>> Debatt i gang. Sjå kommentarfeltet lengst nede.
Hovudsaka på Klassekampen sine kultursider i dag har ein tittel som kan få både bibliotekar- og bibliotekbrukarhjarte til å slå eit ekstra slag eller sju: Betaler for hylleplass, får vi vite, og med eit foto frå ein typisk biblioteksituasjon. Vi veit jo korleis forlag kjøper seg plass hos visse bokhandelkjeder, men no også i biblioteka?!
I ingressen får vi vite litt meir, men med ei solid overdriving i starten: «Norske biblioteker fylles opp med bøker som blir avslått av Kulturrådet. Selv om avslagene svir, sier flere småforlag at det viktigste er å få bøkene spredt».
Det handlar altså om ordninga som gjer at også nulla bøker blir sende til biblioteka, men på forlaget si rekning, ikkje Kulturrådets. Denne er det spesielt «hobbyforlag» som gamblar med, skriv Klassekampen.
Heilt på slutten har dei intervjua fylkesbiblioteksjef Ruth Ørnholt, som ikkje trur « … det er en særlig god idé å se på hylleplass som markedsføring. Hun viser til at bibliotekene kan kaste de «nullede» bøkene når som helst, mens de innkjøpte bøkene må beholdes i fem år. … Det er trangt nok fra før av, og alle bibliotekarer ønsker jo kvalitet i hyllene, legger hun til.»