommer att störa verksamheten ”väsentligt”, eller orsaka betydande skada».

>> 29.12: SVT har intervjua leiaren for DIK-forbundet, som har mykje å innvende, og justisministeren er no på defensiven.

Som fleire stadar i Sverige, har USA liknande utfordringar, men These Times har intervjua ein bibliotekar i Dallas, Texas. Ho seier at folkebiblioteka mange stader er blitt ein siste tilfluktsstad for menneske utan annan tilgang til grunnleggjande ressursar — ein stad å bruke datamaskin, lese og skrive og å kvile. Å møte behova til desse brukarane — som kan vere heimlause, til dømes, eller som slit med narkotikamisbruk — krev ikkje ordenspoliti, men opplæring av bibliotekpersonalet i korleis ein taklar seksuell trakassering og utbrot relaterte til psykisk helse osv.

Også vår gamle kjenning og barske bibliotekar, Alison Macrina, blir intervjua. Ho tok i fjor initiativ til nettverket Abolitionist Library Association (AbLA).

PS: For ei tid sidan spurde vi om dette problemet er underrapportert her i landet eller om det er så mykje mindre enn i Sverige. Ingen har svart til no.

desember 16, 2021

Gjer eit kupp på biblioteket! ;-)

Tjuverisikra. Frå Chetham’s Library i Manchester. Klikk og kikk

Dei mest desperate av dei økonomisk koronakriseråka kan bli inspirerte av dette, så ikkje del i aust og vest: På Quora.com kjem det spørsmål om alt mellom himmel og jord. Så kan kven som helst svare. Noko dei gjer. Éin spør om følgjene om du sel ei bibliotekbok og får meir for henne enn erstatninga du må ut med til biblioteket?

Svaret er vel at fint lite skjer, for biblioteka følgjer dårleg med på bruktmarknaden, samtidig som dei aller fleste bøkene du kan låne med heim har omtrent like låg salsverdi som dei du finn på ein loppemarknad. Men så finst det altså unntak.

Om nokre har liknande røynsler, bruk gjerne kommentarfeltet.

PS: På Quora kan folk også finne på å spørje om kvifor ikkje antikkens europearar døydde ut når det var vinter og dei ikkje hadde sentralvarme

desember 8, 2021

Meirope-oppleving av tredje grad!

Også aserbadsjansk Wikipedia har ein omfattande artikkel om Åsgårdsreia. Klikk og kikk.

På siste sida i avisa Klassekampen (som vi siterer igjen, og med godt samvit) har i over tretti år petitspalten «I dag» vore ein tumleplass for hundrevis av skriveføre med ulike små eller store bodskap. Tysdag skreiv Bjørn Øyvind Engh frå Trondheim om ei bibliotekoppleving utanom det vanlege. Eller er det kanskje slik det er blitt når no alle med lånekort kan låse seg inn når som helst?

Ja, slikt som dette vil nok ergre dei store (i utval for oppvekst og kultur o.l.), men enkelte små vil det more. Her kjem det, med Engh si tillating:

Sjakk matt

Jeg sitter fordypet på biblioteket i noen metafysiske betraktninger i Morgenbladet da søndagsfreden i meråpent lokale brytes av en tsunami. Åsgårdsreien ankommer, de er bare fire 10-12-årige gutter, men adrenalinet er på topp: WROOOM…!!! som i en tegneserie, tre runder spurter de om kapp rundt reolene, gjør et stopp foran et par forskremte gamlinger, utfører rappetekster med dårlig …

read more »
september 29, 2021

Bibliotekportforbod?!

Av Karl den 12. bør vi ha lært at imperialisme er eit feilsteg. Her gravferda hans, på Nationalmuseum i Sthlm.

Kvifor så mykje svenskestoff på denne bloggen? Fordi dei, på godt og vondt, ligg «føre oss» på delar av bibliotekfeltet. I går var det dette med e- og lydbøker, der svenskane no møter dei negative følgjene av langt høgare utlån, noko vi må lære av når utlånet etter kvart må auke også her.

Læring i positiv forstand bør finne stad hos den påtroppande norske regjeringa om dei studerer den svenske staten sine øyremerkte tilskott til ikkje berre prosjekt, men også opprusting og drift.

