Rjukan har eigen litteraturfestival, og i samband med denne skriv Radio Rjukan om biblioteket i byen at Torget, der biblioteket har vore sidan 1924, «var opprinnelig tiltenkt Rjukan kirke, men Sam Eyde mente at det kom til å være for mye støy fra kraftverket som ville forstyrre prestens taler, så kirken ble plassert der den nå ligger».
Denne historia er ikkje med i artikkelen om biblioteket på bibliotekdelen av Lokalhistoriewiki. Men ho er kanskje ikkje sann?
Sjå bloggaren sin eigen fotoserie frå biblioteket frå 2007.
Klassekampen sin sju-sidars feature laurdag 13. november handlar om barn og undom og lesing, nådelaust oppsummert i tittelen «Kortleserne : Skjermen drepte kjedsomheten. Og langlesingen». For følgjarane av denne bloggen er dette lite nytt, og for mange berre deprimerande. Sjølv om kanskje bibliotekarar under tretti sjølve tilhøyrer den same «lese-generasjonen»? Men likevel nokre høgdepunkt:
Avisa har besøkt Rygge ungdomsskole og prata med to elevar og brør, Willads og Ludvig. To stort sett kort-lesande, på ulike slags skjermar, men med forsøksvis lesefremjande foreldrar.
Vi blir undervegs presenterte blodfersk forsking frå Utdanningsdirektoratet: «Store deler av befolkningen bruker stadig mindre tid på trykt tekst. Ungdommen har dårligere leseferdigheter enn tidligere. Mange av dem oppgir at de bare leser hvis de må» … «Det gjør at utholdenheten og konsentrasjonsevnen ikke får samme trim som tidligere. En av konsekvensene er svakere leseferdigheter, spesielt hos guttene. At jentene leser bedre enn guttene».
På den berre fem år gamle skolen på Breisand i Rygge (no Moss kommune) er «Folkebiblioteket … rett og slett en integrert del av ungdomsskolen. Over tre etasjer, i lyse lokaler med innbydende sittegrupper, finner man siste nytt og …
Ikkje heeeilt relevant, men kult Av: Daniel Solis (CC BY 2.0)
Vi merka oss at det var ein svær konferanse denne veka om e-helse: EHIN. Vi veit ikkje om det var plass til debatt om Helsebiblioteket.no? Vi ser at Håvard Kolle Riis, no avdelingsdirektør for helsedata i Direktoratet for e-helse, tidlegare assisterande bibliotekdirektør ved UBO, hadde eit delansvar, men dette handla om andre ting.
Men i alle fall hadde Ingrid Hokstad, lege i spesialisering i medisinsk biokjemi ved Sykehuset Innlandet, eit saftig innlegg i Tidsskrift for Den norske legeforening no i oktober: «Jakten på evidensen». Ho avsluttar slik: «Hva hadde pasientene sagt om de visste at vi ikke engang har tilgang til å lese de nyeste tidsskriftene innen eget fagfelt? Neste gang du hører en pasient klage på at hen ikke får tilgang på nye behandlinger eller diagnostiske metoder, er det kanskje ikke så rart. Vi som jobber i helsevesenet har trolig ikke hørt om det, skjønner du».
Endeleg får vi høve til å sitere Finansavisen!: Storytel har kjøpt opp Findaway, «ifølge sine hjemmesider verdens største distributør av lydbøker». Og Spotify skal no tilby Storytel sine lydbøker.
Bloggaren, ein storforbrukar av lydbøker, ser fram til at kanskje Spotify kjem med lydbøker på fleire språk enn norske Storytel i dag; norsk, svensk og engelsk. Må halde tysken ved like, blant anna.
Det har enno ikkje skjedd, men magasinet The Week melder at ein medlem av eit skolestyre i Virginia har foreslått å brenne bibliotekbøker med LGBTQ+-innhald. Ei slik bok hadde dukka opp i bibliotek-appen, og det kan jo ikkje vere slik at skolen rår ungane til «å lese homse-porno heller enn bøker om Jesus», meinte representanten. Ein annan styremedlem meinte dei burde lese bøkene først, så dei kan stå sterkare når dei skal «utrydde slikt stoff».
