Leselyst, treng deg på, her skal du motstand finne

Lydboka er blitt det nye litterære mediet og truleg den leiande litterære forma fram til nokon lanserer fungerande nevro-litteratur (direkte innsprøyting). Men for ei veke sidan måtte eg minne om biblioteket og lånarane sitt totale nederlag i boklov-kampen om lydboka for to-tre år sidan.

Og gjennom eit dekret frå Nasjonalbiblioteket i dag er det definitivt at biblioteka skal stå på sidelinja og knapt nok det. For saman med Forleggerforeningen har NB no «blitt enige om en ny anbefalt utlånsmodell for digitale bøker i folkebibliotek». Modellen er ikkje berre nøyaktig slik (bibliotek-)pessimistane hadde tenkt seg seg, men i tillegg har vi fått ei formulering som denne: «Dersom boken leveres tilbake før utlånsperioden er over, er lisensen sperret for neste utlån inntil lånetiden for forrige låner er utløpt».

Nb.no – berre 26% av bøkene er skanna

40-års jubileumsutgåva til Nytt Norsk Tidsskrift (nr. 3-4, 2024) kjem med sjeldan kritikk av Nasjonalbiblioteket vårt. Kort oppsummert: Trass i hyppige påstandar om at den verdsberømte digitaliserte tenesta deira er altomfattande når det gjeld bøker, er dette positivt feil. Til dømes er berre 26% av bøkene utgitte mellom 1814 og 1905 digitaliserte der.

Den elleve sider lange artikkelen Den digitale litteraturarven og myten om «alt» er skriven av Frode Lerum Boasson, Anders Skare Malvik og Knut Ove Eliassen, høvesvis førsteamanuensis og professorar i nordisk litteraturvitenskap ved NTNU. Dei blei medvitne om dei store manglane under arbeidet med eit tekstkorpus for å kunne drive digital forsking på norsk 1800-tal.

For dei som ikkje har fri tilgang til NNT siterer eg eitt av fleire oppsiktsvekkjande avsnitt:

“Målt opp mot registrene representerer titlene i Nettbiblioteket Bøker ca. 26 % av «alle» registrerte titler i Alma / Oria, mens samlingen rommer ca. 53 % av titlene i Norbok. Siden Nettbiblioteket Bøker inneholder en hel del materiale som burde vært registrert i Norbok, men altså ikke er det, synliggjør sammenligningen at Norbok-registeret for perioden er ufullstendig, og samtidig at digitaliseringen av «norske bøker» er langt fra komplett. Det er dermed vanskelig å fastslå hvor mye av «alt» norsk materiale fra perioden som egentlig er digitalisert. Det vi imidlertid kan si med sikkerhet, er at 13 446 titler utgitt mellom 1814 og 1905 som er registrert i Norbok, ikke er representerte i den digitale boksamlingen. Legger vi også til at det ikke finnes absolutte data for hvor stort samsvar det er mellom de registrerte utgivelsene i Norbok og den faktiske utgivelseshistorikken i perioden (det kan ha blitt utgitt bøker på 1800-tallet som ikke har blitt registrert), blir det klart at vi i realiteten umulig kan fastslå den digitale samlingens representativitet”.

Forfattarane vedgår at “Institusjonell hybris kan være en ressurs …”, men funna deira samsvarer dårleg …

Les mer «Nb.no – berre 26% av bøkene er skanna»

Ut i prosjektmyra igjen

Den svenske bibliotekutgreiinga i 2017 sa klart nei til «prosjektmyra»

Bibliotekarforbundsleiar Ola Eiksund skriv no på Bok og bibliotek om den ferske NB-utlysinga av prosjektpengar: «Leseferdigheter kan ikke bygges på prosjektmidler»: «I den kommunale virkeligheten anno 2024 er det nesten en garanti for at det ikke finnes friske midler til å opprettholde gode prosjekter og nye tjenester i daglig drift».

Samtidig ser vi at hos nærmaste nabo i aust seier det statlege Kulturrådet: «Folkbiblioteken behöver permanent statligt stöd». I rapporten deira om dette heiter det på side 34: «Genom långsiktiga statliga stöd kan biblioteken och bibliotekssektorn med gemensamma krafter och resurser, utvecklas på ett hållbart och kvalitativt sätt». Look to Sweden!

Kor «nye» er 18 til 23 år gamle bøker?

Klikk og kikk: Bøker frå 2004 og -05 om «Midtøsten» som i 2024 vil bli «nye» på nb.no. Sortering: Relevans. (13.10.23 var det 874 treff, av desse 9 «frie»).

I ei nyheitssak hos Nasjonalbiblioteket sjølv er det mest openberre nye at i bokbasen på nb.no skal fem fleire år bli «frie», no til og med 2005. Altså bøker som var nye for 18 til 23 år sidan. Og, ein bør ikkje juble for høgt: «Avtalen inngås som et prøveprosjekt for 2024 og 2025».

Vi må til Kopinor for å få sjå heile avtalen. Eg har i kveld ikkje samanlikna han grundig med den nogjeldande frå 2012 (Wayback-kopi). Ikkje er eg jurist, heller. Men her har vi nokre fleire ting å tyggje på:

  • I opningskapitlet «Bakgrunn» heiter det: «Kopinor kan inngå kollektive avtaler med avtalelisensvirkning som gjør det mulig å kompensere opphavere og utgivere og gi befolkningen tilgang til utgitte åndsverk». Kva betyr dette frå eller til?
  • Det står no at «Det skal ikke legges til rette for at materialet, bortsett fra metadata, gjøres søkbart via eksterne søkemotorer». Mens det i 2012-avtalen heiter at «Materialet vil bli gjort søkbart via søkemotorer». Men har dette eigentleg fungert? Uansett: Det verkar ikkje som brei marknadsføring av denne tenesta er særleg høgt prioritert.
  • Nytt om vederlag: I den nye avtalen heiter det: «Det betales i 2024 et årlig samlet vederlag på 24,5 mill. kr for tilgjengeliggjøring av beskyttet materiale etter denne avtalen». Mens i den nogjeldande er det snakk om til dømes kr 0,36 per opna side i 2013 osv osv. pluss indeksregulering og «Nasjonalbiblioteket faktureres for det antall sider som til enhver tid er tilgjengeliggjort». Er dette nye eit forsøk på, frå NB og departementet si side, å unngå å sprenge budsjettet, eller er det berre ei ad-hoc-løysing for dei to åra avtalen gjeld?
  • Det står at «Nasjonalbiblioteket vil regelmessig, etter nærmere avtale, dele relevant statistikk om bruken av materialet». Dele med kven? Det har ikkje til no vore enkelt å finne statistikk om bruken.

Ein ting til: Avtalen seier framleis ingenting konkret om dei mange avgrensingane (Wayback-kopi) som gjeld for folk utan Feide-tilgang (UH og skoleverket). Men slikt er heller ikkje vore presisert i dag. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery sa under lanseringa i dag blant anna: «Dette er en stor dag for lesere av alle slag, ikke minst for elever og forskere». Betyr dette at «vanleg folk» ikkje har så mykje å juble for? (omtalen min tidlegare denne veka av den nye boka til Henrik G. Bastiansen handla i stor grad om desse avgrensingane).

Til no i dag (13.10. kl 23.50) er Bok365 dei einaste som gir treff på Google nyheitssøk, då berre ei NTB-melding med eit staseleg foto, men med lite informasjon. Forfatterforeninga har ørlite meir, og endå fleire flotte foto frå evenemanget.

238 ferske boksider om Nasjonalbiblioteket, men …

I boka “Når fortiden blir digital” slår medieforskar Henrik G. Bastiansen fast at Nasjonalbiblioteket er “det nye digitale navet i Forsknings-Norge”, men gjeld det også for “vanleg folk” som søkjer kunnskap? Boka handlar i stor grad om NB, men er slett ikkje den breie analysen av institusjonen og tenestene som mange på bibliotekfeltet saknar. 

>> Nytt 13.10.: I eit intervju i Bok og bibliotek «saknar [Bastiansen] ein offentleg debatt om korleis Nasjonalbiblioteket løyser dette oppdraget, og betydninga av arbeidet, ut over det vellukka imaget som «flinkast i klassen».

