«Samfunnskritikken» slår endeleg om seg i norsk presse! Her utviklinga ifølgje Atekst
Då dei stengde folkebiblioteka i San Francisco valde byrådet å tilby lokala til ungar av foreldre med kritiske samfunnsfunksjonar under pandemien. Slik skolar og barnehagar blir brukte her i landet.
* Lovnad: Dette er absolutt siste gongen vi bruker «samfunnskritisk» om denne gruppa, når vi meiner personell med «kritiske samfunnsfunksjonar». Denne gongen var det for 1) å gjere tittelen så mystisk at folk ville lese og 2) å få god merksemd om denne erklæringa.
Biblioteka gjer seg populære på fleire felt i desse dagar, med ekstra satsing på digitale tilbod av dels ny type og freske tiltak til og med når det gjeld p-bøker. Men korleis blir det muleg å kome på offensiven for folkebiblioteket når den første, for ikkje å seie andre pandemibølga, er slutt om, får vi håpe, nokre månader?
Vi ser og høyrer ikkje mykje om den komande økonomiske krisa på tv og i hovudstraumspressa, men i media som Kommunal Rapport og i vekeavisene Dag og Tid og Morgenbladet og i Klassekampen kvar dag, handlar det mykje om at både den nasjonale og lokale økonomiske krisa etter Koronaen blir den eigentlege krisa. Og denne vil råke dei yngre generasjonane endå hardare enn dei eldre. Vi sistnemnde kan trass alt ikkje uroe oss for nokon arbeidsplass og sjeldan for himmelhøge bustadlån. Vi skal berre få vente endå lenger på sjukeheimsplass.
>> Dette blogginnlegget blei publisert 28. mars. Først 14. april registrerte eg at NRK P2 hadde innslag om Koronaen og følgjene for samfunnsøkonomien.
Også i normale tider har Helse, Omsorg og Skole vore klart høgst prioritert av ulike regjeringar og parti, ikkje berre av Carl I. Hagen. Og kva no, når både skatteinngangen og dei kommunale inntektene (som alle brukarbetalingane og kollektivinntektene) vil bli sterkt reduserte, og sosialstøtta må aukast sterkt? Regjeringa har brukt oljepengar til å bøte på dei kortsiktige problema i næringslivet og for delar av samfunnet, men kva med dei langsiktige økonomiske problema? Ikkje er det politisk vilje til å bruke resten av oljefondet til drift av kommunar, og ikkje vil det monne nok på sikt heller.
Her på bloggen har vi vore på reportasjetur og skrive mykje om krisa for britiske folkebibliotek gjennom heile det siste tiåret. Og hevda at også norske bibliotek vil havne der, etter ein omgang eller to med tommeskruen på kommuneøkonomien. No er vi der snart, godt og vel.
Vi innleia med å kritisere riksmedia for å gå rundt desse utfordringane. Men i går var NRK.no ute med: «Etterlyser kommunepakke: – Inntektene fell med milliardar no»: Regjeringa seier at «Det er ikke et akutt likviditetsbehov i kommunesektoren nå», men finansbyråden i Oslo, Einar Wilhelmsen (MDG) «meiner det er for seint å få reelle avklaringar rundt dette i revidert budsjett i mai». Og førre dagen hadde same nettstad ein kronikk der Thomas Hylland Eriksen letta litt på lokket: «Når støvet har lagt seg».
Det var nok apokalypse for i dag. Frametter vil denne bloggen forsøke å starte debattar om kva vi kan gjere for å forsvare bibliotektilbodet og demokratiet. Til no har koplinga mellom desse to institusjonane mest handla om sjølvfølgjer, slagord og festtalar og dårleg fundert hylling av «debattbiblioteket» og av «møteplassen». Men etter Koronaen må forsvarskampen for biblioteket og for demokratiet bli heilt konkret og henge nært saman.
«Gi bibliotekene enda større ansvar for norsk film». Dette er overskrifta til ei sak på Rushprint i går. Utgangspunktet er at kinoane er stengde og at «på de kommersielle strømmetjenestene og VOD-plattformene er norske filmer stort sett gjemt bort, bortsett fra en og annen blockbuster eller barnefilm». Mens biblioteka jo har Filmbib og digitale lånekort.
Og snart Filmoteket, «en ny strømmetjeneste [som] lanseres i april, med mål om å kunne tilby 1000 filmer innen utgangen av året. Det er et samarbeid mellom bibliotekene og Norgesfilm som vil utfylle den allerede eksisterende distribusjonsportalen for innkjøpsordningen for kort- og dokumentarfilm, Filmbib, som ble startet opp for over fire år siden». Sjå ein kort presentasjon av Filmoteket i VG/Peil for ei veke sidan.
