Kamp for meirope bibliotek?

Biblioteket i Stavern var det første «meirope» i Noreg i 2013. Oppslag i lokalpressa i desse dagar tyder ikkje på at meirope har styrka bibliotekets status.

I Klassekampen 17. november er dei tillitsvalde på Deichman negative til at byrådet no likevel prioriterer “meirope”: “… det er ikke noe faglig innhold i meråpne bibliotek utover at det står bøker i bokhyllene og ligger aviser på bordene”. Og: “det [er] ikke bibliotekets oppgave å demme opp for at det kuttes i fritidsklubbtilbudet”. 

“Meirope” heiter mykje meir treffande “staff-less” på engelsk. Det starta med ei dansk naudløysing for å unngå omfattande biblioteknedleggingar etter kommunesamanslåingane i 2007. Det er ei grei tilleggsteneste for folk med studiebehov og når arbeids- og reisetid skapar problem. men er det grunn til å hausse det opp som noko av det viktigaste å kjempe for?

>> I denne bloggen har vi 27 artiklar om fenomenet meiropne bibliotek.

2026 vil bli eit negativt tidsskille for kommunale tenester generelt, og særleg for kultur. Derfor vil nok “meirope” vise seg å auke rundt i landet. På jakt etter lettvint innsparing vil kommunane erstatte betjent opningtid med ubetjent. Ei anna «hendig» løysing blir nedlegging av filialar. Dei fem år gamle samanslåtte kommunane kan, utan å bryte lova, kvitte seg med avdelingar utanom den eine sentrale.

Flotte nye bibliotekbygg i ein del byar og kommunar gir eit falsk inntrykk av velstand, men i distriktskommunar er nedslitne lokale og låg bemanning det typiske. Talet på besøk har auka noko etter koronaen, men på tjue år har likevel talet på bibliotekbrukarar gått ned frå 54 til 48 prosent.

Biblioteket og redningsplankane

Klassekampen og Morgenbladet har nyleg vekt bloggaren i meg. Det handlar om KKs reportasje 23. oktober om Deichman som møteplass for unge, men som blir rasert når meirope blir kutta i budsjettet. Og i MB Bernhard Ellefsens kulturpolitiske «manifest» ei veke seinare.

Biblioteket som møteplass, studiestad osv. er sjølvsagt relevant og viktig, men er det nok til å redde biblioteket – som bibliotek? 

Universitets- og høgskolebiblioteka har ei klar hovudoppgåve å sortere og levere kunnskap. For førti-femti år sidan, i den før-digitale tida, var det slik også for dei kommunale folkebiblioteka. Men for dei har det seinare handla om å kompensere på forskjellig vis for det sviktande utlånet av papirbøker. 

Biblioteket som møteplass har berre vore éin av dei forsøksvise “redningsplankane”. Biblioteket som studiestad ein annan. Universiteta i Oslo har “mista” hundrevis av studentar til stolar og bord i det nye, kule Deichman i Bjørvika, eit døme på kor viktig det er med arkitektur og sentral lokalisering. 

Og vidare: Biblioteka trudde dei kunne halde tritt med utviklinga av digitale medium, men forlagsbransjen, med hjelp av staten, har sett grenser for biblioteka når det gjeld tilgangen til e-bøkene og dei stadig meir populære digitale lydbøkene. 

For tjue år sidan satsa biblioteka sterkt på kvalitetssikra, handplukka kunnskapsportalar på nett, for å konkurrere med Google, men som kjent er kunnskapen i dag heilt overtatt av dei nettbaserte internasjonale konserna, no også av KI-ane deira. Snøgg levering er blitt mykje viktigare enn kvalitet. 

For ti år sidan skulle biblioteka bli offensive debattforum, men forsking viste at berre i nokre store kommunar har dei ressursar til dette. Enklare arrangement som foredrag og opplesing har auka bibliotekbesøket ein del, men på tjue år har likevel talet på dei i landet som bruker biblioteket gått ned frå 54 til 48 prosent. 