Her er den snart 14 år gamle boka til Marianne Takle framleis det beste vi har. Bastiansen skal ha at han i alle fall nemner tilrådinga hennar om at den altomfattande digitaliseringa “burde vært debattert”. For det skjedde aldri. Han nemner også Tord Høivik sitt forslag om å prioritere det mest etterspurde materialet, og han er innom Eirik Newth si etterlysing av samhandling med brukarane og dermed auka engasjement og bruk. 

Bastiansens bok handlar om digitalisering, og aller mest om NB sine digitale tenester, alt frå digitaliseringa av alle norske bøker som starta i 2006, etter kvart også lyd- og bilet-medium, til nye, “kunstig intelligente” appar som effektivt kan grave djupt i dei enorme datamengdene og utføre analysar som ville tatt fleire årsverk om ein skulle jobba med analoge medium.

For forskarar, og for historikarar spesielt, presenterer han gode digitale metodar og verktøy, men åtvarar samtidig om skilnadene på analog og digital forsking; til dømes “[vil] man fort oppleve å finne det man søker etter. Det betyr at søkeresultatene faktisk blir forutbestemt av det man på forhånd er interessert i.” 

Bastiansen vedgår at også for forskarar kan IT-verktøy vere krevjande: “Generasjonene som har vokst opp med Google … er ikke IT-eksperter av den grunn, men trenger også veiledning og hjelp”. Søk i basane krev fleire innstillingar for å bli presise, og ein skal jobbe nærmast dagleg med den enkelte tenesta for å halde vedlike eit høgt nivå.

Også underteikna finn mykje av dette interessant, men når kjem altså det uavhengige forskingsbaserte verket om NB og tenestene deira på godt og vondt? I den norske biblioteksektoren er det ingen tvil om at dei siste tjue åra med NB har vore kontroversielle på fleire måtar. 

I boka får vi nokre få ymt her og der om utfordringar på NB undervegs, men sjeldan noka utdjuping. Men noko av dette har jo hatt følgjer for korleis tenestene er blitt utforma og korleis dei framstår for brukarane. Til dømes nemner Bastiansen, men berre i forbifarta, …

Les mer «238 ferske boksider om Nasjonalbiblioteket, men …»

Trettebergstuen har «svart»

Kulturministeren svarte i går på det skriftlege spørsmålet på Stortinget om ho vil «foreta seg noe for å sørge for at tilgangen til Nasjonalbibliotekets nettbibliotek «bokhylla» ikke blir kraftig redusert?». Og Forskerforum er først ute med nyheita. Men ingenting nytt kjem fram i høve til det statssekretæren sa til Klassekampen fredag. Og nasjonalbibliotekaren blir på ny sitert på at han «ikke kan forholde seg til revidert budsjett før det kommer».

Meir interessant på Forskerforum er at dei publiserer innlegget frå Klassekampen av Arne Skivenes, tidlegare byarkivar i Bergen: «Det dreier seg om ødeleggelser i kunnskapstilgang for hele nasjonen». Han drøftar blant anna signalet om «kassering» av dei 100 000 titlane i basen som «ikke er etterspurt eller lite brukt»: «Ikke start med å kutte marginallitteraturen fra tilbudet. Start med å kutte digitalt det som enkelt lar seg fremskaffe analogt: det mange har fra før, som er trykt i store opplag, finnes på antikvariater og loppemarked» (vår utheving).

Utan å framheve meg sjølv, må eg melde at tre dugnadsbaserte bokprosjekt av lokalhistorisk karakter som eg har vore med på dei siste par åra, ikkje ville blitt noko av utan omfattande søk i Bokhylla.no, både i bøkene, tidsskrifta og avisene. I til dømes denne årboka frå Østfold Mållag ville dei over femti sidene ikkje blitt realiserte om den nærmast bortgløymde autodidakte multi-kulturberaren Kristian Strømshaug (1921 – 2004). Her fekk vi utført viktig lokalhistorisk «grunnforsking» på materiale frå Strømshaug si side når det gjeld folkeminne og målføre, byggeskikk og utforming av gardstun og om kunstsnekring og lafting, som neppe har generert mange fleire klikk gjennom Bokhyllas historie.

AI? – Syntetisk media!

I Bergen kunne dei trenge intelligente skilt

Vi kunne kvar dag sitere, kommentere og drøfte mengder av blodferske tekstar om «kunstig intelligens» eller AI. Vi skal ikkje dét. Men til dømes har vi i dag lese fire interessante innlegg, to svenske og to norske. Først dei svenske:

Éin av dei mest aktive over Kjølen er historikaren Rasmus Fleischer, ikkje ukjend for svenske bibliotekarar og for lesarar av denne bloggen. Akkurat no er han i debatt i Göteborgsposten med EU-kommisjonær Ylva Johansson om EU-lovforslaget om Chat Control. Føremålet med lova er meir enn heiderleg, å «förebygga och bekämpa sexuella övergrepp mot barn», men det vil krevje forbod mot krypterte tenester som t.d. Signal, noko som vil utradere kjeldevern og hindre varsling.

I Aftonbladet i dag har Fleischer ein kronikk der han kommenterer det internasjonale oppropet frå ulike ekspertar om å stoppe utviklinga av AI i minst eit halvt år, for å tenkje seg om. Men han foreslår i staden: «Låt oss i ett halvår avstå från att alls prata om ”artificiell intelligens”. Inte för att vifta bort några risker. Tvärtom: för att få ett bättre grepp om dem. Då är det tveksamt hur behjälpta vi är av den notoriskt vaga metaforen ”intelligens”. Ingen kan säga riktigt vad AI är. Låt oss istället tala om syntetisk media». 

Eitt par andre smakebitar herfrå:

Les mer «AI? – Syntetisk media!»

– Alle vil redde Bokhylla

Klikk og sjå stortingspolitiske kjenseutbrot

Dette er hovudoverskrifta på kultursidene i Klassekampen i dag. Men dei jublande (?) stortingspolitikarane på fotoet har ikkje stort meir å seie enn at Bokhylla.no internt på NB må prioriterast høgare.

Silje Hjemdal, Frp, «forventer selvsagt at dette vurderes før alt annet». Høgres Tage Pettersen «ber ikke om at kulturministeren skal gi biblioteket mer penger» og viser til det skriftlege spørsmålet sitt til Trettebergstuen. Hege Bae Nyholt frå Raudt «har full forståelse for at de velger å holde på sine ansatte. Problemet er at den økonomiske ramma er for trang».

Så svarer heller ikkje statssekretær Aunan Bohmann (AP) meir enn at revidert nasjonalbudsjett vil «hensynta en økt pris- og lønnsjustering. … Bokhylla er en bra ordning, og vi håper Nasjonalbiblioteket klarer å unngå for store kutt i avtalen».

Avisa har dette også på leiarplass, der vi i tillegg blir minna på Entra-eigarskapen til NB-bygget i Oslo, som igjen er eigd av blant anna Citibank, J.P. Morgan og Goldman Sachs (mens den største deleigaren er svensk, noko vi sette i ein større bibliotekhistorisk samanheng i 2019!).

Og i eit lesarinnlegg skriv Arne Skivenes, tidlegare byarkivar i Bergen: Det måtte jo skje! Han stadfestar blant anna lokale bibliotekarhaldningar av typen «Det finnes jo digitalt hos NB, da kan vi kassere vårt eksemplar». Jamfør utdjupinga vår her om dagen om risikoen for store følgjefeil av denne digitaliseringsnaiviteten.

>> Nytt 13. oktober: Desse protestane må ha virka! Her kjem kunngjering om ny avtale om «Bokhylla», der nedslagsfeltet er utvida med fem år. Men framleis med fleire usikre element.

PS 1: I andre riksmedium er saka nemnd berre i Nettavisen, Nationen og Vårt Land, basert på korte NTB- og NPK-meldingar.

PS 2: I denne prosessen har no alle kanalar, pluss stortingspolitikarane og Kopinors Slettholm og NB-sjefen sjølv, og ein drøss store og små lokale bibliotek, brukt det tidlegare, gjennom fleire år innarbeidde namnet Bokhylla.no istaden for Nettbiblioteket. Så gjer vi det her på bloggen også. Og NB bør vurdere å revurdere si eiga namnevurdering.

Halvering av Bokhylla.no vil IKKJE svekke …

Den nemnde trefflista i Bokhylla.no. Klikk for stort bilete.