The Week viser også til Aaron Blake i The Washington Post som meiner dette ikkje er eit eineståande døme (saka i TWP er bak betalingsmur, men CBS skriv om det same). I Kansas, Pennsylvania og særleg i Texas har bøker blitt fjerna, og då har det ofte handla om rasisme. Særleg Nobelprisvinnar Toni Morrisons «Beloved» har vore skyteskive for dei konservative republikanarane. Boka inneheld seksuelle skildringar, men Blake meiner at folk i den konservative rørsla «vil generelt ekskludere emne som involverer rasismens historie og korleis dette kan påverke samfunnet i dag».
Vi har tidlegare ved nokre høve kommentert bruk og misbruk av bibliotekarstereotypiar både i media og ganske så lødig litteratur. Ikkje overraskande er fenomenet også sentralt i eit hovudverk om fordommar og feilslutningar, av ein Nobelprisvinnar … i økonomi: David Kahneman: «Tenke, fort og langsomt» (Pax, 2012). Her frå forordet, der han skriv om eit eksperiment som han og kollegaer utførte (vår eiga omsetting frå den engelskspråklege utgåva):
«Ein person blir skildra av ein granne på denne måten: «Steve er veldig sjenert og reservert, alltid hjelpsam, men er lite interessert i medmenneska og omverda. Han er saktmodig og ryddig, med behov for orden og struktur og er opptatt av detaljar». Kva er då mest sannsynlig; er Steve bibliotekar eller bonde? Steves personlegheit liknar bibliotekar-stereotypien, dét slår alle med det same, men det finst like relevante statistiske faktorar som nesten alltid blir ignorerte. For det er meir enn tjue mannlege bønder for kvar mannleg bibliotekar i USA. Fordi det er så mange fleire bønder, vil vi nesten heilt sikkert finne fleire «mjuke og ryddige» sjeler på traktorar enn ved informasjonsskrankane i biblioteka. Likevel fann vi at deltakarane i eksperimentet ignorerte desse relevante statistiske fakta og berre stolte på likskapen».
November-idyll. Ikkje som på IFLA-seminaret, men i indre Østfold. Klikk for større foto
Av Anders Ericson og Mikael Böök
IFLA er sjølvsagt sterkt opptatt av bibliotekas evner til å takle kriser. Men når dei drøftar slikt i 2021, må dei famne breiare enn berre covid-19 og breiare enn store, ressurssterke bibliotek i i-land.
27. oktober kom innbydinga på postlista til folkebibliotekseksjonen i IFLA til eit éin times web-seminar i dag, 10. november, med tittelen «Public Libraries Responding in Times of Crisis». I innbydinga viste dei til at «people all over the world are facing all kinds of different crisis, such as the covid-19 pandemic, forest fires, climate crisis, etc. Public libraries and their staff have to respond to these challenging times. How are they responding and what can we learn from experiences all over the world?»
Alt i opninga forsto vi at dei hadde innsnevra temaet til å omfatte berre covid-19-pandemien. Mikael Böök skriv meir nedanfor om opplevinga si som aktiv deltakar som hadde førebudd seg på ei langt breiare «kriseforståing».
Men først nokre tankar rundt seminaret slik det framstod. Eg må spørje meg kor stor verdi det har å einsidig høyre om best-practise frå to storby-bibliotek, det eine i Nord-Amerika og det andre i ein av Asias mest vestleggjorde statar. Forfattaren og bibliotekprofessoren David Lankes var med som kommentator, men dette var eit døme på at han er best i det store formatet, på trykk:
Fekk akkurat ei etterlysing frå ein bibliotekar med litt fartstid, etter ein spesiell wiki som underteikna hadde sysla med ein gong i tida. Denne var eit biprodukt avarbeidet som nettredaktør i Norsk Bibliotekforening, men då dei måtte skjere vekk både tidsskriftet sitt og nettjournalistikken, og vi blei to journalistar til overs, blei heller ikkje abonnementet forlenga hos wiki-leverandøren. Wikien BibliotekSATS presenterte vi som «ein idébank og «kokebok» for bibliotekaksjonisme». Men no finst han berre på Wayback Machine.