Det same med talet på bibliotek. Lova krev berre eitt bibliotek i kvar kommune, og det blir spanande å sjå kor mange av dei nye samanslåtte  kommunane som no kvittar seg med bibliotekavdelingar utanom det eine sentrale.

Korleis kan det ende? I Storbritannia, eit nesten-granneland med sterke kulturelle tradisjonar, har dei femten siste åra, med eit bastant høgrestyre, men ikkje ultrapopulistisk, redusert biblioteka sine driftsbudsjett med 18% og bokutlånet med 40. Kvart femte bibliotek er nedlagt. Frivillige lånarar har “redda” eit halvt tusen, men få av desse amatørdrivne boksamlingane har pengar til nytt innhald. Og andre bibliotek er reduserte til community hubs, det vil seie “kreative” samanslåingar av bibliotek med alt frå skattefuten til politiet (og då går biblioteket som uavhengig aktør fløyten, jf Merete Lie i kronikken i Klassekampen, også 23. oktober).

Det er ikkje tal på kor mange bibliotekfaglege og -politiske konferansar dei siste åra som har hatt biblioteket som demokratisk aktør som hovudtema. Men kva kjem det ut av det? I dei nasjonale bibliotekstrategiane som Nasjonalbiblioteket og departementet har stått bak, har demokrati vore sentralt, men forskarar har oppsummert at dei inneheld “ingen konkrete eksempler på hvordan bibliotekene skal gjennomføre dette, utenom generelle målbeskrivelser”. Kan vi håpe på ein forløysande augneblink under  “demokratiworkshopen” i regi av Norsk bibliotekforening på Litteraturhuset i Oslo 7. november?

I Morgenbladet denne veka vågar Bernhard Ellefsen å vere visjonær om kulturpolitikken over ni sider. Han skriv at “kulturpolitikkens reelle subjekt igjen [må] være folket. Det er effekten som må styre bruken av disse dyrebare kulturkronene”. Ikkje institusjonane. 

Ei ekstra utfordring er at det bibliotekfaglege miljøet er så lite at det ikkje når fram med krav og synspunkt. Det blir ofte “gløymt” i viktige samanhengar, til dømes i det nye dokumentet “Ytringsberedskap : Nasjonal strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte”, lagt fram 23. september av ingen annan enn bibliotekas eigen minister Lubna Jaffery. I den grundige gjennomgangen av 9 slag infrastruktur for ytringsfridom er biblioteket berre nevnt, nærmast i forbifarta, under “Kunst og kulturliv”. Ikkje eitt ord under “Språk, leseferdigheiter og leselyst”. Og ingen andre stader.

Men kan andre, utanforståande, forsøke å gjere noko med det? 

Konkret forslag: I kommunane før budsjettdebattane kan fagrørsla, minoritetsgrupper, interesseorganisasjonar osv ta Ellefsen på alvor og gå saman om å stoppe kutt på biblioteket. Og i neste omgang vere med på å utvikle det til ein verkeleg demokratisk ressurs.

Dokk1 i Århus: «Meirope» heile fredagane?!

Vi knipsa dette under ei vitjing på Dokk1 i 2018. No må dei ta det vekk på fredagane

Skeptikarar har heilt sidan dei første «åbne biblioteker» i Danmark i 2004 og sidan det første norske i Stavern i 2013 vore redde for at «meirope» bibliotek skal bli ei grei spareløysing for politikarane. I mindre målestokk har nok dette vore tilfelle fleire stader, men i dag skriv danske Fagmagasinet at dette kan bli ein realitet heile fredagane på dronningrikets mest bejubla folkebibliotek, Dokk1 i landets nest største by, Århus.

Den tillitsvalde ved biblioteket er naturleg nok redd for at «løysinga» skal spreie seg og minnar om at «Vi må igen forvente, at en del af borgerne vil komme på bibliotekerne på andre dage, hvilket øger arbejdspresset dér, hvor der jo ikke vil være flere ressourcer». Ikkje minst også fordi kommuneleiinga vil leggje ned to filialar.