Dette er tydelegvis ein idé heilt i startfasen, men Lismoen avsluttar: «La oss håpe at ordningen vedvarer når bibliotekene åpner igjen. Den kan bidra til å gjøre porten videre for de der ute som ennå ikke vet at de trenger norsk film».
Noko vi liker her, etter å blogga frustrert om bibliotek og film i fleire år.
Ved eit Korona-stengt bibliotek i Pennsylvania har dei likevel ikkje slått av trådlausnettet, slik at folk utan nett-tilgang heime kan sitje i bilen og bruke biblioteknettet. Dette er i tråd med ei tilråding frå den US-amerikanske bibliotekforeininga ALA. 20 millionar amerikanarar, av desse 7 millionar skoleelevar, manglar nett heime, noko biblioteka har lang tradisjon for å bøte på.
Tradisjonen er lang med utplassering av lokale bok-depot i Bygde-Noreg.
I dagens avis har Klassekampen følgt opp dei nye take-away-biblioteka og vore i Hole i Buske… Viken og fått kome inn på det stengde biblioteket, men der dei pakkar bøker som folk har tinga til henting i ei kasse utanfor biblioteket:
«De forhørte seg med kommunelegen, som vurderte deres ordning som trygg. – Det er forskjell på et stort bybibliotek og oss som er så små. Her går folk forbi på vei til butikken og kan plukke opp en bok i en kasse der det bare ligger to konvolutter med bøker, så vi kan ikke se at det er noen risiko, … Foreløpig er ordningen begrenset til utlån. Biblioteksjefen har ikke konkludert med hva de skal gjøre med innlevering av bøker».
På Deichman i Oslo jobbar dei i staden med å digitalt erstatte biblioteket som fysisk møteplass. « … vi jobber med digitalt innhold, som debatter og intervjuer», seier kommunikasjonssjef Jørn Johansen.
Nasjonalbiblioteket har saman med Bibliotek-Systemer As lansert digitalt nasjonalt lånekort: «Dette er et fullverdig nasjonalt lånekort som lånere uten nasjonalt lånekort fra før kan skaffe seg ved å registrere seg på nb.bib.no. Tjenesten krever at man identifiserer seg ved hjelp av ID-Porten (MinID, BankID, m.fl.)».
Den australske bibliotekforeninga annonserer at biblioteka i landet no står fritt til å halde eventyrstunder og liknande på nett, utan å måtte tenkje på å be korkje forlag eller forfattar og eventuelle kunstnarar om løyve og utan å måtte betale vederlag. Og dei står fritt til leggje videoane ut på Facebook, Youtube osv. Dette ifølgje ein fersk avtale mellom forfattarforeininga, bokbransjen og bibliotekforeininga.
Vilkåra er at bibliografiske data skal framgå på rulletekstar og liknande, og at når WHO har meldt «faren over», skal alle opptak slettast og fjernast frå nettet.
Og ein kan jo sjå på det som svært god reklame i ein periode, både for biblioteka, forlaga og kunstnarane. Fleire barn enn dei som brukte bibliotek fram til Koronaen vil kunne bli bibliotekbrukarar etter dette, i tillegg til at boksalet kan auke.
I går fekk vi vite at folkebiblioteka får 20 ekstra millionar frå staten til kjøp av kommersielle e-bøker og e-lydbøker. Men kva når kvardagen kjem, i ein situasjon med gjenreising omlag som etter andre verdskrigen og mykje lågare kommunebudsjett enn i dag?
I desse tider skjer ting som var utenkjelege for eit par veker sidan, som at den spanske staten nasjonaliserer alle private sjukehus. Og i ein fersk video på The Intercept minner Naomi Klein om at det same skjedde i endå større målestokk i USA for 80-90 år sidan.
Norskspråklege lydbøker handlar stort sett om krim og bestseljarar. Samfunnsviktig, for ikkje å seie samfunnskritisk (!), og dermed smalare litteratur, står langt bak i køen. Men kva om Abid Raja og gjengen gav nokre millionar til lydbokisering av slike titlar. På vilkår av at dei også skulle vere tilgjengelege gjennom biblioteka, på mykje betre vilkår enn i dag. For dei vil jo elles ikkje vere god butikk for forlaga og dei kommersielle appane.
Vi gjentar kva NBFs Heidi Hovemoen sa til Morgenbladet i førre veke:
På Bok365.no kan vi i dag lese om at «Litteraturhusene i Oslo, Bergen, Fredrikstad, Skien og Trondheim, har gått sammen om et brev til kulturdepartementet hvor de ber om tiltak mot den akutte situasjonen som har oppstått».
