Oppsnappa veke 46

Operasjonsbord for hest, ifølgje Karl Bernhard Schjoll, 1902.

IKKJE PÅ NB.NO, ENNO. Internet Archive har ein god del norsk materiale. Noko av dette har NB ikkje, blant anna denne: Vore husdyr : praktisk dyrlægebog av Karl Bernhard Schjoll. Utgitt i Chicago i 1902. Men NB skal jo ha alt på norsk språk, så no kan dei frå IA laste ned boka i 12 ulike format! Og lytte til. Sjølv om du lågt tempo blir opplesinga på amerikansk-engelsk uforståeleg, men på svensk blir det litt betre. Norsk stemme har dei ikkje. Boka blei faktisk trykt opp i USA i 2016, både innbunden og i mjukband. Så du kan kjøpe henne på Amazon. Dei skriv at boka «has been selected by scholars as being culturally important, and is part of the knowledge base of civilization as we know it». 

DIGITALISERING MOT RASERING. Euronews.com skriv om digitaliseringa som no skjer i høgt tempo ved arkiv i Ukraina, for å kunne sikre i alle fall tekstane i dokumenta. Alle originalane flyttar dei no ned i sikringsarkiv som skal tole brann og bomber. Ut frå kva Putin seier om Ukrainas historie (at landet berre er eit påfunn av den polske eliten for halvtanna hundre år sidan), vil han sikkert, om/når han får kontrollen på materialet, luke ut eitt og anna…

KVA ER ÅTTE KRONER. I leiarartikkelen i Agderposten 6. november handlar det om nedskjeringane på biblioteket i Arendal på 2 millionar dei siste tre åra, som blant anna betyr to stillinger færre. og bortfall av tidligere inntekter. Denne samanlikninga likte vi: «Til innkjøp av analoge bøker har biblioteket tilgjengelig åtte kroner per innbygger. Det skal holde til både voksenbøker, barnebøker og fagbøker. Åtte kroner! Til sammenligning kostet siste nummer av Se og Hør 59 kroner».

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: