KI – skremmande bra! På noko

Mossevassdraget ifølgje kinesisk KI. Og desse er vi redd for skal overvåke oss?! (ironisk smilefjes)

Eg har med ujamne mellomrom testa opne KI-tenester. Med svært blanda resultat. Til dømes har eg fleire gongar spurt kva som er den fjernaste kjelda til Mossevassdraget, som altså renn ut i Oslofjorden i Moss (rett svar er Smalvannsmåsan i Østmarka, nær Skullerud søraust i Oslo).

Svaret i dag frå DeepSeek er minst like dårleg som ved dei tidlegare forsøka:: «Mossevassdraget renner gjennom kommuner som Tynset, Tolga, Rendalen og Åmot før det munner ut i Glomma ved Åmot. Den fjerneste kilden er et lite tjern eller bekke i høydedragene vest for Tylldalen».

Men i går bad eg same maskin lage eit samandrag av eit 17 sider langt kapittel i ei komande lokalhistorisk bok eg er redaktør for. Kapitlet handlar om ein alvorleg intern konflikt mellom politikarar, administrasjon og tilsette i ein norsk kommune, som enda med ei arbeidsrettssak for over tjue år sidan. Ei sak ein praktisk talt ikkje finn noko om på det opne nettet, om du ikkje søkjer på nb.no i dei relevante lokalavisene. Og det gjer vel ikkje desse kinesarane?

Oppsummeringa som følgjer fekk eg levert på under fem sekund. Ho inneheld dei klart viktigaste elementa i saka og slett ingen «hallusinasjonar». Eg kunne nok ha laga eit samandrag på «gamlemåten» på eit par timar, men ikkje noko betre enn dette (eg har anonymisert namna som var involverte):

«Dokumentet beskriver en langvarig og komplett konflikt i NN kommune rundt barnevernet, med fokus på avskjedigelsen av XX og oppsigelsen av YY, to ansatte i barnevernsetaten. Konflikten startet i [året] da det ble foreslått å ansette en jurist i barnevernet for å redusere kostnadene ved å bruke eksterne advokater. XX og YY prøvde å informere politikere om nye opplysninger i saken, noe som ble sett på som illojalt av kommunens ledelse. Dette førte til harde reaksjoner fra rådmannen ZZ og kommunalsjef ØØ, inkludert beskyldninger om illojalitet og en omfattende «ryddeaksjon» i barnevernet.

Situasjonen eskalerte med interne møter hvor ansatte ble beskyldt for å være mytterister, noe som førte til stor uro og at flere ansatte søkte seg bort. Barnevernet ble midlertidig stengt på grunn av et dårlig psykososialt arbeidsmiljø. XX og YY ble etter hvert fjernet fra sine stillinger, noe som førte til en arbeidsrettssak hvor kommunen tapte og ble dømt til å betale erstatning og gjeninnsette de to ansatte.

Rådmannen og kommunens ledelse ble kritisert for sin håndtering av saken, og det ble reist mistillitsforslag mot rådmannen, som til slutt trakk seg etter en avtale om kompensasjon. Konflikten avslørte også feil i kommunens regnskap og manglende respekt for ansattes ytringsfrihet.

Saken fikk bred mediedekning og førte til politiske splittelser, med demonstrasjoner og sterke reaksjoner fra fagforeninger. Til slutt ble det klart at kommunens ledelse hadde mislykkes i å håndtere konflikten, og saken ble en viktig lærepenge for NN kommune om viktigheten av åpenhet, korrekt informasjon og respekt for ansattes rettigheter». 

Er KI kunst?

N E I ! Eit uslåelig svar på dette kom i dag frå avisteiknaren Ann Telnaes, mest kjend for at ho valde å slutte som fast teiknar i The Washington Post etter at teikninga hennar av tech-milliardærane og Trump blei stoppa av redaksjonen. På teikninga ligg blant anna WP-eigar Bezos og Disneys Mikke Mus, på kne for presidenten (eg limer inn teikninga, ho er «Fair use» i Trumpistan).

PS: Jau, det var ho som heilt nyleg var i Bergen og delte ut prisen for Årets avistegning i Noreg. Og jau, ho har norsk far og var norsk statsborgar til ho var 13. Kan ho stamme frå Telnes i Øygarden? Nokon som veit?)

