
Dessverre kan ikkje biblioteket i nye Øygarden gjere slikt i år, men reprise av eit to år gammalt foto frå dåverande Fjell bibliotek kan vel ikkje skade.
Biblioteket tar saka #librarycase
– a concept, an attitude – and this blog

Dessverre kan ikkje biblioteket i nye Øygarden gjere slikt i år, men reprise av eit to år gammalt foto frå dåverande Fjell bibliotek kan vel ikkje skade.

I dag står denne heilsides annonsa frå Nasjonalbiblioteket i Klassekampen, og sikkert fleire aviser. Dei digitale tenestene både frå NB og lokale bibliotek (sjå lista vår over kreativiteten som finn stad) får stor merksemd (søk i Atekst gjev 1562 treff i mars 2020, mot eit snitt på 1145 per månad i 2019), og etter at Koronaen har sloppe taket vil folk ha ein auka medvit om bibliotektilbodet.
Og gjennomslaget for det digitale tilbodet vil ha funne stad. Vel å merke om dei ekstraordinære «opningane» av kunnskapskjelder blir permanente, gjennom utvida statlege vederlag til forfattarar og forlag. Kampen om dei reduserte kommunale budsjettkronene vil nok bli verre.

Tidsskriftet American Libraries, utgjeve av den US-amerikanske bibliotekforeininga, hadde 27. mars ein artikkel med den ganske misvisande tittelen «How to Sanitize Collections in a Pandemic».
For det einaste sikre dei kan seie at har ein verknad, og som ikkje øydelegg bøker og materiale, er å la dei kvile i fred i fjorten dagar.
Sjå også: Snart opning av biblioteka?
Og oppsummeringa er lite oppløftande (vår omsetting):
«Bibliotek kan utgjere ein risiko for spreiinga av sjukdommen, som utover dei direkte helsemessige konsekvensane kan redusere tilliten til biblioteka. Det betyr også at bibliotek bør planleggje å halde stengt til risikoen for offentlig infeksjon er eliminert».

Til svenske Bibliotekbladet i dag seier den, i alle fall i Noreg, omdiskuterte stats- epidemiologen Anders Tegnell at «Så länge rekommendationerna följs finns ingen anledning till att folkbiblioteken inte kan ha öppet».
Journalisten spør: «Om en låntagare som är sjuk i covid-19 lämnar tillbaka en bok, kan smittan föras vidare till den som sedan hanterar boken?
Nej, svarar Anders Tegnell, så fungerar inte den nya coronasmittan.
– Det finns inget som talar för att smittan sprids på det sättet. Den sprids från person till person. Så böcker som du petar in i något inkast någonstans och ligger där en stund kommer definitivt inte att smitta någon».

