I samband med tariffoppgjeret har det gått opp for bloggaren at han faktisk er alvorleg lågtlønna. Men å halde kurs skal visst vere innbringande, og det første kurset her i garden blir ganske spesielt. Og med ei eksklusiv målgruppe: Krimforfattarar.
For dei må lære seg elementær biblioteketikk. No fekk vi nemleg endå eit tips om ein krimforfattar som lar detektiven sin få gjennombrot i etterforskinga ved hjelp av lånardata frå eit bibliotek. Om kven som har lånt kva. Noko som berre skal vere muleg etter rettsleg kjenning frå ein domsstol. Og då under sterk tvil. Sjå punkt 10 i Veiledende etiske retningslinjer for bibliotekansatte: «Bibliotekansatte skal sikre at brukerens litteratur- og informasjonsbehov og andre personlige opplysninger behandles konfidensielt».
Om ikkje slike data straks er sletta etter innlevering, som skal vere ein rutine i alle slike datasystem. Sjå Datatilsynet om Lagringsbegrensning.
Tidlegare har vi tatt på fersken blant anna Ian Rankin, Roslund og Hellström og Alexander McCall Smith med slike «løysingar» på krimgåtene sine. Og no fekk vi tips om at også …
Les mer «Kurs for krimforfattarar i bibliotek-etikk!»