What’s Next?!

No melder universitetsbibliotekar Eva Sauvage ved Universitetet i Sørøst-Norge på Khrono.no at: «Først fikk vi beskjed om at budsjettet til ERIC skulle halveres som følge av DOGE-kutt i USA. I dag tidlig fikk vi imidlertid beskjed via amerikanske nyhetskilder om at databasen kanskje fjernes helt, eller i det minste stenges for nytt innhold neste uke».

Basen ERIC gjekk på lufta elektronisk i 1981. Omtrent like lenge har han vore i dagleg bruk ved norske UH-ar. Sjå til dømes i boka Spesialpedagogikk : hjelpemidler i litteratursøkningen frå 1982.

Falske litteraturlister: Tromsø 2025 – Belgia 1840

Forfattarane av rapporten «Ny barnehage- og skolestruktur» for Tromsø kommune gjekk nyleg i den elementære KI-fella og leverte ei litteraturliste med titlar som aldri har eksistert, jf blant anna nrk.no og bloggen til Mona Astrid Fonnes. Som prøver å gjere noko med det.

KI-verktøy fanst ikkje i 1840, men i Binche i Belgia var det ein slags parallell; ein bokauksjon av 52 sjeldne bøker, men så sjeldne at dei påståtte einaste eksemplara av dei heller aldri hadde eksistert. Til denne såkalla Fortsas-auksjonen baud dei inn bokhandlarar, bibliotekarar og bibliofile frå heile Europa. Problemet var berre at heile auksjonen var ein bløff, sett i scene av antikvaren og spøkefuglen Renier Hubert Ghislain Chalon (1802-1889).

Kathleen McCook, bibliotekskoleprofessor på The University of South Florida, skreiv i går om dette på bloggen sin. Ho skriv at Chalon «skal ha observert kaoset på avstand, og gledd seg over å sjå dei lærde og aristokratane bli lurte av sin eigen grådigheit etter eksklusive føremål» (mi omsetting).

Illustrasjonen viser rapporten frå Tromsø og katalogen til auksjonen i 1840, som ironisk nok er blitt eit stort samlarobjekt.

Ikkje fleire bokstabelberegningskatalysatorer

Forfattaren Dag Solstad er dessverre ute av soga, 83 år gamal. Han som blant anna takka Nordisk Råd for litteraturprisen deira i 1989 med at «Takket være gratis bibliotek kunne til og med en slyngel som jeg bli opplyst». Det er no 26 år sidan han let pedagogane i fred (Gymnaslærer Pedersen, Elias Rukla, Professor Andersen), ved å gjere ein bibliotekar til hovudperson i romanen T. Singer. Eg gjorde eit intervju med han om dette for Bok og bibliotek nr 7/8 1999:

Solstads bibliotekar

Hver ny roman fra Solstads hånd er en nasjonal litterær begivenhet. Med omtrent tre års mellomrom lar tusenvis av entusiaster seg rive med i de seinhøstlige, rystende eksistensielle og intellektuelt utfordrende leseopplevelsene, før de kryper til køys langt på natt (ingen legger fra seg en Solstadroman halvlest). For så ved frokostbordene å beklage seg over hvor altfor korte disse bøkene hans er!

I årets roman, «T. Singer», som er identisk med hovedpersonens, den mannlige bibliotekarens navn (vi får aldri vite hva T-en står for), innrømmer Dag Solstad å ha brutt med flere tilsynelatende faste linjer som forfatterskapet har fulgt de siste par tiåra. Men når vi møter ham på restaurant Justisen i Oslo sentrum en formiddag tidlig i november må vi aller først få avklart dette med bibliotekarens og bibliotekets plass i romanen.

– Skildringene dine av lærerne og deres yrkesgjerninger var stort sett realistiske, mens bibliotekar T. Singer og hans virke nærmer seg det parodiske. Bildet av Singer, en innadvendt, bortimot schizoid person med hovedinteresse å gjemme seg i magasinene for å børste støv av gamle bøker, likner sjølsagt veldig lite på de fleste bibliotekarers sjølbilde i dag. Hvorfor?

