Hovudsaka på kultursidene i Klassekampen 23. juni var: «Ønsker mer lyttbar sakprosa». Som aktiv lydbokbrukar gjennom mange år, var det godt å lese at NFFO-leiar Arne Vestbø slår eit slag for meir sakprosa på dette mediet. Eit presist og godt slag mot forleggjarane var det også. Dei gjer det for enkelt for seg med den sterke dominansen av krim og seriebøker. Annan skjønnlitteratur blir gjerrig utposjonert, så det ikkje skal sjå for ille ut. Og i strøymetenestene sine «sakprosahyller» fyller kjendisbiografiane godt opp.
>> Dette trykte avisa som lesarinnlegg 10. juli. Så høyrer vi kanskje noko frå forlag og/eller forfattarar, til skilnad frå førre gongen eg tok det opp?
Vi veit at lydboka rekrutterer nye «lesarar» og at ho dekker behov der papirboka kjem til kort. Og det kjem ut viktig og velskriven populærvitskapeleg litteratur som hadde trengt det løftet lydboka kunne gi han. Berre eit lite utval av denne litteraturen kjem altså som lydbok, men skal forlaga ha håp om verkeleg å nå sakprosa-interesserte med lydboka, må blant anna noko heilt konkret på plass, nemleg fot- og sluttnotar og litteraturlister. På éin eller annan måte.
Ta eit par døme på norsk sakprosa eg har lytta til i det siste, …


Samanlikna med oppslaget i Klassekampen i går kom det noko nytt og bra ut av det ti minutters innslaget på NRKs 

Håvard Rem skriv denne veka i Dag og Tid om masteroppgåva til Kristoffer Tyssøy Høisæther der lærebøkene i mellomalderhistorie for grunnskole og vidaregåande blir granska. Konklusjonen er kort fortalt som på denne forsida: Norske elevar lærer at europearane i mellomalderen var vonde og valdelege, medan muslimane var tolerante.