Unikt bibliotektilbod … ?! (det er fredag)

Klikk og kikk

I den svenske småbyen Flen tar biblioteket i bruk koronatrygg teknologi når dei no opnar igjen. Og dei lanserer dette på TikTok.

Frå svensk-norsk ordbok: Utplåning = utsletting

Biblioteket har fleire tiktoks i denne slakke stilen.

Noko å bli inspirert av her i landet? I Nittedal har dei hyra inn ungdomar til dette. Bra!

Også i ein av dei største norske byane har biblioteket prøvd seg, men der må dei lære seg skilnaden på å og og. Det er jo særleg barn og ungdom under norskopplæring som bruker denne kanalen!

Dette ser ut til å bli ein kort bloggpost. Om det ikkje er meir å melde om Flen på ein lat fredag i juni? Og det er det:

Les mer «Unikt bibliotektilbod … ?! (det er fredag)»

Biblioteka treng alliansar framover

Skjermbilde 2020-04-27 18.37.55
Klikk og sjå heilsidesannonsa frå Deichmans venner i 1990. Etter allianse med bl.a. Fritt Ord

Mange bibliotek har veneforeiningar. Dette er ofte greie nok foreiningar i «fredstid», som typisk står for eit ope arrangement eller to i løpet av året, er med på loppemarknaden og har ei Facebookside med ofte god deltaking.

Men når den lokaløkonomiske post-korona-realitetane slår inn over oss alt til hausten, men kanskje særleg neste år, når regjeringa vil trappe ned på fondsbruken, er det ikkje nok. Då må alliansar byggjast med personar og grupper som i korona-prosessen har fått auga opp for kor sårbar kunnskapen kan vere framover. Og som ser samanhengen mellom fri tilgang til kunnskap og eit reelt demokrati. Sitat frå «Sju forslag for den nære framtida»

Ein vinn-vinn-vinn-situasjon

Skjermbilde 2019-10-21 11.28.42
Ein ikkje fullt så heldig togtur. Klikk og kikk

I Nederland har dei også årlege nasjonale bokdagar, og ifølgje britiske Independent var årets stunt at du fekk reise gratis på toget denne dagen om du kunne vise konduktøren den gratis bokdag-boka du får i gåve om du kjøper ei bok i bokhandel eller får deg lånekort på eit bibliotek.

Endå ein vinst blir det, for miljøet, om det fører til at fleire tar toget.

Biblioteket mest populært?

Skjermbilde 2019-08-20 11.18.44
Ikkje juble for tidleg

Vi kjenner det alle saman frå Difi sine «Innbyggerundersøkelser» omlag anna kvart år, at biblioteket er den klårt mest populære offentlege tenesta, nærmare bestemt; med størst «brukertilfredshet». Det gjeld ikkje berre for brukarane, men også for innbyggjarane, der ikkje-brukarane er medrekna. Her er det «inntrykk av tilbudene» folk får uttale seg om.

Og lenger nede og på botnen kjem alltid sånne som kemneren, NAV og plan- og bygningskontoret.

Også i den nasjonale bibliotekstrategien, den som gjekk ut på dato i fjor, gjorde Kulturdepartementet og Nasjonalbiblioteket eit poeng av at biblioteket er «den mest populære offentlige tjenesten i landet.»

Sjølvsagt er biblioteket populært, men slik kåringane til Difi møter oss i pressa, er det like sjølvsagt ein illusjon å tru på desse rangeringane. Noko seniorrådgivar Anders Kirkhus ved SINTEF Byggforsk sette ord på i ein kronikk i Kommunal Rapport i juni: Les mer «Biblioteket mest populært?»

Stockholm 2019 – ein prøvestein for forsvaret av biblioteka

Skjermbilde 2019-07-04 22.37.58Her på bloggen har vi gitt stor plass til bibliotekkrisa i Storbritannia og til nedturen i Danmark. Men så lenge det veks opp fantastiske nybygg som i Århus og Helsingfors og i Bodø og snart i Oslo, så kan det vel ikkje vere så gale, tenkjer mange? Og den godt over hundre år gamle og internasjonalt nærmast mytiske Scandinavian Public Library Model må vel stå trygt?