– Det kommer jo av at Singer later som om han er sosialdemokrat. I virkeligheten er han jo ikke sosialdemokrat, han bare later som.

-?

– Ja, da slipper han jo blant annet å diskutere så mye politikk.

– Du har tidligere gitt inntrykk av et noe ambivalent syn på bibliotek. I takketalen til Nordisk råds litteraturpris i 1987 la du på den ene siden stor vekt på bibliotekets, og opplysningsradioens, store betydning for deg som ung, vitebegjærlig tenåring i femtiåra. Samtidig som du sa at du aldri har likt å oppholde deg i bibliotek, og særlig ikke barndommens triste bibliotek i Sandefjord?

– Jo, men jeg har vel skrevet svært så følelsesladet, jeg, om det gammeldagse bibliotek, …

Les mer «Ikkje fleire bokstabelberegningskatalysatorer»

Bramfri bokprat

På denne bloggen, som eigentleg er nedlagd, må eg likevel no og då hive meg frampå. Med vekt på «dei nære ting», som til dømes ei vitjing på det nye biblioteket i Sarpsborg her om dagen, og no om ein serie arrangement på heimlege Moss bibliotek med namnet «Litterær onsdag». Dette er bokprat på ein dryg halvtime mellom to bibliotekarar, Tonje og Rune, klokka 11.30 på onsdagar, så ofte dei har råd (fleirtalet i kommunstyret kutta bibliotekbudsjettet med 2,3 millionar i haust). Og som bonus lagar dei podcasten «Litteraturreisen».

Noko eg liker godt med denne, blant mange liknande arrangement, er at dei to vel bøker å snakke om som dei kan ha «bore på» i årevis. Du treng altså ikkje stresse med å lese titals nye bøker i månaden for å få til noko liknande.

Filmen «Seven» – bibliotek-etisk misvisande

Skjermdump frå saka på nrk.no

På Nrk.no har dei i dag ei langlesing om «ein av verdas beste thrillerar», «Seven», frå 1995. Eg er einig i at filmen er «vedunderleg hesleg», i tillegg til fengslande, spanande og godt laga på fleire vis. Vi får vite at «I år har også ei restaurert utgåve av filmen blitt sett opp på norske kinoar». Men det bibliotek-etisk misvisande er neppe utelate i den nye utgåva.

For dette er sentralt for heile plottet. Eg snakkar om at avsløringa av seriemordaren kjem ved hjelp av tilgang til lånardata ved eit bibliotek. Kven har lånt kva? I ei scene, som faktisk ligg på YouTube, og med tittelen «Library Information», kjøper detektivane kunnskapen om kven som har lånt visse «inkriminerande» bøker av ein FBI-agent med – ulovleg – tilgang til lånardata ved biblioteket (om det blir lovleg under Trump-regimet, vil ikkje overraske).

Her på bloggen har vi tidlegare påvist endå fem døme på bibliotek-uetiske krimforfattartriks, nemleg hos ingen ringare enn, i alfabetisk rekkefølgje, Jørgen Brekke, Hans Olav Lahlum, Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith, i tillegg til at sjølvaste Woodward og Bernstein ikkje legg skjul på at dei brukte denne metoden då dei rulla opp Watergate-skandalen på tidleg 1970-tal.

I «Seven» er det likevel ikkje snakk om brot på teieplikt, ein allmenn, internasjonal bibliotek-etisk regel, men i dei andre romanane er lausmunna, ignorante og/eller korrupte bibliotekarar innblanda. Eller at slike data ikkje blir sletta i biblioteket sitt datasystem når boka er innlevert, og kan bli hacka. Noko som sjølvsagt ikkje skal kunne skje.

Poenget mitt er at slike triks hos velkjende forfattarar kan gi inntrykk av at dette er vanleg, og gje signal om at det kan vere risikabelt å bruke biblioteket.

Del med ein politikar nær deg! 2

Eg brukte denne overskrifta for under ein månad sidan, men bruker henne igjen. For i desse utrygge tidene for offentlege kulturbudsjett, ja, for alle andre budsjett enn forsvarets, må vi løfte fram alt positivt.

Denne gongen handlar det også om Sarpsborg. For no har eg vore der og tatt desse fotoa av det nye biblioteket (om du saknar mengdene av publikum, så var eg der like før stengjetid på ein fredag).