… bibliotekbruken. For fjernlån bør og vil kompensere for mykje av tapet; dette var eg inne på 3. april. Meir presist: Du vil framleis få treff i den fulle teksten i blodferske så vel som eldre norske bøker, og dette vil inspirere til fjernlånstingingar. Særleg om Nasjonalbiblioteket ganske enkelt legg til «Bestill fjernlån» ved informasjonen «Kilde for metadata». Som du i dag finn i postane nedanfor «ISBN», som til dømes her. Der kjem du til Oria.no, med fjernlånsfunksjonen sin. Lenker inn i Biblioteksøk ville gjort det ekstra enkelt for brukarar av folkebibliotek.

Dette er det minste NB kan gjere for å bøte på skadane. Funksjonane skulle sjølvsagt vore der heilt frå starten, med tanke på at meir enn halvparten av bøkene alt er «innestengde».

På denne måten vil samtidig den nasjonale utlånsstatistikken auke synleg, for i dag blir ikkje Bokhylla-bruken rekna med verken her eller der. Av ein eller annan merkeleg grunn.

Men ein føresetnad er sjølvsagt at dei lokale biblioteka ikkje har kassert alt som gjennom snart tjue år er blitt digitalisert.

Halveringa av Bokhylla.no vil heller ikkje svekke SALET av norske bøker. For så lenge NB held fram med å digitalisere alt nytt, vil Bokhylla.no framleis vere ein god reklamekanal for bokhandelen.

Eit døme på dette: Underteikna fatta for ei tid sidan interesse (negativ) for Peter Thiel, ein Silicon Valley-milliardær og ifølgje Wikipedia ein «politisk reaksjonær libertarianer». Eit søk på namnet hans i Bokhylla gav treff i 54 bøker, av desse 8 frå 2022 (sjå illustrasjonen). Dette påverka meg til å kjøpe Lena Lindbergs «Ekko – et essay om algoritmer og begjær» (meir om denne, følg med på bloggen) og Carline Tromps «Kulturkrig : det nye ytre høyre og normaliseringen av det ekstreme» (eg kjende til begge på førehand, men søket i Bokhylla fekk meg til å handle, bokstaveleg talt).

Alt snakket om digitalisering …

… er berre snakk. I alle fall når det gjeld biblioteka si sikring av historie og kunnskap. I desse dagar får vi vite av vår eigen regjering at digitalisering av norsk materiale ved Nasjonalbiblioteket ikkje er så viktig likevel. Og i USA har Internet Archive tapt første runde i kampen om deira digitale “National Emergency Library” då dei fleste biblioteka i landet måtte stenge under Koronaen.

Den nasjonale kasseringa

Frå opninga av NB i 2005, etter restaurering og utbygging, eitt år før starten på Bokhylla.no

Endeleg har ei riksavis, Klassekampen, tatt opp dei store kutta som NB må gjennom og som bortimot vil halvere den unike tenesta Nettbiblioteket, nb.no, tidlegare kjend som Bokhylla (eit namn som faktisk får ein renessanse no; til og med Sira Myhre bruker det i avisa i dag).

For lesarane av denne bloggen er det likevel ikkje så mykje nytt. Vi skreiv 6. mars at Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet og seinare om Ny, redusert normal for bibliotekbruk. Men til skilnad frå kva vi siterte assisterande nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold på i det sistnemnde innlegget: «De bøkene som gjøres utilgjengelig for lesing hjemmefra er de som er minst brukt», kan ikkje sjefen hans, Aslak Sira Myhre, i dag «si noe om hvilke bøker som kan bli tatt vekk fra samlingen».

Protestane er, i alle fall til no, for få og for veike til at kutta kan bli reverserte eller sterkt reduserte. Sidan NB no har gått tilbake på å kutte dei «minst brukte», bør bibliotekmiljøet kunne meine noko om kva som er minst alvorleg å kutte. Det er bibliotekarane rundt i landet som veit noko om følgjene for det totale bibliotektilbodet. Til dømes: Kva får det å seie for fjernlånstilbodet når norske bibliotek no i snart tjue år har kassert med tanke på at «det finst jo digitalt på NB»?