Men noko vi ikkje bør kopiere svenskane på er portforbod for särskilt stökiga besökare på folkebibliotek og i symjehallar, som justisdepartementet i Stockholm varsla i går. Rett nok har dei meir bibliotekbråk og kriminalitet enn her i landet, men på twitter i dag er reaksjonane nådelause mot dette forslaget. Nokre er mest ironiske, men det kjem fleire solide både etiske og praktiske motargument.

mai 7, 2021

Vaksinepass = meirarbeid

Vreid dansk borgar anno 1013. Svein Tjugeskjegg invaderer England

Det danske «bibliotekarforbundet» Kultur og information har spurt bibliotek i by og bygd (det sistnemnde finst vel ikkje i DK) om røynslene med gjenopning og ikkje minst ordninga med coronapas. Størst problem er i det i dei større byane, der «man måske ikke har helt samme personlige relationer». Dei aller fleste er positive, men det finst også «vrede borgere». Truleg dei som ikkje har dette passet med seg eller ikkje er kvalifiserte for det, og må snu i døra. Om dei ikkje tingar bøker på førehand og får dei utleverte ved oppmøte.

Sjå også Bibliotekopning for A- og B-lånarar?

«- Medarbejderne oplever at have masser af opgaver, så det er ikke en blød start. For selvom der generelt er færre borgere på biblioteket p.t., så er der meget at lave i forhold til materialehåndtering, hvor alle udlånte materialer afleveres, og hvor man samtidig skal afsætte ekstra bemanding til at håndtere coronpas og de ekstra opgaver, det medfører».

PS: Nytt 7.5.: Frist 12. mai: Høring om koronasertifikat – endringer i smittevernloven. OBS: Bibliotek- og kulturforeiningane og -forbunda er ikkje høyringsinstansar. Men kan altså likevel levere svar.

mai 4, 2021

Tjuveri frå meiropne bibliotek?

Frå hovudbiblioteket i Malmø

Rapport frå bibliotek i Malmø i Sydsvenskan i dag: «Stölder stänger meröppet på biblioteket i Västra hamnen. … Jättetråkigt, tanken är ju att vi ska ha ”meröppet” på alla våra bibliotek, säger stadsbibliotekarie Torbjörn Nilsson.– Det är it-utrustning som stulits och det verkar som att tjuvarna har satt det i system. Därför valde vi att stänga meröppet tills vidare».

Korleis er dette i Noreg? Bruk gjerne kommentarfeltet.

desember 16, 2019

Kreativ bibliotekbruk

Carina Elisabeth Beddari, litteraturkritikar i Morgenbladet, fekk fredag opne luke nummer 13 i julekalenderen til BOK365. Kalenderlukeopnarane er blitt spurde om kva som er den finaste julegåva dei har fått, men Beddari vende på flisa: « … den beste julegaven jeg har gitt var et nakenbilde jeg la i en tidsskriftshylle på biblioteket, for så å sende hyllekoden til mottakeren. Man kan egentlig selge narkotika via de minst besøkte bibliotekshyllene. Så bruk biblioteket!»

No i desember har observasjonar av slik på-kanten-bibliotekbruk auka sterkt; det starta med filming på «et av Nord universitets biblioteksområder», sjå bloggposten 2.12. Er dette ein trend? Bruk kommentarfeltet 🙂

 

oktober 23, 2019

Uro i biblioteket: Underrapportering eller?

Svenske media er fulle av oppslag om forstyrringar, bråk og uro på biblioteka, og no eit lovforslag om rett til utvising frå offentlege lokale. Og «trygghetsrenovering» er blitt eit heitt tema i fagmiljøet, som betyr «bland annat lägre bokhyllor, harmoniska väggfärger – men färre böcker».

Mens vi her i landet sjeldan høyrer om slikt (vi har jo ikkje eingong trengt ein blogg-tagg for dette – før no: «Ordensproblem»). Kva er realitetane her i landet? Det er ofte ein samanheng mellom slike problem og arbeidsløyse og fattigdom, og vi har jo olja, men skilnadene er vel ikkje store? Men truleg er svenske byar meir ghettofiserte enn norske. I alle fall Stockholm samanlikna med Oslo (jau, det er muleg). Eller er det av ein eller annan grunn underrapportering av sånt her i landet? Eller: Innbyr ikkje norske bibliotek i utgangspunktet til så stort mangfald som dei svenske?

Skriv gjerne i kommentarfeltet.

Translate »