Også Klassekampens Kåre Bulie har vore der, og 4. februar skreiv han om dette biblioteket og «En serie nye bygninger [som] understreker hvor markant landets bibliotekinstitusjon har endret seg etter år­­­­­tusenskiftet». Han nemner her Deichman i Bjørvika og biblioteket på Sand i Nord-Odal.

Bulie skriv blant anna: «Til felles har de … at de hver på sitt vis er utpreget moderne: Disse bygningene befinner seg alle på god avstand fra den reaksjonære «klassisismen» som for tiden har kulturell så vel som politisk vind i seilene».

Det nye biblioteket i Østfoldbyen er ei samansmelting av gamalt og nytt. Og det gamle var ikkje kva som helst. Bulie minner om dette. Sjå her artikkelen på Lokalhistoriewiki (som nokon må revidere no) og innslaget i Filmavisen frå opninga i 1942. Det meste av det vi ser i filmen er bevart.

<< Barneavdelinga er i hovudsak som før, saman med kunstnarlege element som denne veggen av Christian Christiansen «i sandblåst glass med bestemte markeringer av klipt glass».

Om inngangspartiet (sjå nedanfor) skriv Bulie:

«Det første besøkende møter en lørdag formiddag i januar, er en omfangsrik vrimlehall hvor en kaffebar angir tonen og det myldrer av både store og små. Slik er samtidens ideal blitt: Heller enn rekker av bøker og tause studerende er det typisk nok mat, drikke og samtaler som preger inngangspartiet til det nye biblio­teket i Sarpsborg».

Men apropos «studerende»; slike detaljar set vi pris på:

Her er inngangspartiet sett ovanfrå:

Nybygget er i fire høgder, og du kan sanse alle, som her, nedanfrå. Dette er Lin Wang sitt kunstverk «Vannkraft», eit «fossefall av 1124 sylindriske kolber i porselen, montert som perler på snorer fra en sirkelformasjon i taket».

Dette var ein smakebit. Og Sarpsborg ligg berre ein time og tolv minutt med toget frå Oslo S.

Om Trump, demokratiet, kunnskapen, biblioteket …

Her eit døme på LGBT-info som dei ikkje heilt har sletta, men lagt på eit statleg arkiv, men der det er vanskeleg å finne. Klikk og sjå.

Dei rå realitetane under trumpismen har vi heldigvis god tilgang til her i landet, der også hovudstraums media er kritisk. Her på bloggen hadde vi fleire innlegg i den førre Trump-perioden, der vi peika på sensuren og andre sørgjelege tendensar. 

Den nasjonale bibliotekforeninga, ALA, har særleg fokus på høgrepolitikarane og dei evangelisk kristne sine kampanjar mot «upassande» litteratur, særleg I skolebiblioteka. Men samanlikna med for åtte år sidan, «er det eit anna miljø no, og kongressmedlemmar på begge fløyene føler presset frå ein høglytt minoritet av borgarar som ønskjer kontroll over kva som er tilgjengeleg for alle i lokalsamfunna deira».

Denne gongen er Trump betre førebudd og har alt ein flokk lojale funksjonærar, og sikkert kunstig intelligens, som er i full gang med blant anna å slette alt innhald på statlege nettstader som kan tolkast som kritisk til det nye systemet eller representerer avvik frå dette. Noko som vil bli eller alt er råka, er innhald som er positivt til miljø og grønn utvikling, jf ei sak på CNN. Men som sist, i 2016, er det no dugnadar på gang for å lagre kopiar av slikt materiale, særleg på Internet Archive, den private basen som i årevis har lagra nettstader frå heile verda.

Elles ser vi på danske Søndag Aften at viktige museum i USA, som Smithsonian, brått har tilpassa seg dei nye signala frå Det kvite huset. Dei har avslutta det dei hadde av såkalla DEI-program (diversitet, likskap og inkludering). 

PS: Ein sterkt Trump-kritisk kommentator som dei siste dagane er mykje delt, men enno ikkje nok, er journalisten Chris Hedges. Tittelen på dette intervjuet er ganske enkelt Democracy doesn’t exist in the United States.

Kan vi stole på ChatGPT og DeepSeek?

>> 3.feb kl 14.45: Meta sletta dette på FB når eg delte det på to FB-grupper for bibliotekarar. Med grunngivinga: «Innlegget bruker kanskje villedende lenker eller innhold for å lure andre til å besøke eller bli på et nettsted». Interessant. Kan vi stole på Facebook og Meta?

Kva er den fjernaste kjelda til Mossevassdraget? Også for såkalla kunstig intelligente program burde dette vore svært enkelt å svare på. Eit DuckDuckGo-søk eller liknande gir lenker til fleire leksika med rette svar. Til dømes svarer Lokalhistoriewiki presist:  «Rundvann (242 moh.) og Smalvann (247 moh.) i Østmarka». Altså i Oslo (i tillegg er resultatet av ein omfattande ekspedisjon til kjelda nyleg publisert på nettet).

Men kva er svaret frå ChatGPT?

«Den fjernaste kjelda til Mossevassdraget er Øyeren, nærare bestemt bekkar og småelvar frå dei nordlege områda av vassdraget. Mossevassdraget startar i Øyeren, der Glomma slepper ut vatn. Men om vi ser etter den aller fjernaste kjelda, må vi følge Glomma heilt opp til Aursunden i Røros, sidan dette er den opphavlege kjelda til vatnet som til slutt renn ut gjennom Mossevassdraget og vidare til Oslofjorden ved Moss. Om du meiner den fjernaste kjelda innanfor sjølve Mossevassdraget (utan Glomma), er det truleg småbekkar i høgareliggande område rundt innsjøane som Hobølelva drenerer, som t.d. områda ved Lyseren eller Mjær i Viken».

Heilt på slutten nærmar dei seg, men elles er dette slikt som alle grunnskoleungar aust for Langfjella ville avvist på det sterkaste.

Og kva svarer DeepSeek?

Les mer «Kan vi stole på ChatGPT og DeepSeek?»

Del med ein politikar nær deg!

Om du ikkje alt har gjort det. Eg snakkar om Nrk.no som nyleg har fanga opp ny statistikk og nye trendar som gjeld lesing og bibliotek.

Og som har vore på nye Sarpsborg bibliotek og fått vite korleis verda ser ut derfrå:

«– Det virker generelt som det har blitt mer «trendy» å lese enn det var før, sier bibliotekar ved Sarpsborg bibliotek, Merete Næss.

Næss har en helt egen teori på hvorfor lesing plutselig har fått et byks i popularitet:

– Menn som leser en bok på bussen, er jo mye kjekkere enn menn som nistirrer på en mobil. Dessuten kan du skrive at du liker litteratur på Tinder, så virker du litt intellektuell».

Jæ bara lurær

Vi ser i rapporten Kommunal organisering 2024 at 1,4 prosent av folkebiblioteka blir drivne som kommunale føretak. Med andre ord (eller tal) gjeld dette i 5 av dei 357 kommunane i landet (kva for nokre går ikkje fram).

Kan dette vere i harmoni med biblioteklova?

I Storenorske kan vi lese at «Kommunale foretak opprettes for å ivareta oppgaver med et forretningsmessig preg» (mi utheving). Og vidare at dei «har en mer fristilt status enn enheter som inngår i kommunens egen organisasjon». Og: «foretakets styre har myndighet til å treffe vedtak i alle saker som gjelder foretakets virksomhet».

Kva med eit SKILTSTUNT i 2025?

Dette skiltet stod i fleire år ved fylkesveg 119 og peika til det litt bortgøymte Rygge bibliotek, før innflyttinga i nye lokale i ungdomsskolen for ni år sidan. I dag kan ingen unngå å sjå biblioteket (opphavet til skiltet var mangeårig biblioteksjef og humørspreiar Svein Bendik Hansen (1949-2011)).

Kva om fleire bibliotek følgjer opp stuntet? For å vise at det faktisk ER eit bibliotek nær deg!

Men for mange er det verkeleg langt til det nærmaste biblioteket. For avstandane har sjølvsagt auka når vi veit at i 2023 var det 633 folkebibliotek i Noreg, mot 1263* i 1974. Altså ei halvering på femti år..

