I Klassekampen i dag er hovudsaka på kultur bibibliotek-kutta rundt i landet. Her i landet vil Bodø truleg vere den første kommunen i landet som tyr til dette i nyare tid. – Da er det bedre å holde stengt enn å drive frivillig, seier Elin Fostvedt, hovedtillitsvald for Bibliotekarforbundet i Bodø.
Tidlegare i haust skreiv eg om korleis Det er fullt muleg å rasere bibliotektilbudet. Dømet er Storbritannia, der løyvingane til biblioteka er halverte sidan 2010. Mange hundre bibliotek er nedlagde, men mange er også «overtekne» av frivillige, ofte kalla partnership libraries, i regelrett nytale. Men med resultat at dei fort går dukken, dei også.
I mange norske kommunar er frivillige engasjerte for biblioteket, men då i venneforeiningar. Det er ikkje uvanleg at desse står for arrangement, forfattarbesøk og liknande, som det strengt tatt burde vore pengar til på bibliotekbudsjettet. Men i tider som desse, med trugsmål om store nedskjeringar, er foreiningane nyttige å ha som forsvararar av bibliotektilbudet, sjå til dømes skjermdumpen her frå Moss Avis i dag.
