– Kvar klasse får ei kasse med bøker som skal vare i omtrent to månadar

I 1954 var det trass alt skolebibliotek. Marienlyst i Oslo. Kjelde: Nasjonalbiblioteket

Overskrifta er henta frå ei sak på Nrk.no i kveld om stoda for skolebibliotek her i landet anno 2023. Dette «bibliotektilbodet» er alt dei har på Breim skule etter at bibliotekfilialen på Byrkjelo i Nordfjord blei lagt ned for to år sidan på grunn av dårleg råd i kommunen.

Nrk intervjuar også universitetslektor i skolebibliotekkunnskap ved Universitetet i Agder, Ingeborg Eidsvåg Fredwall. Ho er klar på at «Det må bli tydelegare i opplæringslova kva eit skulebibliotek er og kva krav som bør vere til eit skulebibliotek». Og vidare:

«Me veit at det berre er omtrent 20 prosent av dei som jobbar i grunnskolen som har ei bibliotekfagleg utdanning. Det må også bli strengare krav til skoleeigarar om å utrusta og kjøpe inn ei samling til skulebibliotek sånn at samlingane er gode nok, og det er nok litteratur».

Forbundsleiar i Bibliotekarforbundet, Veronicha Angell Bergli, seier at «Ein bokkasse er på ingen måte eit skulebibliotek, og eit skulebibliotek er heller ingenting utan ein skulebibliotekar». «Ho ser at det er store skilnadar på kvaliteten på skulebibliotek i landet, og at barneskulen er den store taparen».

Leave a Reply