Nobel-nulling-nonsens

Louise Glücks norske bibliotek-popularitet per 15. oktober 2020. Klikk «Bibliotek som har denne»

>> 15.10. Kl. 13.34: Ser no at sitatet frå K-rådet gjeld ny norsk skjønnlitteratur. Om det ikkje også gjeld omsett, blir spesulasjonane nedanfor feil. Men i så fall er «lyrikkløftet» endå større!

>> 17.10.: Har no fått stadfesta frå fleire at biblioteka fekk denne boka saman med K-fond-innkjøpte titlar, slik vi hevda nedanfor.

Følgjande er å lese i BOK365 i dag, pluss blant anna i Klassekampen: «Louise Glück ble torsdag forrige uke tildelt Nobelprisen i litteratur for sitt forfatterskap. Men hvis du ønsker å låne hennes eneste norske oversettelse på biblioteket, risikerer du å bli skuffetAverno (Oktober) ble nemlig avslått av Kulturrådet for innkjøp i 2017» (vår utheving).

Men det stemmer IKKJE: Biblioteksøk avslører at …

over to hundre bibliotek har Per Petterson si omsetting av boka. Det betyr nok ikkje at dei har tråla bokhandlarar etter boka den siste veka, men at ei velkjent «psevdo-ordning» har fungert, slik ho blir framstilt på Kulturrådets heimeside:

Hos Biblioteksentralen har boka K-fondflagget til topps

«De fleste bøkene som blir meldt på innkjøpsordningen for ny norsk skjønnlitteratur sendes til bibliotekene via Biblioteksentralen på utgivelsesdato, før de blir behandlet av Kulturrådets vurderingsutvalg. Det innebærer at bibliotekene mottar noen bøker som senere blir vedtatt avslått».

Men: Når alle folkebiblioteka i landet, som i 2017 var 427, skal ha fått kvart sitt eks. av boka, vil det seie at ca. halvparten har kassert boka alt? Eller at dei ligg tre år etter med registrering i katalogen?

Eller: At over to hundre fattige lyrikk-entusiastar har knabba boka! Vi noterer i alle fall at mange eksemplar er utlånte, sjå illustrasjonen øverst. Dette må vere eit nasjonalt lyrikk-løft!

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Google-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s

%d bloggere like this: