Framtidas to typar folkebibliotek

Nye Deichman i Oslo – ein publikumsmagnet

At det er skilnad på store og små bibliotek, på bibliotek i byar og bygder, er ikkje noko nytt. Men mykje tyder på at skilnadene vil auke. Før kunne ein utlikne skilnader ved hjelp av fjernlån, men i dag er lån av fysiske bøker berre éin del av etterspurnaden og tilbodet, og denne delen er synkande.

Gjennom blogging og reiser får vi kontakt med bibliotekarar og biblioteksjefar også i slike heilt små kommunar. Dette er folk med aukande frustrasjon etter kvart som også nye oppgåver blir lagde til biblioteket. Lovpålegg om møteplass og debattar er éin ting, ein annan er nye kampanjar og trendar som leseløft, berekraft, digital formidling og kjeldekritikk. Alt dette er spanande og utviklande, men mest for dei som alt har hovudet godt over vatnet.

I 2019 hadde ifølgje årsstatistikken 235 av kommunane, altså 55 prosent, to årsverk eller mindre i biblioteka sine. Og 89 av desse hadde berre null komma noko årsverk å rutte med (i tillegg kjem ti bibliotek som ikkje leverte statistikk, noko som truleg også fortel om lågt nivå på bemanninga).

Dette var før kommunesamanslåingane, så no er mange av dei små blitt usynlege i statistikken. Men frå 2019 til i fjor auka talet på årsverk med berre 9, så realitetane er dei same (talet er no 1843; i t.d. 1998 var det 1901). Og om det no blir nedlegging av filialar i Ålesund og kanskje fleire …

… av dei nye samanslåtte kommunane som slit økonomisk, vil dette også «pynte på» denne statistikken (ifølgje Klassekampen låg det i «35 av de 43 sammenslåtte kommunene … an til kutt i tjenestene allerede i 2021. 41 av de nye kommunene har større kutt inne i planen fram mot 2024»).

No må vi håpe (men dette burde nokon forske på eller i det minste ta ein master på) at det oppstår synergieffektar i dei nyleg samanslåtte biblioteka. Men likevel: Frå den negative nasjonale «rekorden» på 0,2 og opp til 2 årsverk – kan det bli bibliotek av slikt?

Der biblioteket alt sit godt i det, kan det sprute av både kreativitet, innovasjon og optimisme. Vi har også dei siste åra besøkt moderniserte eller godt haldne hovudbibliotek i byar som Göteborg, Bergen, Tromsø og Trondheim, og nybygga i Århus og Oslo, og vi har sett korleis dei fungerer som sterke magnetar på folk (i Bodø var vi på biblioteket ein morgon, kanskje for tidleg for den store myldringa).

Slik vil det vanskeleg kunne bli på mindre stader og i byar og tettstader der det ikkje finst høgare utdanningstilbod. Men må likevel små bibliotek på små stader stagnere og bli berre ekspedisjonskontor for papirbøker? Nokon burde forske på dette og ta problemet skikkeleg fatt. Noko slikt har vel (?) ikkje vore gjort sidan Niels Windfeld Lund ved UiT gjennomførte prosjektet «Bibliotek og hverdagsliv på Senja» for tjuefem år sidan.

PS: Dette dilemmaet har dei også i Sverige, endå sentraliseringa er langt større der. Det nyaste nummeret av BiS, Bibliotek i samhälle, har ein artikkel som handlar om dette, om bibliotek i glesbygd. Mange norske vil kjenne seg igjen, også når statistikken viser at den lille kommunen faktisk kan ha fleire årsverk per tusen innbyggjarar enn storbyen (Oslo har 0,3 per tusen).

One Trackback to “Framtidas to typar folkebibliotek”

Leave a Reply

Translate »
%d bloggers like this: