Archive for ‘Korona og biblioteka’

mai 13, 2020

Biblioteka i 2021: Fare for ny, låg «normal»

Skjermbilde 2020-05-13 12.03.31Sjølvsagt stod det ingenting om bibliotek i det reviderte nasjonalbudsjettet, men det har det vel heller aldri gjort (og det einaste som står om kultur er om kompensasjonsordninga for inntektsbortfall. Så dei som framleis tar overdagspengar og sel berenett og kaffi kan jo søkje 🙂 ). 

Men det står mykje om kommuneøkonomi, og det regjeringa vil bidra med her er det fleire meiningar om, sjå illustrasjonen og klikk for å sjå eit nyheitssøk om dette.

Så vil sjølvsagt bibliotek-kampane stå i kommunestyra til hausten. Men det skumle no, er at biblioteket ikkje gjer seg synleg, til dømes verken fremst eller bakarst …

read more »

mai 12, 2020

Civic Lab Chat – også eitt debattbibliotek

Skjermbilde 2020-05-12 06.09.07Det US-amerikanske tidsskriftet Library Journal har ein artikkel nyleg om at «Libraries Fight Misinformation on Coronavirus». Og det er sjølvsagt interessant, men denne gongen skal det på bloggen handle mest om ein metode og ein type arrangement : Civic Lab. Dette er i slekt med «debattbiblioteket» og litt med BTS, det opprinnelege temaet for denne bloggen.

I Skokie, Illinois, ein by med 60 tusen innbyggjarar, har biblioteket i nokre år hatt denne typen arrangement dei kallar Civic Lab. Ei arbeidsgruppe på ti tilsette frå alle avdelingane i biblioteket overvaker jamleg nyheitene og spør folk kva dei er opptatte av, og så arrangerer dei labs om desse tema. Dette er ikkje berre møte med samtalar, men her kan folk kome med …

read more »

mai 11, 2020

Tysdagen blir viktig for biblioteka

Skjermbilde 2020-05-11 11.56.47

Kommunal Rapport på nett i dag. Krev abonnement, men dette seier nok. Det vil ikkje stå eitt ord om bibliotek i revidert nasjonalbudsjett, men dei korona-relaterte signala ein får frå kulturdepartementet fortel oss at kommuneøkonomien er alt ein kan håpe på.

mai 8, 2020

Koronarettleiar for norske bibliotek: Organisasjonane tok saka!

Skjermbilde 2020-05-08 13.06.28For halvanna veke sidan blei det brukt uvanleg sterke ord i fagmiljøet om korleis Kulturdepartementet, via Nasjonalbiblioteket, takla – eller ikkje takla – koronasituasjonen. Det NB i alle fall gjorde var å tipse om ein «Mal for smittevernveileder fra FHI». Og no har Norsk Bibliotekforening og Bibliotekarforbundet tatt affære og laga ei verkeleg god, detaljert og fleksibel «Smittevernveileder for bibliotek».

Ein eigen rettleiar er viktig, då både folke- og skolebibliotek skil seg frå dei fleste andre offentlege institusjonar og verksemder på ein del punkt.

Det eineste ein saknar er behovet for informasjon på fleire språk på plakatar og nettsider. Info til «barn eller personer med kognitive svikt» er nemnde, men ikkje andre minoritetar. Det finst generell info på mange språk om smittevern osv., men spesielle tekstar for bibliotekbrukarar må kunne lagast sentralt og enkelt tilpassast lokalt. Det siste er viktig i dette landet med svært ulike lokalsamfunn og bibliotek.

Her nokre kommentarar til viktige poeng i dokumentet:

read more »

mai 7, 2020

Siste nytt: Feig koronastøtte til biblioteka

nbf bibliotekmilliard dagsavisen 12okt17

I 2017 gjekk denne debatten gjekk høg

Mens norske folkebibliotek absolutt burde trengt økonomisk støtte til drift, meir personale og kanskje også tilpassing og utstyring av biblioteklokale for å skape trygge tilhøve, gir dei i dag 48 millionar til endå meir prosjektstøtte. Får sjå kva Nasjonalbiblioteket finn på med desse penga.

Partiet til kulturministeren støtta for få år sidan å gje ein bibliotekmilliard til biblioteka, også kalla bibliotekløft. Dette ville blant anna løfta dei mange små og mellomsmå biblioteka. Dei som no gjer at norske bibliotek er den suverene taparen i Norden.

Og kven har kapasitet til å søke og drive tidsavgrensa prosjekt no?

mai 7, 2020

Friske siddisar velkomne på biblioteket

Skjermbilde 2020-05-07 12.31.43heimesida til Sølvberget heiter det no: «Vi kan ha 10 besøkende inne samtidig og man kan oppholde seg i biblioteket i 10 minutter. Familier oppfordres til ikke å komme samlet, og foresatte bør hente og levere bøker for sine barn.

I denne fasen er det kun mulig å levere og hente bestillinger, enten det er bøker, filmer, tidsskrifter, tegneserier, lydbøker eller musikk. Andre bibliotektjenester er ikke tilgjengelige, det betyr at du for eksempel ikke kan bruke pc-er og printere.

Du må også være frisk for å besøke biblioteket».

mai 7, 2020

DK: Opning, men «kun ind- og udlån»

Skjermbilde 2020-05-07 11.56.57

I danske Hjørring er biblioteket på andre høgda i eit kjøpesenter

Danmarks biblioteksforening siterte i går eit notat frå ei ekspertgruppe under Statens Serum Institut (SSI) som går inn for at folkebiblioteka kan vere blant dei neste som opnar, saman med «detailhandel (herunder storcentre), professionel idræt uden tilskuere, kritiske offentlige arbejdspladser samt zoologiske- og botaniske haver». Men «biblioteker (kun ind- og udlån)».

I notatet snakkar dei blant anna også om ein «regionsopdelt model» i staden for ein nasjonal. Om dei i vesle, flate Danmark tar omsyn til regionale skilnader, så burde vel opning her i landet kunne skje på same måten? Då kunne kanskje bibliotek i dei mange små kommunane i Nord-Noreg der det er lite eller inga smitte opne først. Og no ser på nrk.no at helseminister Bent Høie «ikke utelukker at det kan komme lokale tiltak i tiden fremover».

mai 6, 2020

Langvarige korona-utfordringar for biblioteka

Skjermbilde 2020-05-06 15.33.48Bloggaren hadde i går, 5. mai, eit debattinnlegg i Klassekampen under tittelen «Kva skal biblioteka gjere?» (den opphavelege tittelen står ovanfor). Innlegget startar slik:

No er det uro bak dei stengde bibliotekdørene: Kor snart og korleis skal dei opne igjen? Til skilnad frå mange publikumstenester blir det inga nasjonal rettleiing for biblioteka, trass i at dei får alvorlege ekstra utfordringar etter koronaen, både praktiske, økonomiske og politiske.

På linje med det meste anna blei biblioteka stengde 12. mars. Men bibliotekarane viste seg kreative: Nasjonalbiblioteket (NB) forhandla fram ekstraordinære utvidingar av digitale tenester, og lokalt følgde biblioteka opp med å samle alt digitalt i brukarvenlege portalar, dei opna «take-away» boktilbod og laga eventyrstundar på Youtube.

«Opninga av samfunnet» skal skje kontrollert, og mange får rettleiingar frå sentralt hald. Men ikkje biblioteka. …

read more »

mai 5, 2020

Finsk hybrid-opning av biblioteka

På den mangfaldige bibliotekportalen Biblioteken.fi har dei ein stadig oppdatert artikkel om korona og opning av biblioteka. 5. mai siterer dei ei pressemelding frå statsrådet der det blant anna heiter:

  • Biblioteken tillåts omgående låna ut böcker och annat material.
  • Från och med den 1 juni får följande offentliga lokaler öppna: statliga och kommunala museer, teatrar, Nationaloperan, kulturhus, bibliotek, bokbussar, Riksarkivets kund- och forskarsalar, fritidslokaler och fritidsanläggningar, simhallar och andra idrottsanläggningar, ungdomslokaler, klubbhus, organisationers samlingslokaler, arbetsverksamhet i rehabiliteringssyfte och arbetscentraler.

Og: «Regionförvaltningsverket kommer med noggrannare anvisningar». Om dette betyr ein spesifikk rettleiar for bibliotek, er det interessant for oss, for norske bibliotek vil ikkje få noko slikt.

mai 5, 2020

USA: Høgare farenivå for bibliotek

Skjermbilde 2020-05-05 14.56.25

Eit rolig norsk bibliotek er ikkje det same som eit svensk

Bissnissblekka Forbes skriv om korleis John Hopkins-universitetet (mest kjent i Noreg for korona-verdskartet sitt) i ein rapport endra fare-kategoriseringa for bibliotek frå «low» til «medium to high risk» etter reaksjonar frå bibliotekmiljøet. I ein ny versjon av rapporten vedgår dei blant anna at dei i første utgåva berre hadde sett på smitterisikoen for publikum, ikkje for tilsette.

Forbes har intervjua bibliotekarar som understrekar at biblioteka ikkje lenger er stille, strenge kunnskapstempel, men samfunnshus og møteplassar. Og bibliotektilsette er «de facto social workers,  community organizers and even first responders. They stand next to people to help them on the libraries’ free computers, give out food, and many have even been trained to administer the opioid-antagonist drug Narcan to prevent fatal overdoses».

Dei to siste aktivitetane er vel ikkje vanleg her i landet, men likevel er det kanskje denne myten om det stille, snille biblioteket som har fått Kulturdepartementet, Nasjonalbibliotekt og FHI til å flagge opning av norske bibliotek når som helst.

Dette gjeld i alle fall for forfattarane av det hemmelege notatet frå det danske Statens Serum Institut til partia på Folketinget, der det heiter at biblioteka kan grupperast med «kunsthaller» og «private museer» som noko av det første som kan opne.