Så hadde ikkje brukarane protestert så kraftig mot nedlegging av Rygge bibliotek no i haust, kunne folk i småbyen Larkollen (1540 innbyggjarar) sett opp eit spydig skilt om 13908 meter til nærmaste bibliotek, i Moss sentrum.

Men det finst sjølvsagt endå lengre avstandar frå tettstader til nærmaste bibliotek. Bruk gjerne kommentarfeltet for å dokumentere slike døme.

PS: Og kva med slike skilt på litt overraskande plassar? Ved fotballstadion? Felleskjøpet? Badestranda? Og med QR-kodar som lenkar til Google-kartet og viser vegen. Og opningstidene.

  • Statens bibliotektilsyn: Årsberetning 1975.

Om det raude biblioteket – i Vårt Land

På bloggen har eg fleire gongar skrive om «Det raude biblioteket» på Rjukan. Men i dag finn vi ein omfattande reportasje om dette i kristenavisa Vårt Land. Dette folkebiblioteket i Tinn kommune blei reist i 1914, som eit ikkje berre stort og godt bibliotek på den tida, men med ei uvanleg omfattande venstreradikal mediesamling. Henrik Hjartøy blei biblioteksjef i 1917 og var opphavet til samlinga (seinare blei han kjend som sjef på Deichman).

«Målet til Hjartøy var å samle all venstresidelitteratur. Og han fikk tak i mye. Dette sies å være den tredje største samlingen i Europa med den type litteratur, sier Espeland, og legger til med et smil:

Du får ikke kommunestyret med på et slikt prosjekt i dag»

Jamfør kva som skjer i sørstatane i USA og i Sverige.

Vårt Land har også sett på kva som skjedde med dette og andre bibliotek under okkupasjonen. Blant anna kan vi lese at «Fra Kriminalpolitiets Oslo-avdeling ligger blant annet en fyldig rapport fra oktober 1942, som viser at de har hatt 41 kriminalbetjenter i sving med å beslaglegge litteratur hos ulike aktører». Og vi får innblikk i korleis dei blant anna på Rjukan gøymde unna «tvilsame» bøker også som langtidslån.

Men: «– Det er ingen historikere som virkelig har gått inn i dette. Og det er noe vi har tenkt endel på, at vi burde hatt mer kunnskap, og sett om samlingen faktisk er så spesiell som vi tror den er».

Lat oss banne litt i KIrka

Ekstrem skepsis. Dagens Næringsliv, 20. august 1996

Eg har lite kontakt med folk som eventuelt er «heilfrelste» på AI/KI/kunstig intelligens, så eg veit ikkje kva som skal til for å banne i kirka deira, men i går las eg vitskapsjournalist Bjørn Vassnes i Klassekampen si årsoppsummering om KI. Han er skeptisk til fenomenet frå fleire innfallsvinklar.

Han refererer blant anna til ein IT- og media-skeptikar heilt tilbake til 1980- og -90-talet, svenske Lasse Svanberg. Vassnes skriv: «… KI kan … bety at de mekanismene evolusjonen gjennom årtusener har utviklet for læring, kan bli forstyrret. Dette startet allerede med skjermenes inntog på barnerommene og i skolene, men med KI vil dette akselereres. Grunnen er at der snarveier kan tas, vil de bli tatt, som svenske Lasse Svanberg forutså i 1983 i boken «Bekvämlighetens triumf». Vi ser det allerede i dag: Når skoleelever og studenter får oppgaver, gidder de ofte ikke først tenke gjennom dem, men ber med en gang en KI om et forslag» (mi utheving).

Eg intervjua Svanberg for Bok og bibliotek i 1996, på eit tidspunkt då berre ti prosent av folket (det norske) hadde prøvd seg på Internett. Har du nokre ledige minutt til å lese intervjuet vil du faktisk kjenne deg igjen på mange punkt, og flire på ein del andre (eg fekk forresten kjeft frå kollegaer i 1996 for å ha bidratt slik til både skepsis og pessimisme).

PS: Så er det tida for litt banning på juletradisjonane sitt område. Høyr denne versjonen av verdas verste/beste julesang! Med ein artist (R.I.P.) som du aldri ville trudd skulle synge denne.