>> Bloggen har Meirope bibliotek som stikkord til p.t. 26 artiklar.

Meirope – ei teneste for dei bibliotekvane

MagsinK, bladet til svenske DIK (forbund for bibliotektilsette ++), har ei sak om at «Så har Meröppet förändrat bibliotekariernas arbete». Dei intervjuar tilsette som stadfestar dette. Ikkje minst handlar det om at dei må leggje meir til rette for folk. Og dei må til skilnad frå før avvise spørsmål frå folk som er der før biblioteket opnar, då dei har rutinar som må utførast før opninga: «– En del verkar tänka att ”om du ändå är på plats kan du väl hjälpa mig”. Då får man förklara att ”jag är upptagen med att förbereda en sagostund som jag ska ha snart” eller vad det kan vara».

Tidsskriftet intervjuar også ein universitetslektor frå Lund som har studert meirope sidan starten. Ho oppsummerer: «– De grupper som tillgängligheten ökar för är de som är fullt friska, har rätt ålder och är vana vid bibliotek. Därför är det viktigt att hela tiden fundera kring vilka som riskerar att stängas ute och hur man kan underlätta för de grupperna».

PS: Vi har etter kvart mange artiklar om meirope her på bloggen.

PS: Vi skreiv nyleg om politiske signal i Oslo om reduserte opningstider ved biblioteka på grunn av stramsparing. Kva då med meirope?

Biblioteket – varmestove med stengt dør?

Rett nok ikkje SÅ stengt

Vi skreiv nyleg om folkebiblioteka i UK som førebur seg på å bli varmestover for folk som ikkje har råd til å fyre heime. Sjølv om bustadene her i landet stort sett er betre isolerte, er kulda strengare, og biblioteka våre blir nok også brukt slik. Utan at det har vore snakk om eigne tiltak (?).

Så las vi om ein fersk plan for straumsparing i Oslo. Ifølgje NTB er planen i to delar: «I den første delen av planen skal innetemperaturen i kommunale kontorer settes ned til maks 20 grader. Også på skoler, i barnehager og i flerbrukshaller skal temperaturen ned. Men her er 20 grader minimum». Det går ikkje fram om dette også gjeld bibliotek (vi finn ikkje originalen nokon stad og har ikkje tilgang til Aftenposten, som skal ha skrive meir). Uansett frys du ikkje ved 20 grader, så det går vel bra.

Men del to av planen betyr «reduserte åpningstider i kulturbygg og biblioteker».

Det blir ein stor overgang særleg for brukarane av nybiblioteket i Bjørvika, dominert, som det er i dag, av folk som sit der lenge og jobbar med studium og anna. Då blir biblioteket som møteplass, den store nye trenden på 2000-talet, ein skugge av seg sjølv. Og kva då med meirope? Høyrer vi demonstrasjonstog?

Stange ned til biblioteklovas minimum?

I UK og USA er det kampanjar mot «staffless libraries» der løysinga brukast for å spare pengar.

I eit lesarinnlegg i Hamar Arbeiderblad i dag rettar Henriette Stranger Gulseth, tillitsvald ved biblioteket i Stange, og Mailin Toft, tidligare biblioteksjef, svært skarpe skyts mot lokalpolitikarane sine negative signal om bibliotekøkonomien. Dei opnar for at lovas minimumskrav kan vere bra nok, og for sparing ved hjelp av auka meirope, ubemanna bibliotektilbod.

Bibliotekarane i Stange skriv blant anna:

«Kommuneleiinga har for det første «bedt om en utredning for å innføre såkalt meråpent, altså ubetjent bibliotek, i kommunen. 