Og kva når samtidig Depotbiblioteket må redusere tilbodet? Frå nyttår, når dette trer i kraft, må bibliotek av alle slag aktivt informere nb.no-brukarar om at dei kan tinge fjernlån. NB må også tydeleg gjere merksam på dette etter treff på «stengde» titlar.

Sira Myhre minner om at «det mange dokumenter som ligger åpent andre steder». Men kor enkelt er det for folk å finne dei?

Er kanskje den gamle skjønnlitteraturen mindre viktig enn faglitteraturen? For nokre er tidsskrift og aviser mykje viktigare enn bøker, men om dei er mindre brukte, er det kanskje dei som må ryke?

Og kva med dei mange tusenvis lenkene til bøker osv. i nb.no som no vil «døy»? I alt frå Wikipediaartiklar til doktoravhandlingar.

Klassekampen spør: – Kunne dere kuttet antall arrangementer for å redde flere bøker? Sira Myhre svarer at det blir kutta der også. Men kor mykje har arrangementa på Solli plass å seie for brukarane rundt i landet, spør vi oss? Ikkje alle blir strøymde heller.

PS 4.4.: Arne Vestbø, leiar av Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening, blir intervjua i Klassekampen: Tror kutt vil ramme forfattere. Også UBO-direktør Randi Halveg Iversby.

Ny, redusert normal for bibliotekbruk

Med marssola i ryggen kan framtida sjå lysare ut for telefonkioskutlån enn for bibliotek

Vi blogga 6. mars om at Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet, altså om følgjene av dei 20 millionar store kutta i NB-delen av statsbudsjettet. Då var det få detaljar om fjerninga av kvar tredje digitaliserte bok, men no har nettstaden Kontekst.no intervjua assisterande nasjonalbibliotekar Roger Jøsevold om dette, og han «trøyster» oss med at «De bøkene som gjøres utilgjengelig for lesing hjemmefra er de som er minst brukt. Bøkene vil fremdeles komme opp når de gir treff i søket, men for å få lesetilgang må man enten søke om begrenset tilgang til forskning eller dokumentasjon eller oppsøke Nasjonalbiblioteket».

Trur vi regjeringa vil plusse på så det monnar i revidert nasjonalbudsjett i mai? (trygg er slett ikkje Sira Myhre i intervjuet i Forskerforum). Trur vi ei sannsynleg ny Erna-regjering til hausten, med FrP-støtte, vil gjere det?

Jo før, jo heller må folkebiblioteka meir aktivt marknadsføre og hjelpe folk å søke NB om 8 timars «begrenset tilgang til forskning eller dokumentasjon».

For to år sidan laga vi ei konkret, enkel skisse til plakat for nett, skjerm og vegg.

Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet

I januar las vi på heimesida til Nasjonalbiblioteket om kutta dei vel å gjennomføre etter det omfattande kuttet i statsbudsjettet på over 20 millionar.

>> Oppdatert 7.mars med sitat frå Morgenbladet, og 8. mars frå Kontekst.no; sjå lenger nede.

Så intervjuar Forskerforum.no nasjonalbibliotekaren 27. februar, og der heiter det i tillegg at «100 000 bøker skal tas ut av ordningen Nettbiblioteket, som gir alle i Norge gratis tilgang til norske bøker som er utgitt før 2000. Dette for å spare inn på utbetalinger til vederlagsorganisasjonen Kopinor».

Alltinget i dag intervjuar dei Forskerforbundets leiar Guro Elisabeth Lind, og når det gjeld NB, er dette kuttet framstilt mest konkret. Og det ER alvorleg. I dag er det 292 000 frie bøker i Nettbiblioteket. Kuttet som no skal gjennomførast, vil redusere tilbodet med ein tredel!

Vi har sagt det fleire gongar tidlegare at Nettbiblioteket, eller tidlegare Bokhylla.no, er ei skjør teneste. Ikkje berre kan forlag og forfattarar når som helst trekkje tilbake titlar, Kopinor kan også krevje reforhandling av avtalen, men her har vi provet på at også regjeringar kan påverke gjennom budsjettkutt. Til no har vi åtvara om slike resultat med FrP i regjering, men her er det altså AP/SP-regjeringa som «går i spissen».

