Stockholm 2019 – ein prøvestein for forsvaret av biblioteka

Skjermbilde 2019-07-04 22.37.58Her på bloggen har vi gitt stor plass til bibliotekkrisa i Storbritannia og til nedturen i Danmark. Men så lenge det veks opp fantastiske nybygg som i Århus og Helsingfors og i Bodø og snart i Oslo, så kan det vel ikkje vere så gale, tenkjer mange? Og den godt over hundre år gamle og internasjonalt nærmast mytiske Scandinavian Public Library Model må vel stå trygt?

Men så kjem det skremmande signal frå Stockholm. Store kutt og endå større til året. Og med ein kulturråd som skandaliserte seg sjølv i manges auge med forslag om konkurranseutsetjing av biblioteket, noko han rett nok blei pressa av sine eigne til å dementere.

Då tar vi ein tur til Stockholm, rett og slett. Det er jo også ljuva mittsommarn på gang og betre vêrmeldingar enn heime.

Vi treffer Alice Thorburn på Stockholms stadsbibliotek på Sveavägen, …det vakre og – i 1928 – arkitektonisk fullendte bygget (jau, det var – og er – faktisk mykje meir funksjonelt og var meir moderne enn det som sju år seinare sto ferdig i Oslo). Alice er programansvarleg på biblioteket og ein av dei tilsette som store og små media har intervjua om nedskjeringane.

Skjermbilde 2019-07-08 13.57.41

Aktivist og programansvarleg Alice Thorburn, i det vakre, men over 90 år gamle huvudbiblioteket

Vi går først innom Det internationella biblioteket (IB) i eit av dei såkalla anneksa. Rundt sju hundre bruker dette kvar dag, men ein del av den store «omstruktureringa» (eufemismane sit laust i kommuneleiinga her borte) er at for å spare pengar må lokala leigast ut, truleg til ein skole. Så IB må flytte til filialen i bydelen Kungsholmen. Der innbyggjarane då i praksis kjem til å miste det vanlege bibliotektilbodet sitt. Og magasinarealet der er mykje mindre, så mykje litteratur frå IB må spreiast på filialane, fjernlagrast eller kasserast. Dette er samlingar på 120 000 band på over hundre språk, som ofte blir fjernlånt, også til forsking, og til både inn- og utland. Og minst like alvorleg er det at personalet og denne spesielle kompetansen truleg blir splitta. Det er ikkje tilfeldig at IB blei vald til Årets bibliotek i Sverige i 2011.

– Ei utfordring for kommunen var at landstinget (tilsv. fylkeskommunen, vår merknad) trekte tredelen i budsjettet som dei var med og finansierte, fortel Alice. – Kungliga biblioteket (nasjonalbiblioteket, vår merknad) er også inne med ein tredel.

– – –

Nytt 11. juli: Denne forsvarskampen er i god utvikling også midt på sommaren, for etter at vi godt og vel er heime igjen kan vi 8. juli lese i blant anna Dagens Nyheter og på ei eiga Facebookside at det er starta ein låneaksjon for IB. Folk blir oppmoda om å låne ryggesekken full av bøker dei meiner må reddast frå kassering (maks 50 per lånar er regelen). Ein slik aksjonsform får gjerne god merksemd i pressa, som i Oslo i 1982 då forfattarane tømte Deichman for sine eigne bøker i protest mot dårlege bibliotekbudsjett. Ein meir alvorleg aksjon for å redde bøker fann stad i Kristiansand under andre verdskrigen, men då med så lita merksemd som muleg om han skulle lukkast. Les om initiativtakar Reidun Johnsen, nr. 5 på lista vår over Barske bibliotekarar.

– – –

Skjermbilde 2019-07-11 19.25.43

I ein kjend nettbutikk kan ein kjøpe ryggsekk med bibliotekmotiv – frå Stockholms stadsbibliotek. Noko for låneaksjonen? [NB IKKJE annonse]

Trugsmåla mot IB er dramatiske, men endå meir alvorleg for heile bibliotekstrukturen i Stockholm er dei generelle budsjettkutta:

– I mai måtte fire personar slutte på hovudbiblioteket og tilsvarande ti i juni. Sju deltidstilsette slutta alt i mars. Før året er omme er førti tilsette vekk, eller omlag kvar tiande stilling. På arbeidsfeltet mitt har vi på kort varsel mått avlyse den opne scena for poesi, lesesirklar for barn og vaksne og biblioteket sine arrangement. Å ringe kvar enkelt kunstnar og føredragshaldar ville vore ei verkeleg tøff arbeidsoppgåve og ville skapt mykje bad will. Eventyrtimane for barn har vi fått redda, men mykje anna er i faresonen.