Kommunane er i full gang med å førebu revidering og saldering av budsjettet. Korleis vil det gå med folkebiblioteka?
Eit tidleg signal vil kanskje kome frå Trondheim. Kommunal Rapport skriv i dag at kommuneleiinga «må snu alle steiner for om mulig å spare kostnader som kan benyttes til å saldere inntektsbortfall og kostnadsøkninger som staten ikke fullt ut kompenserer.»
I ei orientering fra finansrådmannen til formannskapet heiter det at «kommunen forventer å spare «ikke ubetydelige beløp» på en rekke tiltak som ble presentert for formannskapet torsdag».
Danmarks Biblioteksforening har gjort ein PDF med «Bibliotekernes online corona-aktiviteter». Blant dei mest kreative og originale, der vi tidlegare ikkje har noko liknande på lista Kreativitet mot Korona, kan vi nemne:
I danske Kerteminde er biblioteket Korona-kreativt med Book en online-bibliotekar « … i op til en halv time over telefonen». Dette er ikkje noko nytt tilbod i danske folkebibliotek, men ekstra viktig no. I tillegg har dei Biblioteksvagten.dk,
Ganske mange av oss vil hugse den norske digitale referansetenesta Biblioteksvar (lenka er til ein kopi på Wayback Machine). Denne fanst i Noreg i nesten ti år, først som prosjekt, faktisk to; eitt i Vestfold og eitt i Oslo, og så som éi nasjonal teneste. Men berre fram til 2012 då Nasjonalbiblioteket kutta den økonomiske støtta til administrasjon. Svartenesta blei utført av omlag 250 bibliotekarar på dugnadsbasis. Dei blei fristilte til dette nokre timars innsats i månaden av arbeidsgjevarane sine, dei rundt 60 biblioteka som deltok.
Mange sakna denne tenesta, men ikkje mange nok. Argumentet for nedlegging var at bruken gjekk ned. Men det var før det hadde vore økonomi til noka skikkeleg marknadsføring.
Vi (underteikna var med heile vegen, som konsulent) starta opp omtrent samtidig i alle dei nordiske landa. Og hos dei andre finst tenestene framleis: Den danske Biblioteksvagten.dk, den svenske Bibblan svarar og den finske Fråga bibliotekarien.
Noko å sjå på igjen?
Dette skriv mobilnettleverandøren ice.no på botnen av ei liste over nettstader der dei no gjev abonnentane «fri databruk [til] viktig informasjon under koronakrisen». Kvifor ikkje også biblioteknettstader?
Hadde vi hatt eit norsk bibliotek.dk, med alt som høyrer til (skråll nedover), hadde det vore eit naturleg «fritak».
Kor mykje, eller kor lite, i desse krisepakke-dagar, ville det kosta å lage noko slikt i Noreg? Basert på det vi alt har?
Og kva med endeleg å nasjonalisere alle mobilnettselskapa?
Den delvis Open-Access norske tidsskriftbasen Idunn.no har under Koronakrisa opna seg heilt og fullt for alle. Vel å merke fram til biblioteka opnar igjen, men då kan du igjen, ved personleg oppmøte, få same tilgang.
Vi gjorde i dag eit søk i basen, men førebels utan spesielt notidsrelevante treff på «Corona» (men om alt muleg anna frå ølet til Ibsen), eller på «Korona». Og enno ingen på «Covid». Vi fekk 16 treff på «pandemi», men ikkje berre i medisinsk samanheng.
Eit lesarinnlegg av Lars Egeland på Khrono tysdag startar slik:
>> Hege Gundersen i Universitetsforlaget svarer Egeland 3.4.
«Siden biblioteklokalene er stengt, får ikke studentene tilgang til de fysiske bøkene i bibliotekene. Dette har blitt møtt med en digital dugnad for økt tilgang. På OsloMet sitter nå bibliotekarer og legger inn tilgang til en mengde e-bøker som det åpnes for gratis tilgang til fra utenlandske forlag. Vi har også ønsket å gi studentene tilgang til e-bokutgaver av norske fagbøker der papirutgavene nå er utilgjengelig. Dessverre må vi konstatere at det ikke går. Vi er svært overrasket over det vi oppfatter som manglende dugnadsånd fra norske forlag».
I USA er det dugnad på gang i universitetsbiblioteka: Når no helsevesenet skrik etter masker, hanskar osv., ofrar biblioteka lagra sine av slikt, som elles blir brukt til restaurering av gamle bøker.
Fylkesbiblioteka, i alle fall i Vestland, har ikkje somla med å følgje opp e-bokmillionane frå staten. For første gong, trur vi, har vi lese noko i Fjordenes Tidende (Nordfjord-blekke):
«Biblioteka merkar at etterspurnaden etter e-bøker har skote i vêret no når vi er i ein unntakstilstand. På slutten av dagen onsdag denne veka, etter at det var kjøpt inn mykje nytt, var det allereie lånt ut 1.500 bøker. Det er meir enn 1000 utlån meir enn i eit «normaldøgn»».

I San Francisco har det ikkje-kommersielle Internet Archive eksistert sidan 1996, ein organisasjon i stor grad styrt av bibliotek-logikk og starta av Brewster Kahle, ein dataingeniør som til dagleg kallar seg digital librarian.
>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.
I tenesta deira, Open Library, starta dei for nokre dagar sidan ein ny praksis når det gjeld formidling av e-bøker som kan sterkt utfordre det som bok- og mediebransen og nasjonale og internasjonale styresmaktar oppfattar som den ideelle balansen mellom bibliotekutlån og boksal.
Eller kanskje det kan ende med sameining på eit nytt og meir brukarvenleg nivå? Les mer «Internasjonalt e-bokeksperiment under Koronaen»
«Opne Instagram i desse dagar, og du kan bli bombardert med oppfordringar om at «Hald deg heime». På YouTube får du kanskje ei lenke til ein regjeringsnettstad om Koronaviruset. Eller gå til Twitter og søk på uttrykket «å halde avstand er ikkje effektivt». Det kan finnast der, men sannsynlegvis ikkje lenge – fordi Twitter har forbode setninga som skadeleg».
>> Sjå fleire innlegg om Korona og biblioteka.
Dette er innleiinga i ei sak på NBC News onsdag denne veka. Ikkje slik å forstå at vi meiner at meteren til nestemann er feil, men det er prinsippet det handlar om. Vi berre omset vidare, før vi tar laurdagskvelden: Les mer «Sosiale media underlagde krise-kontroll»
Denne lista inneheld 35 gode tiltak og idear per 24. april kl 12.41 (éitt nytt sidan sist). Klikk og kikk. Samtidig finst det no 50 blogginnlegg med taggen «Korona og biblioteket».
Temaet korona er «populært». Tysdag denne veka blei det rekord på bloggen med 1636 nedlastingar.