
Som bibliotekbloggar burde ein ha gått grundig inn i desse debattane, men det får eventuelt bli utpå hausten. Og i utgangspunktet er jo folkebiblioteket soleklart for fri meiningsutveksling.
Når dét er sagt, er det grunn til å dele intervjuet Dag og Tid hadde med Rune Slagstad om desse tinga. Han «avviser kategorisk scenenekt som strategi», også når han blir møtt med påstanden at Sian (Stopp islamiseringen av Norge) «ikkje [skal] få ytre seg på offentlege bibliotek fordi andre brukarar kan verte redde». Men intervjuet tar utgangspunkt i boka til Fosli, der Slagstad er klar på at bokmeldinga burde ha blitt trykt i Prosa. Men samtidig påpeiker han at bladet har «bidrege med gratis PR til ei bok som alt har selt om lag 2500 eksemplar». Men les heile.
Så snubla vi også over to verkeleg omfattande artiklar på Wikipedia om både … Les mer «Scene- og sokkelnekt?»



Kommunal rapport siterer i dag
Vi har alle opplevd det, at vi må leite stadig lengre ned i Google sine trefflister for å finne noko som ikkje er reklame eller oppslag i dei aller mest populære media (til dømes om du søkjer på eit stadnamn i Sverige er sjansen stor for at
Den britiske statsministeren i fire periodar i siste halvdelen av 1800-talet, William Gladstone, er hylla på mange vis dei siste halvanna hundre åra for leiinga av det Britiske Imperiet. Men no vaklar statuane av han, for det er blant anna sett fokus på at han lenge var imot å oppheve slaveriet. Til 

Det er Olsok 29. juli og 990 år sidan Heilag Olav blei heilag. Nærmare bestemt sidan han la grunnlaget for heilagskapen sin ved å stupe på Stiklestad denne dagen (meir presist var det Kalv Arnesson og Tore Hund som sytte for stupinga). Det tok eitt år og fem dagar for Olav å bli helgen, men det kan ha vore verdsrekord (Peter av Verona slog ham i 1253 då han fekk tittelen alt etter 337 dagar). Mykje er skrive om Olav sidan Snorre og frametter, men lesetipset denne veka er likevel
Juli betyr færre nyheitssaker og dermed tid til langlesing. Men i bokhaugen ligg det også titlar vi lenge skulle ha omtalt på bloggen, til dømes ein overliggar frå i fjor: «Bokhistorie. Bibliotekhistorie : en jubileumsantologi fra Norsk bok- og bibliotekhistorisk selskap». Dette er den fjerde publikasjonen 