– Vi har hatt dårlegare økonomiske vilkår over fleire år, men ingenting så alvorleg som no, oppsummerer ho. – Og det ironiske er at det kjem etter at 2018 var eit rekordår for biblioteka i Stockholm.

I dei mange større avisoppslaga i riksaviser som Dagens Nyheter og Svenska Dagbladet kan vi lese korleis problema skaut fart etter kommunevalet i fjor, der dei marknadsliberale høgrepartia fekk fleirtal saman med Centern og Miljöpartiet.

Alice Thorburn stadfester at Centern i Sverige har utvikla seg motsett av Senterpartiet i Noreg, altså i klår høgreretning. Og det var kulturrådet frå dette partiet, Jonas Naddebo, som altså ville privatisere, og no skjere ned.

Motaksjonen starta i mars med eit ope brev der 85 av dei tilsette på hovudbiblioteket protesterte mot planane. Så arrangerte dei ein punktdemontrasjon i mai på det sentrale Sergels torg. Avisa Proletären meiner 1000 møtte opp, men Alice har høyrt 350.

– Men demoen var viktig, og Facebook er viktig, men viktigast, om vi skal kunne vinne fram, er nok dei verkeleg mange og gode avisinnlegga frå kjende forfattarar, kulturpersonar og andre.

 

Skjermbilde 2019-07-08 14.01.58

I Poesibazaren har dei ikkje lenger råd til å halde arrangement (jau, dette er ein sektor av det sirkulære tidlegare bokmagasinet rundt den store hovudsalen)

Vi noterer oss også at over fire tusen har skrive under eit eige opprop frå Sveriges Författarförbund.

– I norske media les vi om at ytringsfridomen for offentleg tilsette i praksis er svekka. Når de i Stockholm går så kraftig ut mot politikarane, blir de ikkje skulda for illojalitet?

– Nei, det har ikkje skjedd. Vi føler også at vi har leiinga med oss langt på veg. Vi utfører også risikoanalysar saman med sjefane våre der vi forsøker å stille opp ulike scenario og korleis vi skal kunne møte dei.

Skjermbilde 2019-07-08 14.06.26
>> Utsnitt av postkort som Robert Nyberg gjorde for det svenske kommuneforbundet i 2000. Med teiknarens godkjenning. Klikk og sjå meir av han >>

– For dei krymper jo verksemda i ein by som veks. Det er ikkje tvil om at kvaliteten på tenestene vil bli dårlegare. Når talet på stillingar blir redusert, og med kutt i vikariata, vil vi oppleve at filialar må stengje i periodar. Avdelingssjefane må no drillast i rutinar for å stengje i slike situasjonar.

Om ikkje alt dette var nok, så kom det i mai melding om at planane om å byggje ut hovudbiblioteket er lagde på is. Det har dei siste tiåra vore fleire idear om nybygg andre stader i sentrum, men også det nest beste alternativet har dei no skrinlagt, nemleg ei utviding til to eksisterande låge fløyar ut mot Sveavägen, der det no er ein hamburgerbar og ein 7Eleven. No blir det berre ei «stram renovering» innvendig.

I oppropet frå dei tilsette les vi at nedskjeringane blir kamuflerte med ord som «utveckling» och «satsning». Og til Dagens Nyheter seier biblioteksjef Daniel Forsman at han heller enn pengar til kortvarige og tilfeldige satsingar ønsker seg auka basisfinansiering for å kunne drive stabilt.

– Både politikarar og høge byråkratar har sagt at vi kan redusere konsekvensane av kutta ved å investere meir i digitale tenester, avsluttar Alice Thorburn. – Dei meiner det ville vere billegare enn ikkje-digitale tenester, men det stemmer ikkje. Å instruere brukarar i MIK (media- og informasjonsfag), som kjeldekritikk, har vore ei viktig oppgåve for oss, men det krev ressursar.

. . .

Turen til Stockholm får oss til å tenkje på kor viktig det blir å dele røynsler, prøve ut aksjonsformar og leggje planar for forsvarskampane for folkebiblioteket som heilt sikkert blir naudsynte framover. Og det som no skjer i den svenske hovudstaden kan bli ein prøvestein.

Noko av problemet er at det meste av bibliotek-PR-en i dag er positiv, om ikkje reine solskinshistorier. Ingen kultur- eller kunnskapstilbod er så populære og lite kontroversielle som biblioteket, og det er vanskeleg både for politikarar og andre å ta inn over seg at det kan bli vekk, slik det no faktisk skjer i mange lokalsamfunn, og at det kan bli struktuelt rasert rundt i kommunane.

sthlm aviser

Eit utval av avisoppslaga om nedskjeringane ved Stockholms statdsbibliotek

 

6 Trackbacks to “Stockholm 2019 – ein prøvestein for forsvaret av biblioteka”

Leave a Reply