238 ferske boksider om Nasjonalbiblioteket, men …

I boka “Når fortiden blir digital” slår medieforskar Henrik G. Bastiansen fast at Nasjonalbiblioteket er “det nye digitale navet i Forsknings-Norge”, men gjeld det også for “vanleg folk” som søkjer kunnskap? Boka handlar i stor grad om NB, men er slett ikkje den breie analysen av institusjonen og tenestene som mange på bibliotekfeltet saknar. 

>> Nytt 13.10.: I eit intervju i Bok og bibliotek «saknar [Bastiansen] ein offentleg debatt om korleis Nasjonalbiblioteket løyser dette oppdraget, og betydninga av arbeidet, ut over det vellukka imaget som «flinkast i klassen».

Her er den snart 14 år gamle boka til Marianne Takle framleis det beste vi har. Bastiansen skal ha at han i alle fall nemner tilrådinga hennar om at den altomfattande digitaliseringa “burde vært debattert”. For det skjedde aldri. Han nemner også Tord Høivik sitt forslag om å prioritere det mest etterspurde materialet, og han er innom Eirik Newth si etterlysing av samhandling med brukarane og dermed auka engasjement og bruk. 

Bastiansens bok handlar om digitalisering, og aller mest om NB sine digitale tenester, alt frå digitaliseringa av alle norske bøker som starta i 2006, etter kvart også lyd- og bilet-medium, til nye, “kunstig intelligente” appar som effektivt kan grave djupt i dei enorme datamengdene og utføre analysar som ville tatt fleire årsverk om ein skulle jobba med analoge medium.

For forskarar, og for historikarar spesielt, presenterer han gode digitale metodar og verktøy, men åtvarar samtidig om skilnadene på analog og digital forsking; til dømes “[vil] man fort oppleve å finne det man søker etter. Det betyr at søkeresultatene faktisk blir forutbestemt av det man på forhånd er interessert i.” 

Bastiansen vedgår at også for forskarar kan IT-verktøy vere krevjande: “Generasjonene som har vokst opp med Google … er ikke IT-eksperter av den grunn, men trenger også veiledning og hjelp”. Søk i basane krev fleire innstillingar for å bli presise, og ein skal jobbe nærmast dagleg med den enkelte tenesta for å halde vedlike eit høgt nivå.

Også underteikna finn mykje av dette interessant, men når kjem altså det uavhengige forskingsbaserte verket om NB og tenestene deira på godt og vondt? I den norske biblioteksektoren er det ingen tvil om at dei siste tjue åra med NB har vore kontroversielle på fleire måtar. 

I boka får vi nokre få ymt her og der om utfordringar på NB undervegs, men sjeldan noka utdjuping. Men noko av dette har jo hatt følgjer for korleis tenestene er blitt utforma og korleis dei framstår for brukarane. Til dømes nemner Bastiansen, men berre i forbifarta, …

… at andre enn dei som har tilgang via Feide (altså UH-folk ++) må søkje via det lokale biblioteket sitt om eventuelt å få åtte timars tilgang til alt som ikkje har falt i det fri (70-årsregelen) eller som er nyare enn frå år 2000 (og dermed ikkje er dekt av Kopinoravtalen). Han gir fleire stader inntrykk av at det meste er fritt, mens i februar i år fann vi at faktisk berre ca. 48 prosent av bøkene i basen er fritt tilgjengelege. Og prosenten minkar for kvar dag. 

Han nemner det ikkje som eit problem at avtalen med Kopinor ikkje er rullert etter Bokhylla-starten i 2006, trass i at NB stadig gjentar at dei jobbar for det. Slik er tilbodet i praksis blitt langt meir “historisk” enn i starten, og sjølv om folk får mange treff, vil materialet dei får lese ofte vere forelda, for ikkje å seie “falske fakta”. Og NB åtvarar ikkje om det.

> Når dette “går i trykken” dukkar dette opp: “Presentasjon av ny Bokhylla-avtale”. Så får vi sjå. Men det reduserer ikkje behovet for ein seriøs analyse av NB. 

Bastiansen skal ha takk for å nemne, som den einaste (?) i bokform, om enn berre på ei halv side, dei kompetansekampane NB har vore involvert i, noko lesarane av denne bloggen kjenner til, men ikkje mange andre. Han skriv: 

“ … år etter år fikk Nasjonalbiblioteket gunstige vilkår fra Kulturdepartementet og nesten alltid rause budsjetter. Kulturdepartementets avgjørelser har da også påfallende ofte gått i Nasjonalbibliotekets favør, selv om det fantes alternative aktører. En av dem var det filmfaglige miljøet ved Norsk filminstitutt. De ble integrert i Nasjonalbiblioteket i 2008. En annen aktør var ABM-utvikling – fellesorganet for arkiv-, bibliotek- og museumssektoren, operativt fra 2003. Nasjonalbiblioteket var skeptisk til ABM-utvikling og la heller ikke skjul på det. De argumenterte for å overta deler av deres arbeidsoppgaver og legge ned resten. Også her vant Nasjonalbiblioteket frem.”

Han nemner ikkje konkret kva for oppgåver NB overtok frå ABM-utvikling, der det mest kontroversielle ikkje hadde med digitalisering å gjere, nemleg “konsulentoppgåvene” mot folke- og fylkesbiblioteka. Det som er Bibliotekutvikling.no i dag.

Her på bloggen har vi fleire gongar minna om kor sårbar avtalen mellom NB og Kopinor er. Ein avtale er berre ein avtale, og pengane må kome frå det uføreseielege statsbudsjettet, så kva når FrP er i regjering igjen og kjem i dårleg humør? Men så såg vi i april at 100 000 av dei digitaliserte bøkene kunne bli “stengde”, og då av den raud-grøne regjeringa! 

For forskarane til Bastiansen ville ikkje dette få mykje å seie, men kva med alle oss andre? 

Og: Kva blir følgene når mange lokale bibliotek sidan 2006 har kassert bøker dei har vore trygge på at fanst på nb.no? Blant anna Arne Skivenes, tidlegare byarkivar i Bergen, problematiserte dette i Klassekampen i april.

Og vidare når det gjeld “vanleg folk” med store kunnskapsbehov: Kvifor i all verda marknadsfører ikkje NB desse tenestene meir aktivt enn dei gjer? Handlar dette også om pengar? Om faren for å sprenge budsjettet? Eg tar del i eller har kontakt med fleire meir eller mindre amatørprosjekt på det lokalhistoriske feltet, og opplever at fleire i denne “bransjen” anten ikkje kjenner til eller ikkje forstår det fulle potensialet til NB-tenestene (så eg har fått ein god del positiv respons ute i biblioteka på dette uoffisielle utkastet til marknadsføring).

Dette er berre nokre av dei konkrete og potensielle utfordringane vi må leve med etter snart tjue år med verdas mest ambisiøse offentleg finansierte og drivne digitaliseringsprosjekt. 

Det er sjølvsagt ikkje rettvist mot Bastiansen å skrive såpass mykje om “manglar” i boka hans, som eigentlig handlar om noko anna. Men når det ein svært sjeldan gong kjem ut noko forskingsbasert om det norske bibliotekfeltet, og av nokon utafor feltet, måtte det bli slik.

2 kommentarer om “238 ferske boksider om Nasjonalbiblioteket, men …

Leave a Reply