Gjennom fleire år no har norsk bibliotekvesen basert stadig meir av kunnskapsformidlinga på denne tenesta. Fjernlånstilbodet er sterkt pressa som det er, og no kjem dette på toppen. Samtidig som altså Depotbiblioteket i Rana skal redusere innsatsen.

Og: For ein måned sidan rekna vi ut at berre dei eldste 48,2 prosentane i Nettbiblioteket i dag er ope tilgjengelege, mot 62 prosent ved oppstarten i 2006. Over halvparten må ein altså søkje om tilgang til, for forskings- og dokumentasjonsformål.

>> Oppdatert 8.3.: Til Kontekst.no seier Jøsevold ved NB at «De bøkene som gjøres utilgjengelig for lesing hjemmefra er de som er minst brukt. Bøkene vil fremdeles komme opp når de gir treff i søket, men for å få lesetilgang må man enten søke om begrenset tilgang til forskning eller dokumentasjon eller oppsøke Nasjonalbiblioteket. … Ved å ta ut disse titlene regner Nasjonalbiblioteket med å spare rundt syv millioner kroner».

Men som betyr tilsvarande inntektstap for forfattarorganisasjonane. Tru kva dei vil seie?

I eit intervju i Morgenbladet forklarer Sira Myhre kvifor dei har prioritert vekk 1/3 av Nettbiblioteket:

Les mer «Det s kj ør e Nettbiblioteket er ein realitet»

Nasjonalbiblioteket sine «hemmelege» tenester

Her om dagen snubla vi over ei NB-teneste som har eksistert sidan 2010, men som underteikna ikkje har ant noko om, nemleg Sceneweb. Dette er «et nasjonalt historisk arkiv for norsk profesjonell scenekunst. … Scenewebarkivet eies av Danse- og teatersentrum. Arbeidet med innsamling, registrering, digitalisering, tilgjengeliggjøring og bevaring av arkivmateriale gjennomføres i samarbeid med Nasjonalbiblioteket».

Vi testa det på ein operasangar vi kjenner og fekk opp ei ganske korrekt liste på 77 produksjonar han var med i, og med info om roller han hadde i kvar enkelt, tid og stad og nokre gongar publikumstal. Og no og då lenke til digitaliserte program. Visste sangaren om denne kjelda? Nei. Heller ikkje ein skodespelar i venekrinsen. Han fann vi 34 produksjonar på og i tillegg fekk vi vite når han «berre» var lysmeister. Fantastisk, eigentleg.

Andre hemmelege?

Jo, vi har Norsk bibliotekhistorie. Denne blei vel etablert i samband med Norsk Bibliotekforening sitt hundreårsjubileum i 2013, men vedlikehaldet kan ikkje ha vore særleg prioritert, for nokre av lenkene på startsida melder at «Siden du ser etter finnes ikke». Og bruk av søkefeltet fører deg berre til startsida på søk i heile nb.no. På NB sitt Flickr-område finn du fleire samlingar av gamle og nyare fotografi av bibliotek og relevante personar.

I periodar har vi hatt nytte av tenesta Statsmaktene, ein inngang til statlege dokument i nb.no. Denne er blitt modernisert og er i dag søk i fem kategoriar, «Domstolsdokumenter, Norges offentlige utredninger (NOU), Register» osv. Funksjonaliteten og dekkingsgraden skal vi teste ut etter kvart.

Og apropos Stortinget, så har dei Stortingskorpuset, saman med fleire andre korpus i Språkbanken. Kanskje ikkje førstevalet for dei fleste av oss, men viktig nok.

Og så har du denne tematiske inndelinga. Men kom gjerne med fleire slike funn i kommentarfeltet.

PS dagen etter: I dag dukka faktisk alle desse «hemmelege» inngangane opp på startsida til nb.no: Dykk ned i Nettbiblioteket: Flyfoto fra hele Norge / Reklamefilmer fra 50-tallet / Hvem skrev Camilla Collett brev til? / Åpningen av Ekofisk-feltet / Roald Amundsen på Sydpolen / Norges første kvinnelige statsminister /Kong Haakon VIIs tale fra London 8. mai 1945 / Ta fram strikketøyet