
I mai i fjor gjekk Norsk Bibliotekforening og Bibliotekarforbundet saman om ein god, detaljert og relativt fleksibel «Smittevernveileder for bibliotek». Men etter dét har vi fått mutasjonar av viruset, der dei tre mest kjende er den «britiske», den «brasilianske» og den «sørafrikanske». Og som vi enno ikkje kjenner på langt nær så godt som det «vanlege» viruset og sjukdomen, men alt tyder på at dei er farlegare på ulike måtar. No er vi rett nok i gang med vaksinering i vår del av verda, men kanskje må nye vaksinar utviklast.
Dette mens presset aukar for å opne biblioteka. Før den nasjonale nedstenginga frå november og utover haldt biblioteka lengre ope enn dei fleste andre kulturtilboda med grunngjevinga at «det er lite som tyder på at bibliotek er en betydelig smittekilde».
Men med dei nye mutasjonane er dette argumentet svekka. Alt i januar ga FHI ut ein rapport der vi kan lese at …
Les mer «Biblioteket og dei nye mutasjonane»