Som betyr at det tar uvanleg lang tid å opne dei ulike lenkene. Nokre sider ser vi at ikkje er fanga opp av WM, og det er ting her som er forelda og lite interessant i dag, og ting som kunne blitt oppdatert, men som ikkje vil skje. Om ikkje nokon annan startar noko slikt frå botnen av. Men tida har kanskje ikkje gått frå absolutt alt, til dømes under «Bibliotek-PR» og «Argument for bibliotek».
Dessverre, Lahlum, dei raude bannera var ikkje der i 1973
Vi har tidlegare mått hengje ut Hans Olav Lahlum her på bloggen for å ha utvist lita forståing for eit viktig bibliotek-etisk prinsipp, nemleg når han i krimboka «Sporvekslingsmordet» lar detektiven sin, Kolbjørn «K2» Kristiansen, få gjennombrot i ei etterforsking ved hjelp av lånardata, velvillig utleverte av ein bibliotekar på Deichman. Men noko som berre skal vere muleg etter rettsleg kjenning frå ein domsstol. Og då under sterk tvil.
Dette forstår alle i dag, når personvern er eit så heitt og hyppig tema. Lahlum har ikkje protestert på klagemålet vårt, men han ville kanskje hevda at dette var meir ukjend då dei fiktive brotsverka hans fann stad. «K2-serien» hans er nemleg retro-krim frå tidleg 1970-tal. Og tidskoloritten er tatt på kornet. Særleg dei av oss som opplevde Oslo på denne tida blir effektivt sette attende til desse langsame mobiltelefon- og datanettfrie tidene, då narkotikabrotsverka var litt hasjrøyking i Slottsparken og terrorisme eit framandord i utanriksnyheitene. Og alt går føre seg på tidsriktig, sobert Oslo-Vest-språk, med De og Dem og herr, fru og frøken.
Lahlum er sjølv fødd i 1973 og oppvaksen ved Mjøsa, så Oslo-researchen hans må ha vore omfattande. Så er han også ein av krim-sjangerens absolutte skærpingar. Men likevel går han i baret: For i bok nummer 10 i serien, «Svanemordet» (2020), skriv han om eit vitne som ser eit mordoffer (før mordet finn stad) gå ut av – Nasjonalbiblioteket!?
Men i 1973 var ikkje dette namnet på noko bibliotek i Noreg!
Moss sentrum i oktober. I motsetnad til nyliberale verdiar
Bloggaren har heile tida ambisjonar om å trappe ned, for dette er jo galskap. Har halde på med dette gratisarbeidet sidan journalistjobben i NBF måtte sparast inn for sju år sidan. Ein kunne jo i staden henge ute med dårlege vennar og drekke kaffi og det som verre er på herverande utestader, eller gå turar med alle desse lydbøkene i all slags vér, no blir det mest i godvér, eller sitje på enden og lytte til relakserande musikk.
Så dukkar det opp eit perfekt kompromiss: Slow Library! Og ikkje heilt utan sting.
Fort og gæli omsett: «Sakte bibliotek er ein antirasistisk, lydhøyr og verdidriven praksis som står i motsetnad til nyliberale verdiar. Arbeidstakarar i sakte bibliotek er fokuserte på relasjonsbygging, djup forståing og å møte behova til brukarane, og gi rettferdige tenester til lokalsamfunna deira. Internt er langsam bibliotekkultur fokusert på læring og refleksjon, samarbeid og solidaritet, verdsetting av alle slags bidrag og støtte til tilsette som heile menneske. Sakte bibliotekverksemd er ein prosess, ikkje eit mål; det er ei orientering mot arbeidet vårt, oss sjølve og andre som skaper positiv endring. Det er ein organisasjonsfilosofi som støttar arbeidarar og byggjer sterkare relasjonar med lokalsamfunna våre».
I 1996 gav Norsk Bibliotekforening ut «Bibliotekenes mytekverker», eit ørlite hefte i A6-format, men som Nasjonalbiblioteket faktisk har digitalisert. Dette var då internettet var det store, nye, og foreininga hadde vel særleg behov for å kverke den negative myten at «Ny teknologi vil overflødiggjøre bibliotekene og bøkene» (sjå side 7).
Sidan då har biblioteka hatt standardheving på nokre område. Det har blitt fleire gode biblioteklokale (Tromsø, Bodø, Nye Deichman osv), noko som kan ha betra den allmenne haldninga til biblioteket, ikkje berre i dei aktuelle kommunane. Men så var det dette med biblioteklova som blei oppjustert i 2014. Her tyder mykje på at det har oppstått ein positiv myte. Dette er heller ikkje bra.
