Fire år i fengsel for biblioteksjef?

Vi skreiv akkurat om lite modige bibliotekarar i samband med IFLA-skandalen som pågår. Men frå Michigan, USA, les vi no om ein biblioteksjef som kan risikere fire år i buret om ho ikkje fjernar teikneserieboka Gender Queer: A Memoir frå hyllene. Og det vil ho ikkje. Boka var den mest omdiskuterte i USA i 2022 og handlar om forfattarens sin oppvekst og korleis hen blei medviten om å vere ikkje-binær, og ho inneheld illustrasjonar av seksuelle handlingar.

Lokalavisa skriv at «Dette trugsmålet om strafferettsleg klage på eit bibliotek truleg er det første i delstaten, og er ei opptrapping av kulturkrigane som har spreidd seg rundt folke- og skolebiblioteka i Michigan det siste året».

Biblioteksjefen seier boka står i vaksenavdelinga, men det er ikkje bra nok for dommaren, for der meiner han ungdomane kan kome til. Dei færraste biblioteka i staten har eigne område for «obskøne» bøker der barn og ungdom ikkje kjem til.

The Washington Post hadde nyleg ei større sak frå ein nasjonal bibliotekkonferanse med 2000 deltakarar i New Orleans der denne typen sensur var temaet. Dei skriv at «bibliotekarar som avviser bokforbod har blitt truga, trakasserte, saksøkte, sparka og stempla som «groomarar» og «pedofile» på sosiale medium».

Leave a Reply