Dette er for å kunne kutte ytterligere i driftskostnadene på biblioteket gjennom økt bruk av selvbetjeningsløsninger. I dette forstår vi at politikerne foreslår økonomiske kutt ved å nedbemanne. I tillegg ber politikerne om et notat om hva Lov om folkebibliotek (Folkebibliotekloven) sier om hvilke tjenester en kommune må tilby.

Det er kanskje flere som har et inntrykk av at bibliotekaren rydder og låner ut bøker, og lite annet? 

Det vitner i så fall om uvitenhet rundt bibliotekarens arbeidsoppgaver og hvilken rolle biblioteket har i et lokalsamfunn. Hvis man i tillegg tror at et meråpent bibliotek er en ren mulighet for å spare penger, har man misforstått konseptet om ubetjente bibliotek».

Med eit anna ord kan dette ende med regelrett nedbygging av bibliotektilbodet. I Stange er dei tidleg ute med slikt, men vi vil nok dessverre sjå liknande i fleire kommunar. Ein del kommunar har i år fått betre økonomi, men KS er samtidig klar på at betringa kjem av at «2021 var et spesielt år». Det handlar særleg om koronakompensasjonen og at kommunar med netto innflytting har fått auka skatteinntekter. Og det siste gjeld slett ikkje alle kommunar.

Brannen og bemanninga

Bibliotekdilemma:
“To learn to read is to light a fire; every syllable that is spelled out is a spark.”
― Victor Hugo i «Dei elendige»

I dag kjem Klassekampen med ei viktig vinkling til bibliotekbrannen på Deichman i Oslo: Med tanke på tryggleiken til brukarar og tilsette meiner dei tilsette sine organisasjonar at det bør vere fleire tilsette på vakt til kvar tid. abc/nyheter følgjer opp med sitering. Klassekampen skriv at det var rundt 600 personar i biblioteket då dette skjedde, men berre «fire bibliotekansatte og tre vektere på jobb».

Jenny Dellegård frå Fagforbundet seier: «Selvsagt skulle vi gjerne sett at det var ansatte i hver etasje. Det er viktig å være til stede «på gulvet» og være tilgjengelige for de besøkende, … Økt bemanning vil også fungere forebyggende, uavhengig av hva som skjedde sist tirsdag. Hvis noen pønsker på noe tull, så lar de det kanskje være hvis de ser at det er en ansatt i nærheten».

Klassekampen har vore på telefon til hovudbiblioteka i Bergen og Trondheim, og der har dei omlag like mange eller fleire på jobb om kvelden, men i mykje mindre areal.

Rett nok er lokala godt dekka med overvakingskamera.

PS: Kva med dei hundrevis «meiropne» biblioteklokala, heilt utan tilsette til stades?

Meirope-oppleving av tredje grad!

Også aserbadsjansk Wikipedia har ein omfattande artikkel om Åsgårdsreia. Klikk og kikk.

På siste sida i avisa Klassekampen (som vi siterer igjen, og med godt samvit) har i over tretti år petitspalten «I dag» vore ein tumleplass for hundrevis av skriveføre med ulike små eller store bodskap. Tysdag skreiv Bjørn Øyvind Engh frå Trondheim om ei bibliotekoppleving utanom det vanlege. Eller er det kanskje slik det er blitt når no alle med lånekort kan låse seg inn når som helst?

Ja, slikt som dette vil nok ergre dei store (i utval for oppvekst og kultur o.l.), men enkelte små vil det more. Her kjem det, med Engh si tillating:

Sjakk matt

Jeg sitter fordypet på biblioteket i noen metafysiske betraktninger i Morgenbladet da søndagsfreden i meråpent lokale brytes av en tsunami. Åsgårdsreien ankommer, de er bare fire 10-12-årige gutter, men adrenalinet er på topp: WROOOM…!!! som i en tegneserie, tre runder spurter de om kapp rundt reolene, gjør et stopp foran et par forskremte gamlinger, utfører rappetekster med dårlig …

Les mer «Meirope-oppleving av tredje grad!»