Bernhard Ellefsen, ein av dei få relativt aktive kommentatorane i norsk presse når det gjeld bibliotekspørsmål, skreiv i Morgenbladet i førre veke at dei borgarlege kulturministrane har lite å skryte av på litteraturfeltet, men: «Ser man på hvilke tiltak som har hatt effekt gjennom de siste åtte årene, peker for eksempel den justerte folkebibliotekloven seg ut. Den ble riktignok lagt frem av kulturminister Hadia Tajik, men først i årene etterpå har vi sett at det nye kravet til folkebibliotekene om at de også skal være «arenaer for debatt» har skapt nye og viktige kanaler for norsk litteraturformidling».
Med omfattande økonomisk støtte frå Nasjonalbiblioteket og Fritt Ord har det blitt mange fleire arrangement i biblioteka om litteratur og med forfattarar, sjølv om dette …
Frå den verkelege verda. Frå House of Foundation i Moss, 28.10. 2021
I Klassekampen i dag blir vi oppmoda til å «klokka halv elleve i kveld heve glasset og si «lo» høyt og tydelig. For det var den aller første meldinga sendt mellom to noder koblet sammen i et nettverk, nærmere bestemt Arpanet som er forløperen til internett av i dag».
I dag kan vi også lese om ein påstått avløysar til internett: Metavers. Det er Eirik Solheim på NRK Beta som skriv om denne nye (overlevings-)strategien til Facebookgründar Zuckerberg: «Det de vil lage er et slags univers på utsiden av det vi allerede har. En parallell verden som foregår på internett og i datamaskinene våre. De skal kombinere sosiale medier, netthandel, videomøter, spill og underholdning. Denne verden skal du kunne kaste deg inn i ved hjelp av sensorer, mobiltelefoner og VR- og AR-briller».
Kor ser vi biblioteket sin plass i dette?!
Jo, her er det kanskje håp! (ironisk smilefjes) For Solheim minnar om at «ordet metaverse er hentet fra Neil Stephensons novelle Snow Crash fra 1992 og har vært direkte inspirasjon for tredimensjonale virtuelle verdener som Active Worlds og Second Life». Og sistnemnde hadde ei viss oppslutning i bibliotekmiljøet for ti-tolv år sidan. Her er det ein del halvunge folk som sit med solide røynsler!
På den tida hadde ideen om «Norgesbiblioteket» utlevd rolla si i den verkelege verda (det blei aldri noko meir enn ein idé i tidenes mest ignorerte/daudfødde nasjonale bibliotekutgreiing (sjå side 13)), men ideen fekk ein periode kunstig overleving i Second Life.
At det er skilnad på store og små bibliotek, på bibliotek i byar og bygder, er ikkje noko nytt. Men mykje tyder på at skilnadene vil auke. Før kunne ein utlikne skilnader ved hjelp av fjernlån, men i dag er lån av fysiske bøker berre éin del av etterspurnaden og tilbodet, og denne delen er synkande.
Gjennom blogging og reiser får vi kontakt med bibliotekarar og biblioteksjefar også i slike heilt små kommunar. Dette er folk med aukande frustrasjon etter kvart som også nye oppgåver blir lagde til biblioteket. Lovpålegg om møteplass og debattar er éin ting, ein annan er nye kampanjar og trendar som leseløft, berekraft, digital formidling og kjeldekritikk. Alt dette er spanande og utviklande, men mest for dei som alt har hovudet godt over vatnet.
I 2019 hadde ifølgje årsstatistikken 235 av kommunane, altså 55 prosent, to årsverk eller mindre i biblioteka sine. Og 89 av desse hadde berre null komma noko årsverk å rutte med (i tillegg kjem ti bibliotek som ikkje leverte statistikk, noko som truleg også fortel om lågt nivå på bemanninga).
Dette var før kommunesamanslåingane, så no er mange av dei små blitt usynlege i statistikken. Men frå 2019 til i fjor auka talet på årsverk med berre 9, så realitetane er dei same (talet er no 1843; i t.d. 1998 var det 1901). Og om det no blir nedlegging av filialar i Ålesund og kanskje fleire …