Dette må ein jo ha sympati for, men, som vi før har skrive, «biblioteka sine gratis tenester betyr jo ikkje økonomiske tap for nokon, så der er det ingenting å kompensere for i denne situasjonen. Men korleis skal Noreg få biblioteka på beina igjen etter at dette er over, når kommunekassene er endå meir slunkne?»
Les blant anna kva Oslo sin byrådsleiar, Raymond Johansen, seier i Klassekampen i dag (for abonnentar):
Kerteminde, DK: Book en online-bibliotekar « … i op til en halv time over telefonen». Dette er ikkje noko nytt tilbod i danske folkebibliotek, men ekstra viktig no.
Härnösand i annleislandet Sverige: «Självklart har vi öppet som vanligt, men man ska inte behöva besöka biblioteket för att kunna låna eller återlämna om man är orolig för corona».
Montana, USA: Biblioteka reserverer no 3D-printarane sine for produksjon av masker for helsepersonell.
Risør var vel først ute (sjå nedanfor), men per 26.3. har sju andre bibliotek i Agder starta opp, pluss Skien i Telemark (og Vestfold, som det no skal heite). Og Hole i det såkalla Viken. Der Klassekampen var på reportasje 27.3. Her eit googlesøk, som kanskje vil vise endå fleire i morgon. OBS: Kartet og boksen på toppen er misvisande.
Nasjonalbiblioteket har lansert digitalt nasjonalt lånekort med BankID-registrering o.l., men i Luxembourg kan du få digitalt lånekort i tre månader ved berre å sende namn og adresse osv. i ein e-post.
Australske folkebibliotek stårfritt til å halde eventyrstunder og liknande på nett under pandemien ifølgje ein avtale med bokbransjen og forfattarane.
Lydbokløft for smale titlar? Kva om Abid Raja og gjengen gav nokre millionar til lydbokisering av slike titlar. På vilkår av at dei også skulle vere tilgjengelege gjennom biblioteka, på mykje betre vilkår enn i dag.
Mange bibliotek set no i gang med opplesingar og eventyrstunder på nett. Camilla C. og Asbjørnsen og Moe og dei har ikkje krav på vederlag lenger, men med tanke på forfattarar som var med oss i 1950 og frametter har Forfattersentrum publisert eit Anbefalt midlertidig rammeverk for digitale opplesninger. Vi skreiv meir om vernetid og sånt i januar i år.
Bergen offentlige bibliotek har ei god side med lenker til Frie e-bøker.
Danske Faktalink.dk har sjølvsagt ein fyldig artikkel om epidemien, i tillegg til at dette er verdas beste (?) elektroniske kunnskapsportal med eit folke- og skolebibliotekarisk utgangspunkt. Noko vi har blogga mykje om. Men for å lese alt i alle artiklane må ein abonnere.
The Internet Preservation Consortium’s (IIPC) Content Development Group (CDG) jobbar for å sikre nettressursar for framtida om blant anna også Koronaviruset og påfølgjande kriser. IIPC Members are organizations from over 45 countries, including national, university and regional libraries and archives. Nasjonalbiblioteka i NO, SE og IS er medlemmar.
Vi er usikre på om dette kan lesast av andre enn dei som er innlogga, så vi siterer heile greia, og med nokre uthevingar:
Tekst: Aslak Sira Myhre, nasjonalbibliotekar
Alle landets bibliotek holder nå stengt. Det betyr at Norge står uten et fysisk bibliotektilbud, både for elever, studenter, forskere og allmennpublikum. Nasjonalbiblioteket har gjennom nettbiblioteket den eneste infrastrukturen som kan kompensere noe for de stengte bibliotekene. Men vi har ikke rettighetene til materialet i samlingene våre sjøl, de er regulert av lovverk og avtaler med rettighetshavere. Vi kan derfor ikke bare åpne samlinga for er bruk uten videre. Men vi jobber med flere konkrete tiltak.
Vi jobber for å gi tilgang til det pliktavleverte materialet som bibliotekene har kunnet gi tilgang til i sine lokaler. …
Det kan fort oppstå rykte om kva tilsette gjer etter stengetid. Klikk og kikk
Det hadde vore interessant å vite kva bibliotektilsette gjer når dei no er fri for «dei j… brukarane»? Gjer dei arbeid som elles har blitt liggande? Endeleg kome ajour med klargjering? Har dei nytta høvet til å ruste opp det digitale? Leggje inn digitalt materiale i katalogen? Lage podcasts? Er dei permitterte? Er dei kommanderte til andre kommunale oppgåver?
Bruk kommentarfeltet nedanfor eller send e-post om det til frilanders (at) gmail.com.