Skillingsvisdom på Gunnerus

Kor mange spørsmål kjem ikkje på bibliotekar-lister og -forum av typen: «Ein lånar ønskjer teksten til ei vise som startar slik: ….». Om du ikkje finn det på DuckDuckGo eller andre søkemotorar, på nb.no eller diktregisteret på Kongsberg (eg trudde det var på Elverum?), har det no kome eit «nytt» alternativ: nettstaden «Skillingsvisene i Norge«, utarbeidd av Gunnerusbiblioteket ved NTNU.

Her er det søk på førstelinje, tittel, forfattar, stad, år osv. og på emneord, sjå emneordskya. Dei eldste er transkriberte og søkbare på heile tekstane, også i dei vanlege søkemotorane.

Interessant for oss i dag: Arbeidaragitatoren Carl Johan Michelsen sin tekst «I Anledning af en Nordmands og en Jødes Samtale». Direkte inspirert av Henrik Wergeland sin kamp for å oppheve jødeforbodet i Grunnlova. Det er elles p.t. 37 treff på emneordet Etnisitet.

Sjå også Gerd Karin Omdal sin omtale av Michelsen og denne tidlege antirasistiske norske teksten (side 406 ff).

En kommentar om “Skillingsvisdom på Gunnerus

Leave a Reply