Men så kjem det skremmande signal frå Stockholm. Store kutt og endå større til året. Og med ein kulturråd som skandaliserte seg sjølv i manges auge med forslag om konkurranseutsetjing av biblioteket, noko han rett nok blei pressa av sine eigne til å dementere.

Då tar vi ein tur til Stockholm, rett og slett. Det er jo også ljuva mittsommarn på gang og betre vêrmeldingar enn heime.

Vi treffer Alice Thorburn på Stockholms stadsbibliotek på Sveavägen, … Les mer «Stockholm 2019 – ein prøvestein for forsvaret av biblioteka»

Biblioteket og kommunevalet?

Skjermbilde 2019-04-12 14.20.39
Frå eit sannsynlegvis fiktivt parti i USA: «Make America Read Again»

Tittelen ovanfor kjem med eit spørjeteikn, for ifølge ein kommentar i går av debattredaktøren i Kommunal Rapport har biblioteket og kommunevalet lite med kvarandre å gjere. Ifølgje  meiningsmålinga Helsepolitisk barometer (pdf) er det, ikkje overraskande, helse og omsorg som opptar folk klart mest før valkampen. Og dét meir enn nokon gong tidlegare. Kultur (medrekna bibliotek) ligg lågt; berre éin prosent meiner dette er viktigast.

Men vi får leggje til at dei over to tusen respondentane ikkje blei spurde spesifikt om kommunale og/eller statlege tilbod. Og når det denne gongen er kommuneval, så må likevel større endringar på bibliotekfeltet kunne bli valkampsaker, som nye lokale eller nedleggingar av filialar. For ikkje å seie forsvar for bevaring av tidlegare hovudbibliotek som filialar når kommunar skal fusjonere.

PS: Det er ikkje samsvar mellom tala i artikkelen i KR og i presentasjonen, og KR svarer ikkje på dette når vi spør kvifor. Men tendensane er likevel klare.

Biblioteket er mest truverdig. Men …

Skjermbilde 2019-03-20 13.05.01Danmarks biblioteksforening annonserte måndag: «Ny Megafon-måling placerer Facebook som bundskraber, og bibliotekerne som en klar topscorer i forhold til troværdighed.» Meiningsmålarane har spurt «hvor troværdig, de [danskane, vår merknad] oplever forskellige medier i forbindelse med informationssøgning.»

Men dei ulike «informasjonsleverandørane» som er lista opp (sjå illustrasjonen) er verkeleg hummer og kanari. Ikkje at vi har behov for å nedsnakke biblioteket, men mens dei fleste på lista er informasjonsprodusentar på ulike vis, er biblioteket … Les mer «Biblioteket er mest truverdig. Men …»

«The best deal you are ever going to find»

nypl gratis utlån

Vi har både elektrikar og røyrleggjar i familie eller nær omgangskrins og må vel vedgå at vi har hatt fordelar av dette no og då. I (det avkorta) oppgjerets time har vi som bibliotekar tilbode vår form for bonus, altså heimlån av bøker – heilt gratis! Men utan å tru at nokon ville ta det som noko anna enn fleip. Dei har anten alt vore lånarar eller har trengt sterkare påtrykk enn som så.

Men i New York tok biblioteket dette skjemtet i bruk på Black Friday no i haust. Ifølgje nettstaden PR Week skrapa dei saman sponsormidlar til ein heilsides annonse i The New York Times med bodkapen vi ser over desse linjene. Og fekk 32 prosent fleire innmelde enn same dag året før, ti tusen likes og eitt tusen delingar og ei mengd positive tilbakespel frå PR-folk og andre som likte parodien på detaljhandelen sine perverse utsal.