Bra frå Bærum

Ikkje i Bærum, men i Moss

Eit lesarinnlegg i Budstikka i dag er eitt av dei betre vi har lese i denne sjangeren. Innsendarane stadfestar at det har vore nedskjeringar over fleire år: «Det er veldig synd at Bærum kommune i årenes løp har valgt å knipe inn litt her og litt der i budsjettene bibliotekene rår over. Nå trengs en skikkelig satsing, særlig på de minste bibliotekene.»

Bærum bør få meiropne bibliotek, slik mange andre kommunar har, men «la ikke dette tilbudet bli benyttet som brekkstang for å kutte antall stillinger. Et bibliotek må være bemannet med gode fagfolk, hvis ikke koker stedet ned til å være en boksamling og ikke et bibliotek.»

«- Hvis du kjeder deg på julaften…»

Siste nytt frå avisa Varden: Når Porsgrunn bibliotek lanserer meiropning vil dei lokke folk til å gøyme seg på biblioteket på julekvelden! (meir får vi ikkje vite, for vi blir stoppa av betalingsmuren).

Å leike gøymsle på biblioteket er ikkje noko nytt, i alle fall ikkje i Denver, Colorado. Men seriøst: Ein kan vel også gå dit denne kvelden for å vere sosial? Til denne lågterskelmøteplassen vår framfor alle!

Ser vi ein ny, alternativ julekveld-trend!? For folk som har fått nok av både svineblót og basusjern.

Meirope, på Eidsvoll?!

Vi må ha tatt grundig feil då vi her om dagen dødsdømde dei meiropne bibliotektilboda med bakgrunn i korona-epidemien og krav til trygge publikumslokale. For i dag fann vi først dette frå Deichman om berre å «korte ned på ordninga» og så dette frå Eidsvoll bibliotek om klargjering for meirope tilbod. Rett nok med atterhald: «Så fort koronasituasjonen tilsier det… ».

Men det kan vere fleire grunnar til at lånarar ikkje har lyst til å låse seg inn og risikere å vere aleine på kveldstid på Eidsvoll bibliotek.

Men ha ein god Halloween 🙂

Ostehøvling av Deichman

Og du lurte på kvifor ostehøvling er metoden i Oslo? Foto, utsnitt: Alexander Ottesen, (CC BY 2.0).

Dagsavisen i dag om 2021-budsjettet i Oslo og svar frå etatane på spørsmålet «Hva betyr dette budsjettforslaget for dere?»:

«Deichman skriver lakonisk at de «registrerer» at det heller ikke i år følger investeringsmidler til den nye bibliotekplanen for Oslo. Dermed ryker planen om pop up-bibliotek på St. Hanshaugen, og de beklager seg også over at det ikke er penger til oppgradering av Deichman Holmlia. Mens ostehøvelkuttet på tre millioner kroner skriver de at de tenker å løse med å korte ned på ordninga der man kan gå på biblioteket utenfor åpningstidene, det som kalles «Meråpent bibliotek».

« … korte ned på ordninga …»? Elles har vi inntrykk av at koronaen har sett stopp for all meiropning?

Meirope bibliotek R.I.P.?

Når det no er tysdag og tid for vekas kategori, blir det nesten som eit gravøl å velje artiklane om meiropne bibliotek. For kjem vi nokon gong tilbake dit? I denne kategorien er det per i dag 15 artiklar. I dei første var vi svært skeptiske, utfrå den danske tendensen heilt tilbake til 2004 med 100% ubetente utlånsstader til erstatning for bibliotekfilialar. Slik det også blei «populært» i Storbritannia. Men etter kvart såg også vi verdien av utvida opningstid ved oppegåande bibliotek, særleg for visse typar brukarar. Før altså heile greia klappa saman med koronaen.

PS: Vi oppdaga no at vi klarte å unngå å blogge om Bibliotekarforbundet si fråsegn frå 2018 om dette fenomenet, men her kjem ho.